Stord DPS og BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk) held til i lokale som ligg like ved Stord sjukehus. Vi ønskjer å gi deg sjansen til å leva eit best mogleg liv, med deltaking, sjølvstende og evne til å meistre kvardagen. Saman med deg lagar vi ei individuell tilpassa behandlingsplan for å oppnå det.
Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no. OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.
Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.
Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.
Publikumskantine finn du i underetasjen. Opningstider: Måndag-fredag kl. 11.00-14.00.Stengt i helger og heilagdagar.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede.
Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.
Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.
Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. For fødande er det mogleg å bli køyrt til fødeavdelinga sin inngang bak sjukehuset.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Sjukehusområdet er røykfritt.
Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.
Slik gjer du:1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk
Bruk av trådlaust nett er gratis. Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og hotell. God surfing.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.