Samhandling

Helsetenesta skal sikre pasientar med kroniske og alvorlege sjukdommar ei samanhengande og heilskapeleg helseteneste uavhengig av om tenesta blir ytt frå primærhelsetenesta eller frå sjukehusa.

Sjukehus og primærhelsetenesta skal samarbeide slik at pasientane i større grad opplev samordning, kontinuitet og fagleg god kvalitet gjennom heile pasientforløpet.

Sentrale helsepolitiske føringar krev at sjukehus og primærhelsetenesta samarbeidar slik at pasientane i større grad opplev samordning, kontinuitet og fagleg god kvalitet gjennom heile pasientforløpet.

Samhandlingsavtalar Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering Nettverk for læring og meistring i Helse Vest Praksiskonsulentordninga (PKO)Brukarutvalet

Samarbeid med kommunane

For å komme utfordringa i møte har Helse Fonna etablert eit forpliktande samarbeid med primærhelsetenesta i alle kommunar i regionen. 

Dette samarbeidet omhandlar mellom anna samarbeidsavtalar, praksiskonsulentordning, ulike prosjekt, diverse møtearenaer og kontinuerleg dialog og informasjonsstraum mellom partane.

Samhandlingseininga har det overordna systemansvaret i Helse Fonna for samhandling med kommunehelsetenesta og fastlegane.

Følgjepersonell - Oversikt over dokumenterte kostnader for kommunen

Elektronisk meldingsutveksling


Elektronisk meldingsutveksling i Helse Fonna skal skje på ny standardisert løysing. 

Løysinga gir elektronisk kvittering (applikasjonskvittering) som viser om meldinga har kome fram til mottakars journalsystem eller ikkje. Dette gir auka sikkerheit, slik at papirkopi ikkje er nødvendig. Ein føresetnad for meldingsutveksling er at legekontoret/kommunen er tilknytte NHN (Norsk Helsenett) som kommunikasjonsleverandør.

Basismeldinger


Dette er elektroniske meldingar som sendast mellom sjukehus og legekontor. Basismeldingar er tilvisingar, epikriser, laboratorierekvisisjonar (IHR), laboratoriesvar (medisinsk biokjemi), samt røntgentilvisingar. Prosjekt «Innføring av basismeldinger» innfører nye meldingstypar fortløpande. For å komme i gang med basismeldingar kan legekontor ta kontakt med Helse Vest IKT for tilrettelegging. Det er viktig at tilretteleggingsprosessen er gjennomført for at meldingane skal komme korrekt fram.

Support: Samhandling Helse Vest IKT: Telefon: 55 97 65 40, send e-post

Ta kontakt med Samhandling i Helse Vest IKT dersom

  • Akutt meldingsstans
  • Planlagt meldingsstans
  • Endring i rekvirentar
  • Endring i organisasjonsinformasjon

Faglege nettverk

Faglege nettverk skal sikre gode pasientforløp på tvers av nivå. Hovudfokus skal vere fagutvikling, pasientforløp og oppfølging av viktige område i samarbeidsavtalane mellom føretak og kommunane. Nettverket skal óg ha oversikt over fora og kanalar for samarbeid på feltet.

Fagnettverk i Helse Fonna føretaksområde: 

Kreftomsorg og lindrande behandling/palliasjon Eldremedisin/geriatri Læring og mestring (LMS)
Tuberkulosenettverk
Nettverk for barn og unge
Akuttberedskap
IKT Nettverk

Velferdsteknologi


Forskning- og utviklingsenhet for samhandling (FOUSAM)


FOUSAM er ei felles forskings- og utviklingseining for samhandling. Helse Fonna HF, kommunane i vår helseregion og Høgskulen Stord/ Haugesund (HSH) er partar i samarbeidet.

Trepartssamarbeidet i FOUSAM er ein del av vår strategi for å møte utfordringane i samhandlingsreforma. Målet med samarbeidet er å sikre gode pasientforløp på tvers av forvaltningsnivå, trepartssamarbeidet gjer det mogleg å utnytte kompetansen, ressursane og erfaringane til alle partar.

FOUSAM skal bidra til å sikre betre pasientforløp og helsetenester til store pasientgrupper, og satse på lærings og meistringstilbud og bidrag til oppretting av mellom anna faglege nettverk. Les meir om samarbeidet på nettsidene til FOUSAM

Hospitering

Hospitering er eit godt virkemiddel for å bidra til å sikre pasientar eller brukarar kontinuitet og faglig god kvalitet i tenestetilbodet.  Det skjer ved at medarbeidarar då får auka kunnskap om kvarandre sitt arbeidsfelt og denne kompetansen bidrar til å betre samhandlinga mellom sjukehus og kommune, eller mellom kommune og kommune.

Tilbodet om hospitering gjeld for legar, sjukepleiarar, jordmødre, helse fagarbeidarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar, ernæringsfysiologar, undervisingspersonell, men også andre yrkesgrupper på ulike nivå i organisasjonane.

Ein hospiteringsperiode er på 1-5 virkedagar, og etter hospitering gjennomfører vi evaluering i etterkant.

Det er mogleg å ønske seg ein hospitant til ditt praksissted for å få rettleiing eller opplæring i forhold til konkrete oppgåver . 

Hospitering ute i kommunane kan også delast opp mellom fleire kommunar, avhengig av målsetting, og søknadar til dei ulike sender du elektronisk og fortløpande.

Søknad om hospitering skal sendast elektronisk frå leiar til leiar i samarbeidande organisasjon. Hugs informasjon om ønska hospiteringsstad. Til Helse Fonna bruker du e-post: post@helse-fonna.no.

