Ungdomsrådet
Ungdomsrådet skal bidra til at barn og unge skal få eit enno betre tilbod i Helse Fonna, anten dei er sjuke sjølv, eller har sjukdom i nær familie.
Ungdomsrådet i Helse Fonna blei etablert i april 2017 og har medlemmar i alderen 12 til 25 år frå regionen vår. Vi har erfaring som ung pasient eller pårørande, både innan somatikk og psykisk helsevern. Vi brukar våre erfaringar når vi gir innspel til kva som er viktig for ungdom i møte med helsetenesta.
Leiar for ungdrområdet i Helse Fonna er Elisabeth Kvinnsland, nestleiar er Siv Emberland.
Maŋemus ođastuvvon 2024-12-20