Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et rom med seng og skrivebord

Haugesund

Sjukehotell

Sjukehotellet er eit tilbod for ikkje-innlagde pasientar med lang reiseveg, og pårørande til pasientar som er innlagde på intensivavdelinga. Ordninga startar opp 12. mars 2025.

Også pårørande til barn, pasientar med polikliniske seriebehandlingar, og pasientar med trafikale utfordringar kan bu på sjukehotellet

Sjukehotellet er lokalisert på Revmatismesykehuset (Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus), som ligg vis-a-vis Haugesund sjukehus. 

Vi har fem overnattingsrom i 2. etasje. To  av desse er dobbeltrom. Sjukehotellet er ikkje bemanna. Gjester ved sjukehotellet må vere i stand til å greie seg sjølv.

Sjukehotellet er primært tiltenkt pasientar som ikkje er innlagde, pårørande og innleiepersonell/vikarar.

Pasientar/pårørandetar direkte kontakt med avdelinga der pasienten får behandling, eller bestillar per e-post: forvaltning@helse-fonna.no.

Hugs å oppgi:

  • Namn på hotellgjest(ar)
  • Telefon
  • Dato frå/til
  • Enkelt- eller dobbeltrom
  • behov for sprinkelseng

Obs: Du må få dokumentasjon på tildelt hotellrom som må tas med ved innsjekk.

 

Overnatting på sjukehotellet kostar kr. 850,- per natt for enkeltrom og 1050,- per natt for dobbeltrom. Frukost er inkludert i prisen.

Du sjekkar inn i hovudresepsjonen på Haugesund sjukehus. Den finn du rett ved hovudinngangen i 1. etasje. Du sjekkar ut same stad. 

Du kan sjekke inn mellom kl. 15.00 og 23.00, når du har bestilt på førehand. Vi har ikkje dropp-inn bestilling. Utsjekk er innan kl. 10.00 utreisedag.

Du betaler for opphaldet med VIPPS ved innsjekk. Du finn QR kode i hovudresepsjonen. Betaling kontant eller via faktura kan avtalast.

Dei som overnattar på sjukehotellet kan ete frukost i kantina i 6. etasje (frå kl. 09.30), eller i pasientkantinane i 3. etasje  (kl. 08.00 – 09.30).

Frukost er inkludert i prisen for overnatting. Vis inngangskortet ditt i kassen. 

Du får eit inngangskort når du sjekkar inn ved hovudresepsjonen på Haugesund sjukehus. Du må levere kortet tilbake ved utsjekk, same stad.

Du kan parkere mot avgift i parkeringshuset ved Haugesund sjukehus, eller i Haugesund sentrum.

Sjå Parkering - Helse Fonna HF

Ring sentralbordet til Haugesund sjukehus på telefon 52 73 20 00, eller ta kontakt med resepsjonen i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Du finn resepsjonen rett ved hovudinngangen.

Dette gjeld også ved feil på kort, viss du låser deg ute, eller liknande. Sentralbordet/resepsjonen vil sette deg i kontakt med personar som kan hjelpe deg.

Kontakt

Døgnopent sentralbord

52 73 20 00
En stor hvit bygning
Sjukehotellet vårt er på HSR. Du sjekker inn i resepsjonen 1. etasje Haugesund sjukehus.

Slik finn du fram

Adresse

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
5528 Haugesund
Hovudinngang ligg i Breidablikkgata. Innsjekk og utsjekk: hovudresepsjonen i 1. etasje.

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.