Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Lærings- og meistringssenteret

Kurs og opplæring for deg som er pasient eller pårørande er vår hovudoppgåve. Kurstilbod finst ved alle avdelingar. Tilbodet hos oss er til deg som har kronisk sjukdom eller har fått nedsett funksjonsevne, og dine pårørande. Kvar skal eg møte? Les innkallinga for å vite kvar ditt kurs skal vere.

Våre lærings- og meistringssentre er ved Haugesund sjukehus og Valen sjukehus. Lærings- og meistringstilboda finn du:

  • Hardanger: Odda sjukehus og Folgefonn DPS
  • Sunnhordaland: Valen sjukehus og Stord sjukehus og Stord DPS og BUP
  • Haugalandet: Haugesund sjukehus og Haugaland/Karmøy DPS og BUP Haugesund

Gruppebasert læring

Pasient- og pårørandeopplæring skal gi ei auka innsikt om eiga situasjon og styrka meistring i kvardagen.

Gruppebasert pasientopplæring er ein god arena der mange opplev at dei får auka kunnskap om eiga helse og meistring. For nokon kan det innebere å ta ei meir aktiv rolle i eige liv og kjenne meir kontroll i kvardagen.

Utveksling av erfaring gir god læring. Ved å dele erfaring lærer deltakerane av kvarandre, ikkje berre av fagpersonell.

For oversikt over alle kursa våre kan du sjå kurskalenderen. Vi legg også ut arrangement på facebook.com/helsefonna.


Sidestilling av erfaringskunnskap og fagkunnskap

LMS-tilboda er forankra i verdiar om brukarmedverknad og sidestilling av brukarerfaring og fagkunnskap. Læringstilbodet blir utvikla i nært samarbeid med dei ulike fagmiljøa i helseføretaket, brukarorganisasjonane og ikkje minst våre erfarne brukarar.

Meir om dette kan du lese på www.mestring.no

Når du har har vore til behandling kan du ofte ha god nytte av lærings- og meistringskurs. Det er ulike tilbod i kommunen du bur i og ved sjukehuset.

Last ned som brosjyre for synshemma (PDF 251 KB)

Last ned på fousam.no, som PDF

Kurs på sjukehusa

I spesialisthelsetenesta blir det arrangert kurs i samarbeid mellom lærings- og meistringssenteret og dei ulike fagavdelingane.

Kursa er diagnosespesifikke. Det vil seia at dei er for pasientar som nyleg har fått ein kronisk sjukdom eller fått nedsett funksjonsevne.

Kursa er for deg som pasient, din familie og/eller ditt nettverk. Dei er basert på fag- og erfaringskunnskap.


Kva kurs blir halde på sjukehuset?

Til kurs på sjukehuset må du som regel ha tilvising av lege. I Helse Fonna har vi blant anna kurstilbod innan hjarte, ulcerøs kolitt, astma, tinnitus og pårørandekurs.

Ei liste over aktuelle kurs finn du på helse-fonna.no/lms

I tillegg finn du ulike kurstilbod ved Revmatismesjukehuset.


Kontakt Lærings- og meistringssenteret

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om kurs.

Kontakt Revmatismesjukehuset

  • Telefon 52 80 50 00 (spør etter rematologisk poliklinikk)
  • E-post: post@hsr.as

Rehab Vest

 

Kurs i kommunen

Kommunehelsetenesta arrangerer diagnoseuavhengige kurs, samt kurs for dei vanlige livsstilssjukdommane.

Nokre kommunar har samla kursa i ein frisklivssentral, medan hos andre blir kursa arrangert i dei ulike tenesteområdene, som psykisk helse, ergo- og fysioterapi, helsestasjon eller barne- og familietenesta.

Kursa i kommunen har som overordna mål å fremja helse og førebygge sjukdom.


Kurstilbodet i kommunen

Til kurs i regi av kommunen er det som regel ikkje nødvendig å bli tilvist av lege. Her kan du ta direkte kontakt sjølv. Sjå nettsida til din kommune eller bruk kontaktinformasjonen på denne sida.

 

  • Snus- og røykesluttkurs
  • Søvngrupper
  • Fysisk aktivitet
  • Korleis leve med psykisk sjukdom
  • Bra mat-kurs
  • Foreldrekurs
  • Ungdomskurs
  • Pårørandekurs
  • Temakveldar

 

Dei ulike kommunane kan også ha andre kurs enn dette.

Kontaktinformasjon kommunane

Bokn

Bømlo

Etne

Fitjar

Haugesund

Karmøy

Kvinnherad

 Sauda

Stord

Suldal

Sveio

Tysnes

Tysvær

Ullensvang kommune

Utsira kommune

Vindafjord

Til deg som skal på kurs eller som er pårørande


Kurs som ikkje krev tilvising frå lege

Kurs som ikkje treng tilvising frå lege gir heller ikkje rett til refusjon av reiseutgifter. Desse kursa er gratis og krev ikkje eigendel. Eksempel på slike kurs kan vere opne temakveldar arrangert av LMS i klinikk psykisk helsevern.


