Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
For pasientar
Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Du kan søke om stønad til pasientreisa når du reiser til behandling som blir dekka av det offentlege.
Om du ikkje kan reise med offentleg transport, køyre sjølv eller bli køyrt, anten av helsemessige eller trafikale årsaker, kan du ha rett på rekvisisjon til tilrettelagt transport.
Å reise med rekvisisjon betyr at du får tilrettelagt transport av helseføretaket, og transporten blir organisert av Pasientreiser. Du betaler kun ein eigendel kvar veg, dersom du ikkje har fritaksgrunn eller frikort.
Du kan ha rett på rekvirert transport for heile eller deler av reisa.
Det er behandlaren din som avgjer om du har behov for rekvirert reise av helsemessige årsaker og kan rekvirere reise på dette grunnlaget.
Det er helseføretaket ved Pasientreiser som hjelper deg ved behov for rekvirert reise av trafikale årsaker.
Ta kontakt med oss på telefon 05515 om du har spørsmål om ei tilrettelagt pasientreise.
Helse Fonna gjer avtaler om køyring av pasientreiser i sitt opptaksområde.
Helse Fonna gjeravtalar om køyring av pasienter i sitt opptaksområde. Kva transportør som har avtale om køyring avheng av kvar pasienten skal hentast.
Nokre mindre avtaletransportørar i distriktet har ikkje eit døgnbemanna sentralbord. Ved bestilling utanom pasientreiser si opningstid og spesielt på natt anbefaler vi å ringe transportør etter at bestillinga er sendt i NISSY.
Oversikt over henteområde med tilhøyrande transportøravtaler
Henteområde/reise frå
Bremnes
Finnås
Foldrøyhamn
Mosterhamn
Langevåg
Type transport
Taxi
Rullestolbil
Transportør
Haugaland taxi
Merknadar
Har ikkje leverandør anledning, kan ein kontakte Sunnhordland taxi på telefon 07000.
Henteområde/reise frå
Eidfjord
Vøringsfoss
Øvre Eidfjord
Type transport
Taxi
Rullestolbil
Transportør
Granvin taxi
Henteområde/reise frå
Etne
Skånevik
Markhus
Fjæra
Type transport
Taxi
Rullestolbil
Transportør
Haugaland taxi
Merknadar
Har ikkje leverandør anledning, kan ein kontakte Taraldsøy transport.
Henteområde/reise frå
Fitjar
Type transport
Taxi
Rullestolbil
Transportør
Haugaland taxi
Merknadar
Har ikkje leverandør anledning, kan ein kontakte Sunnhordland taxi på 07000
Henteområde/reise frå
Skudeneshavn
Stol
Sandve
Åkrehamn
Veavågen
Kopervik
Håvik
Kvalavåg
Avaldsnes
Torvastad
Vormedal
Karmsund
Kolnes
Type transport
Taxi
Rullestolbil
Transportør
Karmøy taxi
Merknadar
Har ikkje leverandør anledning, kan ein kontakte Haugaland taxi på 52818181
Henteområde/reise frå
Haugesund
Type transport
Taxi
Rullestolbil
Transportør
BSG Transporting
Merknadar
Har ikkje leverandør anledning, kan ein kontakte Sunnhordland taxi på telefon 07000.
Henteområde/reise frå
Sauda
Saudasjøen
Type transport
Taxi
Rullestolbil
Transportør
Sauda taxi
Merknadar
Vanvik: Har ikkje leverandør anledning, kan ein kontakte Sauda taxi på telefon 52782407.
Henteområde/reise frå
Sand
Suldalsosen
Nesflaten
Jelsa
Hebnes
Erfjord
Vanvik
Type transport
Taxi
Rullestolbil
Transportør
Haugaland taxi
Henteområde/reise frå
Sveio
Transportør
Haugaland taxi
Merknadar
Har ikkje leverandør anledning, kan ein kontakte Sveio taxi på telefon 53741900.
