Vi har som mål at du skal ha ei god oppleving av reisa. Viss du har spesielle behov på reisa, er det viktig at behandlaren din spesifiserer dette når reisa blir rekvirert. Reisa skal vere tilrettelagt etter den informasjonen som er lagt inn av behandlaren din, slik at reisa gir minst mogleg unødig belasting for deg.
For å gi deg best mogleg informasjon og føreseielegheit , er vi avhengig av at reisa di blir rekvirert så tidleg som mogleg.
Rekvirert pasientreise for tilrettelagt transport - Helsenorge
Informasjon om den rekvirerte reisa di
Når du har ei rekvirert reise, skal du få nødvendig informasjon om reisa di i god tid før gjennomføring av reisa. Det inneber at
- verkedagen før reisa skal gjennomførast, skal du få ein SMS frå Pasientreiser med berekna hentetidspunkt
- viss hentetidspunktet blir endra med meir enn 15 minuttar, skal du få beskjed av Pasientreiser
Informasjonen blir sendt til det telefonnummeret som er registrert i rekvisisjonen. Som pasient kan du også finne informasjon om reisa di ved å logge deg inn på helsenorge.no.
Viss du har spørsmål om ei rekvirert pasientreise, kan du ta kontakt med Pasientreiser på telefon 05515.
Henting og levering
Vi ønskjer å skape føreseielegheit og tryggheit for deg som skal reise med rekvirert transport. Derfor har vi som mål at du som skal ha ei rekvirert reise, blir henta til den tiden du har fått opplyst.
Viss du skal reise med drosje, kan du bli henta inntil 15 minuttar før eller etter hentetidspunktet du har fått oppgitt.
Du skal komme frem i tide til behandlinga di.
Ventetid ved behandlingsstaden
Kor lenge du må vente ved behandlingsstaden, kan variere ut frå kor du bur, kor langt du skal reise og om du skal reise saman med andre pasientar.
Når du har behov for ei rekvirert reise av helsemessige årsaker, jobbar Pasientreiser for at ventetida skal bli kortast mogleg, men
- du kan rekne med å vente inntil 45 minuttar
- viss reisa di varer over 45 minuttar, bør ikkje ventetida overstige reisetida di
- viss reisa di varer over to timar, bør ikkje ventetida overstige tre timar
Viss du skal reise med transport som går til faste avgangstider, for eksempel Helseekspress, sjukehusbuss eller fly, kan ventetida vere lengre, fordi det i mindre grad er mogleg for Pasientreiser å tilpasse avreisetidspunktet.
Ventetida kan også vere lengre viss du har ei reise som er rekvirert på trafikalt grunnlag.
Du kan sjå ei oversikt over servicemål og opplevd service for rekvirerte reiser her (ekstern lenke)