Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Folgefonn DPS

Folgefonn DPS er eit tilbod for vaksne. Vi held til både i Odda og på Valen, og vi har tilbod innan poliklinikk og døgnavdeling. Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering av menneske med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem.

Kontakt

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Adresse

Sjukehusvegen 8, 5750 Odda
Sjukehusvegen 15, 5451 Valen
Poliklinikk og døgnavdeling på Valen: Sjukehusvegen 15, 5451 Valen Poliklinikken i Odda: Sjukehusvegen 8, 5750 Odda Resepsjon Odda, måndag - fredag, 7.30-15.00: 53 65 10 50. Forløpskoordinator 904 76 816. Resepsjon Valen, måndag - fredag, 7.30-15.00: 53 46 65 90. Forløpskoordinator 902 62 788

Praktisk informasjon

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.

Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.


Parkeringsplassen har 2 ladestasjonar.


Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.