Henteområde/reise frå
Auklandshamn
Førde
Valevåg
Type transport
Taxi Rullestolbil
Transportør
Haugaland taxi
Merknadar
Har ikkje leverandør anledning, kan ein kontakte Sunnhordland taxi på telefon 07000.
Førde:
Har verken Haugaland taxi og Sunnhordland taxi anledning kan ein kontakte Sveio taxi på telefon 53741900.
Henteområde/reise frå
Tysnes
Uggdal
Reksteren
Onarheim
Årbakka
Flatråker
Lundegren
Type transport
Taxi
Rullestolbil
Transportør
Tysnes taxi
Henteområde/reise frå
Aksdal
Bokn
Hervik
Nedstrand
Skjoldastraumen
Tysværvåg
Type transport
Taxi
Rullestolbil
Transportør
Haugaland taxi
Merknadar
Aksdal og Hervik: Har ikkje leverandør anledning kan ein kontakte Dagsland taxi: 52773700
Henteområde/reise frå
Odda
Jondal
Herand
Kinsarvik
Lofthus
Hovland
Skare
Tyssedal
Kysnesstrand
Type transport
Taxi Rullestolbil
Transportør
Odda taxi
Henteområde/reise frå
Nå
Grimo
Utne
Type transport
Taxi
Transportør
Nå taxi
Merknadar
Ved behov for rullestoltransport må Odda taxi kontaktes på telefon 53641444.
Henteområde/reise frå
Røldal
Type transport
Taxi
Transportør
Røldal taxi
Merknadar
Ved behov for rullestoltransport må Odda taxi kontaktes på telefon 53641444.
Har ikkje transportør anledning, kan ein kontakte Odda taxi.
Henteområde/reise frå
Bjoa
Nedre Vats
Øvre Vats
Sandeid
Skjold
Vikedal
Vikebygd
Ølen
Ølensvå
Type transport
Taxi
Rullestolbil
Transportør
Haugland taxi
Merknadar
Bjoa/Sandeid/Vikedal/Ølen/Ølensvåg: Har ikkje leverandør anledning kan ein kontakte Ølensvåg taxi på telefon 99252234.
Du kan få stønad til pasientreisa når du reiser til eller frå behandling som blir dekka av det offentlege.
Som regel får du dekka utgifter med eit fast beløp per kilometer, uavhengig av kva for eit transportmiddel du bruker. Du må betale eigendel for reisa om du ikkje har frikort.
Reisa må vere lenger enn ti kilometer kvar veg, og koste meir enn lokal minstetakst med offentleg transport. For reiser over 300 kilometer får du dekka utgifter tilsvarande billigaste offentlege transport på strekninga, i staden for standardsats per kilometer.
Du må søke om å få dekka utgifter i etterkant av reisa.
Ved å logge deg inn på helsenorge.no, finn du oversikt over, og informasjon om, framtidige rekvirerte pasientreiser. Du kan også endre, bekrefte og avbestille enkelte reiser digitalt.
Dersom du ikkje kan eller ønsker å bruke den digitale tenesta kan du kontakte Pasientreiser på telefon 05515, så vil vi hjelpe deg.
Helse Fonna har eigen Helseekspress, ein ekspressbuss som er i trafikk måndag til fredag på strekninga frå Haugesund sjukehus til Bergen, og med retur same dag.
Viss du må nytta fly på reisa til behandling, må du ringe oss på telefon 05515, så snart du har motteke innkallingsbrevet ditt.
Pasientreiser bestiller flybillettar for deg når dette er nødvendig i samband med reise til eller frå behandling. Har du spørsmål om planlegging og gjennomføring av reise med fly, kontakt oss på telefon 05515.
Dersom du bestiller og betaler ei flyreise på eiga hand, kan du søke om å få reisa dekka etter at reisa er gjennomført. For reiser under 300 kilometer kvar veg vil reisa bli dekka med standard sats per kilometer. For reiser som er på meir enn 300 kilometer kvar veg får du dekka utgifter tilsvarande billigaste offentlege transportmiddel på strekninga.