Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Helseekspressen

Helse Fonna har eigen Helseekspress, ein ekspressbuss som er i trafikk måndag til fredag på strekninga frå Haugesund sjukehus til Bergen, og med retur same dag.

Helsepersonellet om bord vil gi deg profesjonell bistand, om du skulle trenge det på turen, og dyktige sjåførar og spesialtilpassa buss sikrar deg ein behageleg transport.

Oppmøtetid i Haugesund 07:10

Avgang​​​stider:

​Haugesund Sjukehus 07:20
Aksdal terminal 07:40
Haukås terminal 08:00
Føyno 08:25
Leirvik bussterminal 08:37
Stord Sjukehus 08:50
Sandvikvåg 09:30
Halhjem 10:15
 
Ankomst, Haukeland 10.50
 

Avga​ng, Haukeland 14:25

​Halhjem 15:00*
Sandvikvåg 15:45
Stord sjukehuset 16:10
Leirvik bussterminal 16:30**
Føyno 16:45
Haukås 17:05
Aksdal 17:20
 
Ankomst Haugesund 17:45
 
*Ankomsttidene på returen kan variere noe. Bussen tar ferje kl. 15.00, ved forsinkelser blir det ferje kl. 15.20. 
**Hurtigbåt til Sunde båt-kai 17:05​
 
​​Det er mogleg å sitte i bussen under fergeturen.

Du kan kontakte oss på:

Telefon 05515

Våre telefontider er måndag-fredag kl. 07.30-16.00.  

E-post pasientreiser@helse-fonna.no  

NB! Ikkje send sensitive opplysningar som f.eks. innkallingsbrev, pr e-post. Benytt deg då av e-Dialog.

Benytt eDialog for sikker sending av e-post via ID-porten

Les korleis du går fram ved bruk av e-Dialog for sikker sending av e-post til Helse Fonna 

Postadresse

Helse Fonna HF
Pasientreiser
Postboks 2170
5504 Haugesund



 

  • Tre båreplassar
  • 20 sitteplassar i fremre del av bussen og ein «luksusstol»
  • Heis
  • Handikaptoalett
  • Regulerbare seter
  • Medisinsk utstyr/medikament om bord
  • Hjertestartar
  • Utstyr for medisinsk overvaking 
  • Plass til rullestol
  • Kald og varm drikke
  • Trådlaust internett
  • Bussen har spesiallaga støytdemparar som gjer at ingen dumpar i vegen blir ubehagelege for pasientane

Når du skal til behandling eller undersøking ved helseinstitusjonar og spesialistar som har avtale med Helse Vest RHF.

Tilbodet gjeld befolkninga i Helse Fonna sitt sjukehusområde. Bussen går ei fast ekspressrute, og ein blir brakt til busstoppa med drosje eller personbil.

Med rekvisisjon

Har du behov for tilrettelagt transport, ta kontakt med din behandlar for rekvirering.

Utan rekvisisjon

Har du ikkje har rekvisisjon bestiller du turen hos Pasientreiser, på telefon 05515. Innkallingsbrevet visast i bussen.

Det kan leggast inn seriebehandling for fleire reiser samtidig.

Alle bestillinger til Haukeland skal bestilles seinast verkedagen før, innan kl. 13.00.

Ved stor pågang kan bestilling stoppes litt tidligare for pasienter utan rekvisisjon. Skal du tur og retur same dag får du plass på Helseekspressen begge veier. Dette gjelder også deg som ikkje har rekvisisjon. 

Returpasienter fra Haukeland utan rekvisisjon kan henvende seg i ventearealet ved Haukeland Sjukehus eller ringe 05515 for bestilling av transport med Helseekspressen.

Pasienten kan sette seg på venteliste og får bli med Helseekspressen dersom det er ledig plass fra ca. kl. 13:30. 

Om du blir innlagt eller ikkje er klar til returreise i tide 

Blir du innlagt eller kjem for seint til avgangen frå Haukeland, gjeld vanlege reglar for rekvirering av transport. 

Med rekvisisjon: Om du har rekvisisjon og skal reise tur og retur same dag, men ikkje er klar når Helseekspressen kjører, må du gi beskjed til pasientreiser på 05515. Då gjeld vanlege reglar for rekvirering av transport. 

Uten rekvisisjon: Har du ikkje rekvisisjon må du ta Kystbussen heim om du er sein til returavgangen.

Pasienter som har bestilling på tur og retur same dag, men som ikkje blir ferdig når Helseekspressen går, må gje beskjed umiddelbart til pasientreiser på 05515 om dette.

Pasienter utan rekvisisjon må ta Kystbussen i retur.  

Det må vere medisinsk vurdert av behandler at ledsager er nødvendig på sjølve reisa.

Ynskjer pasienter utan rekvisisjon å ha med pårørande må dei ta Kystbussen saman.

Eventuelt kan pasient bli med Helseekspressen, medan pårørande tar Kystbussen og møter pasient på Haukeland. Kystbussen går parallelt med Helseekspressen. 

Alle må betale eigedel. Personar med frikort og barn under 16 år slepp å betale eigendel.

Alle må betale eigendel etter satsane som er satt for det gjeldande året.

Pasientar med frikort, barn under 16 år og ledsager slepp å betale eigendel.

Egenandel og satser for pasientreiser - Helsenorge

I bussen er det komfortable seter, samt tilgang på varm og kald drikke. Det er personale tilgjengeleg på bussen som kan hjelpe til med å bestille drosje vidare frå stoppestaden, eller bestille portør som møter pasient ved ankomst Haukeland.

Om til dømes ein pasient får brystsmerter på bussturen, kan sjukepleiar ta EKG av hjerte og overføre data direkte til hjerteovervakinga, som vurderer tilstanden.  

Det er billigare enn å nytte Kystbussen, og ein slepp å sende reiseoppgjør i etterkant.  

Maŋemus ođastuvvon 2025-01-28