Kostnadar og refusjon av utgifter ved kurs som krev tilvising frå lege

Ved deltaking på legetilviste læringstilbod ved andre helseføretak i Helse Vest har pasientar og pårørande rett til å få dekka delar av kostnader ved reise og opphald.

Sjå pasientreiser for meir informasjon om dette.

Kursutgifter

Prisen på kvart legetilviste læringstilbod er lik eigendelen som ved vanleg poliklinisk konsultasjon. Tilbodet er gratis for born under 16 år eller om du har frikort.

Pårørande som er i følgje med pasient betaler ikkje eigendel.


Matservering

  • I dei somatiske klinikkane: Lunsj kan kjøpast på heildagskursa, eller ein kan ha med seg niste.
  • Klinikk psykisk helsevern: Servering varierer frå dei ulike tilboda. Dette blir spesifisert for kvart arrangement.


Avbestilling av legetilviste kurs

Om du ikkje kjem til kurs du er påmeldt til utan å seie frå innan 24 timar før kursstart, blir du belasta med 690 kroner sjølv om du har frikort.


Reiseutgifter på pasientar

Som deltakar på legetilviste kurs kan du ha rett til dekking av transport, kost og overnatting mot ein eigendel

Her kan du søke om å få dekke reiseutgifter

Dekking av utgifter til overnatting skal avtalast snarast råd etter at du har motteke innkalling til kurs, ring til Pasientreiser, telefon 05515.

Brukarar med særskilde behov for transport kan ha rett på rekvisisjon til pasientreise. Drosje tur-retur må tingast seinast dagen før på telefon 05515. 

Ta vare på alle kvitteringar. Ta kontakt med pasientreiser om du tenkjer at dette kan gjelde deg.


Reiseutgifter for pårørande

Pårørande har dei same rettane som pasientar når det gjeld kost/opphald/reise, dersom det står i tilvisinga frå lege at pårørande skal delta på læringstilbodet. Dersom ein må ha permisjon frå arbeid, kan pårørande eventuelt søke arbeidsgivar om velferdspermisjon.

Foreldre/pårørande til barn som skal delta på læringstilbod, kan ved fråvær frå arbeid søke om opplæringspengar.

Dette har same sats som sjukepengar under føresetnad av at ein har rett til sjukepengar. Ved omsorg for barn med funksjonshemming eller langvarig sjukdom, kan det ytast opplæringspengar sjølv om barnet er over 18 år.


Reisefølgje

Dersom pasienten har erklæring frå lege om behov for følgje på reisa, har reisefølgjet rett til dekking av reise/kost/opphaldsutgifter.

Reisefølgjet kan og få noko godtgjersle for tapt arbeidsinntekt.

Reise og tilkomst til kurs

Kursa blir arrangert ulike stadar i Helse Fonna sitt område. Sjå informasjon om dei ulike kursa kvar ditt kurs er.

Parkering

Det kan vere vanskeleg å finne parkeringsplass ved våre sjukehus. Om du skal på pasient- og pårørandekurs, tilrår vi derfor å bruka offentleg transport eller få skyss om du har moglegheit til det.

Du bør rekna ekstra god tid om du køyrer eigen bil.

Buss og båt

Vi samarbeider med pasientar og pårørande for å sikre at deira erfaringskunnskap tas med i lærings- og meistringstilboda våre.

Vi ønskjer å skape eit godt samarbeid mellom brukarar og tenesteapparat basert på likeverd mellom fagkompetanse og brukarerfaring. Ein brukarrepresentant blir alltid inkludert i både utvikling av, gjennomføring og evaluering av kursa.

Oppfølging

Vi som arbeider kurstilbodet skal bidra med oppfølging og ivaretaking av brukarrepresentantar og erfaringsformidlarar. Dette gjer vi ved:

  • Startsamtale og oppfølging undervegs
  • Helsepedagogikk-kurs og formidlingskurs
  • Samlingar for erfaringsformidlerar
  • Årleg samling for brukarorganisasjonane

Vil du bli brukarrepresentant/erfaringsformidlar?

Ved alle pasientkurs engasjerer vi personar som kan fortelje om sine erfaringar om det å leve med sin sjukdom eller si liding. Dei fortel om meistring i kvardagen, og det kan like gjerne vere ein pårørande som er brukarrepresentant som ein pasient.

Rekruttering skjer oftast via brukarorganisasjonane, men om du ikkje er medlem i nokon organisasjon kan du gjerne sende oss ein e-post om du kan tenkje deg å dele dine erfaringar så tar vi ein prat.

Som brukarrepresentant/erfaringsformidlar får du honorar for innlegg du held, samt godtgjersle for transport.

I Helse Fonna HF fins det eit brukarutval for heile føretaket, og tre brukarråd i klinikk for psykisk helsevern. Helse Fonna og FOUSAM har etablert en brukarbank for å ha oversikt over ressurspersonar. Du kan lese meir og eventuelt registrere deg i brukarbanken.

Dersom ein som brukarrepresentant/erfaringsformidlar treng auka kompetanse innan formidling og pasient- og pårørande opplæring, blir det halde både formidlingskurs og kurs i helsepedagogikk jamt.

