Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
  • En stor hvit bygning
    Sjukehotell

    Sjukehotellet er eit tilbod for ikkje-innlagde pasientar med lang reiseveg, og pårørande til pasientar som er innlagde på intensivavdelinga. Ordninga startar opp 12. mars 2025.

  • En høy vinkel av en bygning
    Haugesund sjukehus

    Haugesund sjukehus er definert som eit stort akuttsjukehus for 120 000 innbyggjarar. For fleire spesialitetar og behandlingar dekker Haugesund sjukehus heile Helse Fonna sitt opptaksområde i Nord-Rogaland, Sunnhordland, Hardanger og Ryfylke med til saman 180 000 innbyggjarar. Sjukehuset har tilbod innan både medisin og kirurgi, radiologi/røntgen, fødsel/barsel, gynekologi og fertilitet, habilitering og spesialisert behandling innan psykisk helsevern. Haugesund sjukehus samarbeidar med dei andre sjukehusa i Helse Fonna og med universitetssjukehusa i Stavanger og Bergen.

  • En bygning med trær og biler foran seg
    Stord sjukehus

    Stord sjukehus er lokal- og akuttsjukehus for kommunane i Sunnhordland, med tilsaman rundt 50 000 innbyggjarar. Sjukehuset har spesialisthelsetilbod innan medisin, kirurgi, røntgen/lab og føde/gynekologi. Stord distriktspsykiatriske senter (DPS) ligg like ved og har spesialisthelsetilbod innan psykisk helsevern til vaksne og barn/ungdom. Stord ambulansestasjon har lokalar på same område og Sunnhordland interkommunale legevakt er samlokalisert med sjukehuset.