Foto av Haugesund sjukehus

Haugesund sjukehus

Kontakt

Oppmøtestad

Hovudinngang ligg i Breidablikkgata.

Pasientar som skal til Øyre-Nase-Hals i første etasje kan bruke inngang mot Karmsundgata, på austsida av sjukehuset. Denne inngangen kan også nyttast av pasientar og besøkande til Fertilitetssenteret, Habiliteringsseksjonen og Lærings- og mestringssenteret, men vi gjer merksam på at det ikkje er heis ved denne inngangen. Besøkande som har behov for heis bør bruke hovudinngang.

Besøksadresse
(Google maps)
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Besøkstider
måndag - sundag 17.00-18.30
Telefon
52732000

Transport Haugesund sjukehus

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 8.00-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i sjette etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande. Opningstider:

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i fjerde og femte etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering Haugesund sjukehus

​Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må ha billett frå parkeringsautomat eller parkeringsløyve synleg i frontruta.

Reserverte plassar for HC-parkering like utanfor hovudinngangen.

Det er reserverte plassar blodgivarar, dialyse, behandlingshjelpemidler og enkelte øyeblikkeleg hjelp-plassar. Ta kontakt med aktuell avdeling for meir informasjon om dette.

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Alderspsykiatrisk poliklinikk og døgnposthttps://helse-fonna.no/avdelinger/klinikk-for-psykisk-helsevern/alderspsykiatriAlderspsykiatrisk poliklinikk og døgnpost
Barnhttps://helse-fonna.no/avdelinger/barnBarn
Behandlingshjelpemidlerhttps://helse-fonna.no/avdelinger/behandlingshjelpemidlerBehandlingshjelpemidler
Blodbanken Haugesundhttps://helse-fonna.no/avdelinger/blodbanken-haugesundBlodbanken Haugesund
Dialyse Haugesundhttps://helse-fonna.no/avdelinger/dialyse-haugesundDialyse Haugesund
Familieambulatoriethttps://helse-fonna.no/avdelinger/familieambulatorietFamilieambulatoriet
Fertilitetssenterethttps://helse-fonna.no/avdelinger/fertilitetssenteretFertilitetssenteret
Føde og barsel Haugesundhttps://helse-fonna.no/avdelinger/fode-og-barsel-haugesundFøde og barsel Haugesund
Gastro/nefro sengeposthttps://helse-fonna.no/avdelinger/gastronefro-sengepostGastro/nefro sengepost
Geriatrisk seksjonhttps://helse-fonna.no/avdelinger/geriatrisk-seksjonGeriatrisk seksjon
Gynekologisk seksjon, Haugesundhttps://helse-fonna.no/avdelinger/gynekologisk-seksjon-haugesundGynekologisk seksjon, Haugesund
Habiliteringhttps://helse-fonna.no/avdelinger/habiliteringHabilitering
Hemato/endo/infeksjonhttps://helse-fonna.no/avdelinger/hematoendoinfeksjonHemato/endo/infeksjon
Kardiologisk og medisinsk intermediær overvåkinghttps://helse-fonna.no/avdelinger/kardiologisk-og-medisinsk-intermedier-overvakingKardiologisk og medisinsk intermediær overvåking
Kardiologisk poliklinikkhttps://helse-fonna.no/avdelinger/kardiologisk-poliklinikkKardiologisk poliklinikk
Kirurgi Haugesundhttps://helse-fonna.no/avdelinger/kirurgi-haugesundKirurgi Haugesund
Laboratorium for immunologi og transfusjonsmedisinhttps://helse-fonna.no/avdelinger/laboratoriemedisin/laboratorium-for-immunologi-og-transfusjonsmedisinLaboratorium for immunologi og transfusjonsmedisin
Laboratorium for medisinsk biokjemi https://helse-fonna.no/avdelinger/laboratoriemedisin/laboratorium-for-medisinsk-biokjemiLaboratorium for medisinsk biokjemi
Laboratorium for medisinsk mikrobiologihttps://helse-fonna.no/avdelinger/laboratoriemedisin/laboratorium-for-medisinsk-mikrobiologiLaboratorium for medisinsk mikrobiologi
Laboratorium patologihttps://helse-fonna.no/avdelinger/laboratoriemedisin/laboratorium-patologiLaboratorium patologi
Lungemedisinhttps://helse-fonna.no/avdelinger/lungemedisinLungemedisin
Lærings- og meistringssenterethttps://helse-fonna.no/avdelinger/lerings-og-meistringssenteretLærings- og meistringssenteret
Medisinsk gastroenterologisk og nefrologisk seksjonhttps://helse-fonna.no/avdelinger/medisinsk-gastroenterologisk-og-nefrologisk-seksjonMedisinsk gastroenterologisk og nefrologisk seksjon
Nevrologisk seksjonhttps://helse-fonna.no/avdelinger/nevrologisk-seksjonNevrologisk seksjon
Nevropsykologihttps://helse-fonna.no/avdelinger/nevropsykologiNevropsykologi
Nyføddintensivhttps://helse-fonna.no/avdelinger/nyfoddintensivNyføddintensiv
Nyrepoliklinikkhttps://helse-fonna.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/nyrepoliklinikkNyrepoliklinikk
Ortopedisk seksjonhttps://helse-fonna.no/avdelinger/ortopedisk-seksjon-haugesundOrtopedisk seksjon
Overvektspoliklinikkenhttps://helse-fonna.no/avdelinger/overvektspoliklinikkOvervektspoliklinikken
Radiologi Haugesundhttps://helse-fonna.no/avdelinger/radiologi-haugesundRadiologi Haugesund
ROP-postenhttps://helse-fonna.no/avdelinger/rop-postenROP-posten
Urologihttps://helse-fonna.no/avdelinger/urologiUrologi
Øre-nese-halshttps://helse-fonna.no/avdelinger/ore-nese-halsØre-nese-hals
Øyehttps://helse-fonna.no/avdelinger/oyeØye

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.