Helsepersonell og fastlegar som ønskjer å tilvise sine pasientar til LMS-kurs kan gjere dette ved å sende ein tilvising, digitalt eller per post, til oss. Tilvisingen skal sendast til det aktuelle sjukehuset, og merkast spesielt med 'lærings- og meistringskurs/LMS'.

 

Tilvisingen vil bli vurdert av aktuell fagavdeling før pasienten eventuelt får invitasjon til kurs.

Dersom du som helsepersonell ønskjer å gå på kurs for å auke din kompetanse innan pasient- og pårørande opplæring blir det halde både formidlingskurs og kurs i helsepedagogikk jamt.

Sjå også ressursmateriell for kurshaldere

Vår oppgåve er å tilby ulike opplæringstilbod i spesialisthelsetenesta. Vi deltek også i fagnettverk for læring og meistring i Helse Fonna saman med kommunar, høgskulen og brukarrepresentantar. Dette nettverket skal bidra til at pasientar og pårørande får fagleg gode lærings- og meistringstilbod på rett nivå, til rett tid og ut frå geografiske føresetnader.

Du finn oss på ulike stader i regionen vår, og du vil kunne oppleve at kurs og opplæring blir gjennomført noko ulikt - tilpassa lokale forhold, målgruppe, og i ulike format, som dagskurs, temakveldar og så vidare.


LMS i Klinikk psykisk helsevern

I klinikk psykisk helsevern driv vi opplæring på fleire måtar. Kurs, opne temakveldar og pasient- og personalundervisning er nokre av desse tilboda.

Vi kan også gi individuell opplæring og rettleiing.

I grupper og i individuelle samtalar gjer vi generell informasjon om psykiske vanskar og korleis du som pasient kan få hjelp. Livsmeistring for både pasientar og pårørande er sentrale tema hos oss.

Vi legg opp til brukarmedverknad på systemnivå via bistand til brukarråda i klinikken, og vi gjennomfører opplæring og fagdagar for brukarrepresentantar og dei som er tilsett med erfaringskompetanse i klinikken og kommunane.


LMS i dei somatiske klinikkane

I somatikken, altså det som har med kroppsleg sjukdom, blir opplæringstilboda gjennomført som gruppeopplæring. Kursa har ein kursleiar frå fagavdelinga, og ulike føredragshaldarar vil ha innlegg om aktuelle tema.

Erfaringsutveksling, i form av innlegg frå brukarrepresentant/brukarorganisasjon eller erfaringsutveksling i gruppa, er også viktige element.

I våre kurs får du presentert vidare tilboda som finst i regionen for livsmeistring etter endt kurs hos oss.

Alle våre kurs er på dagtid, og du treng tilvising frå lege for å kunne delta.

Anna Henriette Hovland, anna.henriette.hovland@helse-fonna.no

Funksjonsleiar LMS somatikk

Telefon 52 73 28 81


Haugalandet

Haugesund sjukehus

LMS.Haugesund@helse-fonna.no

Telefon 52 73 28 80


Gunn Elise Førre, gunn.elise.forre@helse-fonna.no

Sekretær, somatikk Haugesund


Charlotte Gjerdevik, charlotte.gjerdevik@helse-fonna.no
Konsulent somatikk

 

Hardanger

Odda sjukehus

Baltaduonyte, Inga, inga.baltaduonyte@helse-fonna.no

Kontaktperson LMS Somatikk

Telefon 53 65 12 23


Folgefonn distriktspsykiatriske senter (DPS) og Valen sjukehus

Rygh, Vibeke, lms.psykiatri@helse-fonna.no

Sekretær, psykisk helsevern

Telefon 53 46 64 31

 

Sunnhordland

Stord sjukehus 

Danielsen, Anna Elisabeth, anna.elisabeth.almas.danielsen@helse-fonna.no

Kontaktperson Stord sjukehus

Telefon 53 49 12 84


Stord distriktspsykiatriske senter( DPS) og Valen sjukehus

Bøthun, Sigrid, sigrid.bothun@helse-fonna.no

Funksjonsleiar LMS Psykisk Helsevern

Telefon 53 46 65 57/958 38 810

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Poliklinikken er stengt i helger og heildagar

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Besøksadresse administrasjon læring- og meistring: Berg Senteret på Raglamyr i Haugesund. Du finn oss i 2. etasje. Adresse: Longhammarvegen 36, 5536 Haugesund
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Barn som pårørande

Når eit familiemedlem blir alvorleg sjuk inneber det ofte endring i livssituasjonen for heile familien. Då er det viktig å vere merksam på korleis barn og unge har det. Det kan dukke opp mange spørsmål både hjå foreldre og barn.
Les meir om barn som pårørande
Jente som ligger i gresset. (Foto)

Pårørandesenteret

Pårørendesenteret.no er ein nettstad for deg som er pårørande i Noreg. Her finner du kunnskap, tips og råd, historier fra andre pårørande, og oversikt over rettar og hjelpetilbod.
Gå til Pårørandesenteret
Logo til Pårørandesenteret (Grafikk)