Sikkerheit
Grunna elektronisk utveksling av sensitiv personinformasjon i eBehandlingsprogramma nyttar vi det høgaste sikkerheitsnivået vi har i Norge.
Til deg som logger på
Du skal nytte BankID ved innlogging til behandling. Det er viktig at du ikkje deler BankIDen din med andre, sjølv ikkje familiemedlemmer eller andre du stoler på. BankID er din personlige digitale ID og signatur.
Dette er sikkerheitsnivå 4
Sikkerheitsnivå 4 er meint for sikring av sensitiv informasjon, det høgaste nivå vi har i Norge i dag.
Sikkerheitsnivå 4 er definert av norske myndigheter og vert forvalta av Post- og Teletilsynet. Innlogging til eBehandlingsprogramma med sikkerheitsnivå 4 skjer via BankID og Buypass.
Ta kontakt med banken din for å bestille BankID. Buypasskort kan du bestille saman med din behandlar i eBehandling.
Sjå også brukarstøtte om du har problem med å bruke eBehandling
Ikkje send personopplysingar eller sensitiv informasjon i e-post.