Vi gir behandling til vaksne i regionen som har behov for psykosebehandling og sikkerhetspsykiatri. For kommunane i Sunnhordland og Hardanger gir vi tilbod innan akuttpsykiatri. Valen sjukehus består av seksjon for spesialisert behandling og har fire sengepostar. Tenestetilbodet omfattar også poliklinikken ambulant sikkerhetsteam.
Lærings-og meistringssenteret for psykiatri ligg ved Valen sjukehus. Dei samarbeider med brukarar og deira organisasjonar om kurs og opplæring som skal gjere folk i stand til å leve med og meistre sjukdomen sin.
For informasjon om lokalbusstilbod og hurtigbåttilbod i Valen og Kvinnherad, sjå www.skyss.no.
Det er ikkje apotekutsal ved sjukehuset. Næraste apotek ligg på Husnes. SPAR Valen har utsal av enkelte reseptfrie legemiddel.
Næraste daglegvare er 0,7 km frå sjukehuset: SPAR Valen, Eplehagen 3, 5451 Valen.
Kantina er open 11.30-12.30. Måltid blir serverte på postane.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede.
Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.
Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.
Parkeringsplassen har 2 ladestasjonar
Sjukehusområdet er røykfritt.
Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.
Slik gjer du:1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk
Bruk av trådlaust nett er gratis. Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og hotell. God surfing.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.