Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Behandling

Habilitering - Autismespekterforstyrrelse hos førskolebarn

Early Intensive Behavioral Intervention (EIBI) er ei behandlingsform for barn med autismespekterforstyrring (ASF) der vi arbeider med utvikling av språk, evne til læring, kvardagsferdigheiter, leik og samspel med andre barn og vaksne. EIBI har god effekt for ei stor gruppe av førskulebarn (eitt til seks år) med autismespekterforstyrring.

Tilvising og vurdering

Behandlingsprogrammet må vere anbefalt for barnet av spesialist på fagområdet. Det må også vere etablert eit samarbeid mellom føresette, habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) eller anna avdeling i spesialisthelsetenesta og kommunale samarbeidspartnarar, for eksempel PPT og barnehage. 

SJEKKLISTE VED TILVISING – HABILITERING FOR BARN OG UNGE 
Formålet med ei sjekkliste er å bidra til at tilvisingane har rett og tilstrekkeleg informasjon, slik at tenestene kan gjere ei rettigheitsvurdering på bakgrunn av «Prioriteringsveileder – Habilitering av barn og unge i spesialisthelsetjenesten». Sjekklista nemner forhold som er særleg viktige for effektivt å planlegge utgreiing og vidare oppfølging. 
 
Det er forventa at det blir gjort ei tverrfagleg vurdering i kommunen før tilvising, og at informasjon om denne utgreiinga følger tilvisinga. 
  • Pasientens namn, fødselsnummer, adresse og eventuelt telefonnummer. 
  • Eventuelt behov for tolk: kva språk/dialekt? 
  • Namn, telefonnummer og korrekt adresse til føresette. Oppføring av kven som har foreldreansvar. 
  • Søsken, halvsøsken og andre i familiens omsorg. Angi namn, kjønn og alder. 
  • Diagnose(ar) på tilvisingstidspunktet. 
  • Aktuelle problemstillingar. 
  • Aktuelle funn og resultat frå medisinske undersøkingar. 
  • Legemiddel som er i bruk. 
  • Sentrale instansar (helsestasjon/skulehelseteneste, fysio-/ergoterapiteneste, barnehage, skule, avlasting, PPT, BUP, barneverntenesta), med namn på kontaktperson og telefonnummer. 
  • Legg ved aktuelle rapportar frå dei aktuelle instansane. 
  • Er det oppretta kommunal koordinator? I så fall oppgi namn og tlf.nr. 
  • Er det oppretta ansvarsgruppe? 
  • Er det utarbeidd individuell plan? I så fall oppgi namn og tlf.nr. til koordinator. 
  • Er det aktuelt med arbeid knytt til Helse- og omsorgstjenesteloven kapittel 9 om rettssikkerheit ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personar med utviklingshemming? Er i så fall overordna fagleg ansvarleg kjent med at det er sendt tilvising? 
  • Dersom pasienten blir tilvist av ein annan lege enn fastlege, må ein oppgi fastlegens namn, adresse og telefonnummer. 
  • Namn og kontaktinformasjon til medtilvisar (viss ikkje lege er den som skal stå for løpande kontakt med habiliteringstenesta). 

https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/henvisningsveileder 



Før

Før barnet og føresette får tilbod om oppfølging i form av EIBI, er det vanlegvis slått fast, etter ei diagnostisk utgreiing hos spesialist, at barnet har ein diagnose innanfor autismespekteret. 

Under

Behandlingen forutsetter involvering av foresatte, PPT, barnehage og skole med veiledning av spesialisert personale i HABU eller annen avdeling ved sykehuset. Vi holder tilrettelagte kurs og gir regelmessig oppfølging, veiledning, og evalueringer, i den perioden som blir angitt ved oppstart.

Fagprosedyre

http://www.helsebiblioteket.no/fagprosedyrer/ferdige/autismespekterforstyrrelser-eibi-early-intensive-behavioral-intervention   


 

Etter

Vi evaluerer og utarbeidar ein sluttrapport som beskriv arbeidet som er gjort, og resultata som er oppnådd. Vi anbefaler også kva slags oppfølging barnet bør få vidare. 

Kontakt

Habilitering

Kontakt Habilitering

Oppmøtestad

Vi har laga ein kjapp vegvisar for kvar du finn oss på Berg-senteret.

Helse Fonna

Vi held til i Berg-bygget i Haugesund

Longhammarvegen 36
5536 Haugesund
Vi er i andre etasje.
Kontortider
  • I dag 08:00 - 15:00
  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT