Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Et par kvinner i hvite laboratoriefrakker

Habilitering

Vi jobbar med barn, unge og vaksne personar med medfødt eller tidleg erverva funksjonsnedsetting som utviklingshemming, autismespekterforstyrring og syndrom som kan føre til utviklingshemming.

Avdelinga vår er delt i Habilitering barn og unge (HABU) og Habilitering voksne (HAVO). Hovudansvaret for habilitering i helsetenesta er lagt til kommunane. Du som kjem til oss har behov for spesialisert habilitering.

I Helse Fonna er vi ein del av Medisinsk klinikk Haugesund og Odda.

Vi skal støtte det kommunale hjelpeapparatet og vere eit supplement og ei forsterking av det tilbodet som barn, unge og vaksne med medfødt eller tidleg erverva funksjonsnedsetting får i sine kommunar.

­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­Kva kan vi vere til hjelp med?

  • Medisinsk diagnostisering.
  • Utgreiing av pasienten sine ressursar og avgrensingar.
  • Tidleg hjelp til foreldre som har fått eit barn med funksjonshemming.
  • Støtte til pasient, pårørande og tenesteytarar ved individuell planlegging, utarbeiding og gjennomføring av heilskapleg tilbod.
  • Langsiktig oppfølging ved komplekse og spesielle tilstandar.
  • Rådgiving og rettleiing til fagfolk i kommunen. Dette kan også skje saman med foreldre eller verje.
  • Utgreiing, rådgjeving og vurderingar i samband med tiltak etter Lov og helse- og omsorgstjenester Kap 9. om bruk av tvang og makt mv overfor mennesker med utviklingshemming.
  • Kurs, undervising og nettverksarbeid til barn, foreldre og fagfolk.

Korleis jobbar vi?

Arbeidet skjer i tverrfaglege team rundt den enkelte pasient. Kvar pasient har ein behandlar som er kontaktperson i arbeidet.

Vi yter tenester både i avdelinga og direkte ute i kommunane. Vi samarbeider med den enkelte kommune for å bidra til eit heilskapleg tilbod rundt pasienten.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Fonna
Habiliteringsavdeling
Postboks 2170
5504 Haugesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi har laga ein kjapp vegvisar for kvar du finn oss på Berg-senteret.

Helse Fonna

Vi held til i Berg-bygget i Haugesund

Longhammarvegen 36
5536 Haugesund
Vi er i andre etasje.
Kontortider
  • I dag 08:00 - 15:00
  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

      Kurs og møter