HELSENORGE

Brukarstøtte

I samband med bruk av behandlingsprogramma i eMeistring kan det dukke opp vanskar knytt til tilgang, pålogging og sjølve behandlinga. På denne sida vil vi forsøke å hjelpe deg med dette.

Dersom det er tekniske feil eller problem i samband med behandlinga er det viktig at desse kjem fram til oss. 

For at vi best skal kunne hjelpe deg, må du sende ei best mogeleg beskriving av problemet som har oppstått. Ta også gjerne eit skjermbilde av feilen/problemet. Lim skjermbildet inn i ein epost og send den saman med beskriving av problemet til emeistring@helse-fonna.no.

Sensitiv informasjon (f.eks. informasjon om deg eller personnummer) ikkje skal sendes på epost.

Slik tar du skjermbilde på Mac

  1. Trykk følgjande tastar samstundes: Shift + Control + Command +3
  2. Lim inn i mail ved å trykke Command + V

Slik tar du skjermbilde på PC

  1. Trykk følgjande tast: Print screen / PrtScn / Print scrn
  2. Lim inn i epost ved å trykke Ctrl + V

Brukarrettleiing

Brukarrettleiing for eMeistring (PDF) 

Problem med innlogging

  • Innlogging er ikkje tilgjengeleg før du har fått ein SMS frå eMeistring om at du kan starte opp i behandlinga.
  • Har du fått SMS, men innlogging fungerer likevel ikkje? Ta kontakt.

Vanskar med Chrome nettlesar

Her finn du rettleiing for installasjon av ny Chrome nettlesar (pdf)

Vanskar med Java med Windows 10 og Chrome

Her finn du rettleiing for kva du må gjere om du får problem med Java med Windows 10 og nettlesaren Chrome i samband med Checkware og bruk av BankID (pdf)

Vanskar med Java med Windows 10 og nettleser EDGE

Her finn du rettleiing for kva du må gjere om du får problem med Java med Windows 10 og nettlesaren EDGE i samband med Checkware og bruk av BankID (pdf)

Tekniske vanskar under sjølve behandlinga

Dersom du opplev tekniske vanskar under sjølve behandlinga, må dette beskrivast best mogeleg og tas opp med din behandlar i ein melding inne i programmet.

Har du Mac?

Rettle iing som hjelper deg i gang med Java (pdf)

Fann du det du leita etter?