Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Til deg som skal til oss

Når du skal til oss kan det vere lurt å førebu seg litt. Vel kvar du skal og les kva du skal gjere.

Barn og unge

Førebuingar til konsultasjon Tverrfagleg poliklinikk

Du og din familie kjem til å møte fleire ulike fagpersonar ved konsultasjonen. Førebu ditt barn eller ungdom på dette.

Det er lurt ha på seg klede det er lett å bevege seg i. Mange liker å ha på seg ein shorts.

Ta med ortoser som barnet eller ungdommen bruker til vanleg og eventuelt hjelpemiddel ved behov.

Når de kjem hit

Ta kontakt med resepsjonen når de kjem.

Reiseutgifter

For stadfesting til søkand om dekking av reiseutgifter, kontakt resepsjonen.

Konsultasjonen

De vil møte eit tverrfagleg team beståande av lege, fysioterapeut og ergoterapeut. Sjølve konsultasjonen vil vare i 45-60 minuttar og innehalde av ulike undersøkingar.

Vi gir munnleg informasjon om kva som vil skje i etterkant av konsultasjonen. Dette vil også vere med i eit tverrfagleg samanfattande brev.

Oppsummerande brev

I etterkant vil de få eit oppsummerande brev til foreldre eller føresette, tilvisande instans og andre lokale fagpersonar etter samtykke med foreldre.

Vaksne

Førebuingar til konsultasjon Tverrfagleg poliklinikk

Du kjem til å møta fleire ulike fagpersonar ved konsultasjonen. Du kan ta med deg ein person du har tillit til, eller ditt personale til timen om du vil.

Førebu deg gjerne på kva og kven du møter i timen dersom du har behov for det.

Det er lurt  ha på seg klede det er lett å bevege deg i. Mange liker å ha på seg shorts.

Ta med ortoser du bruker til vanleg og eventuelt hjelpemiddel ved behov.

Når de kjem til avdelinga

Ta kontakt med resepsjonen når du kjem.

Reiseutgifter

For stadfesting til søkand om dekking av reiseutgifter, kontakt resepsjonen.

Konsultasjonen

Du vil møte eit tverrfagleg team beståande av lege, fysioterapeut og ergoterapeut. Sjølve konsultasjonen vil vare i 45-60 minutt og innehalde ulike undersøkingar.

Du vil få munnleg informasjon om kva som vil skje i etterkant av konsultasjonen. Dette vil også vere med i eit tverrfagleg samanfattande brev.

Oppsummerande brev

I etterkant vil de få eit oppsummerande brev til foreldre eller føresette, tilvisande instans og andre lokale fagpersonar etter samtykke med deg eller verje.

Maŋemus ođastuvvon 2024-07-29