Hospiteringsrutine.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Hospitering/Hospiteringsrutine.pdfHospiteringsrutine.pdf
Søknad ressursperson.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Hospitering/Søknad ressursperson.pdfSøknad ressursperson.pdf
Søknad hospitant.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Hospitering/Søknad hospitant.pdfSøknad hospitant.pdf
Vedtak ressursperson.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Hospitering/Vedtak ressursperson.pdfVedtak ressursperson.pdf
Vedtak hospitant.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Hospitering/Vedtak hospitant.pdfVedtak hospitant.pdf
Prosedyre internt i Helse Fonna.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Hospitering/Prosedyre internt i Helse Fonna.pdfProsedyre internt i Helse Fonna.pdf
Hospiteringsordning.pdfhttps://helse-fonna.no/Documents/Samhandling/Hospitering/Hospiteringsordning.pdfHospiteringsordning.pdf



Pleie- og omsorgsmeldingar (PLO-meldingar)

PLO- meldingar er standardiserte meldingar som blir brukt i samhandlinga mellom sjukehus og pleie- og omsorgstenesta i kommunane.

Meldingane er utvikla for elektronisk bruk og blir sendt mellom journalsystemet på sjukehuset og journalsystemet i kommunen.

PLO- meldingar kan vere logestikkmeldingar, fagmeldingar eller dialogmeldingar

For meir informasjon om pleie- og omsorgsmeldingar kan du som arbeider i Helse Fonna klikke deg inn på: Helse Fonna intranett – EPJ-senter/DIPS – PLO. Rutinar for pleie- og omsorgsmeldingar mellom sjukehus og kommune (PDF)

Samhandlingsnytt

«Samhandlingsnytt» er eit nyheitsbrev fra Samhandlingsutvalet og blir utgjeve av felles forskings- og utviklingseining for samhandling (FOUSAM). Målet er å informere om samhandling i Helse Fonna-regionen.                        

Du kan abonnere på nyheitsbrevet «Samhandlingsnytt» på e-post. Abonnementet er gratis og kan bli avslutta kor tid som helst. For abonnement, send e-post til info@fousam.no
 Les samhandlingsnytt

Samhandlingsfora

Samhandlingsstrukturen i Helse Fonna og kommunane i regionen er organisert gjennom eit Toppleiarforum og Samhandlingsutval.

Toppleiarforum: Politisk-administrativt samhandlingsorgan

Toppleiarforumet er eit overordna strategisk og utviklingsorientert utval mellom Helse Fonna HF og kommunane som har inngått samarbeidsavtalane.

I toppleiarforumet sit den øveste politiske og administrative leiinga i kommunane (ordfører og rådmann) og kommunalsjef for helse- og omsorg. Helseforetaket er representert ved styreleiar og føretaksleiing. I tillegg er medlemmene i Samhandlingsutvalet med i forumet. Det er to brukarrepresentantar i toppledeiarforumet. Høgskulen Stord/haugesund (HSH), Fylkesmannen og KS har rett til å stille med ein representant kvar. Tillitsvalgte kan møte med to representantar.

Toppleiarforumet gjennomfører årlege møte.

Møtereferat og presentasjonar frå Toppleiarforumet.



Samhandlingsutvalet

Samhandlingsutvalet er eit partssamansett samarbeidsutval mellom Helse Fonna HF og dei kommunane som har inngått overordna samarbeidsavtale med tilhøyrande tenesteavtalar.

Utvalet består av fire representantar frå kommunane, fire representantar frå Helse Fonna HF og to brukarrepresentantar. Leiar av FOU-eininga har møte- og talerett. I tillegg har HSH ein representant med møte- og talerett som endrar status til reelt medlem i saker som omhandlar FOU-eining for samhandling. Medlemmene vert valde for to år.

Fylkesmannen og KS vert inviterte ved behov og stiller då med møte- og talerett.
Les møtereferat og sjå liste over medlemmer i Samhandlingsutvalet.

Lokalt tvisteløysingsorgan

Usemje knytt til einskildpasient og praktisk handtering av avtale om inn- og utskriving av pasientar som treng helsetenester, skal som hovudregel løysast gjennom dialog og
forhandlingar mellom partane, likevel slik at prinsipielle pasientrelaterte einskildsaker skal søkjast løyst så nært pasient/brukar som mogleg.

Oppnår ein ikkje semje, vert det oppretta ein usemjeprotokoll som vert send til lokalt tvisteløysingsorgan for drøfting og tilråding av løysing.

Oppnår ein ikkje semje om å følgje tilrådinga, skal saka sendast til nasjonalt tvisteløysingsorgan. I saker der partane ikkje er samde om at uttale frå nasjonalt tvisteløysingsorgan skal vera bindande, kan kvar av partane bringa saka inn for dei ordinære domstolane med Haugaland tingrett som verneting.  

Medlemmar Tvisteløysingsorganet

Tvisteløysingsorganet består av 6 medlemmer, to frå kvar av partane og to brukarrepresentantar.

Utvalet sine kommunale medlemmer er oppnemnde av KS etter innstilling frå kommunane. Helseføretaket sine medlemmer er oppnemnde av administrerande direktør i føretaket og brukarrepresentantane er oppnemnde av Helse Fonna sitt brukarutval.
 
Frå Helse Fonna

Lucie Christensen Berge, foretaksjurist Helse Fonna
Kontaktinformasjon: lucie.christensen.berge@helse-fonna.no

Anne Hilde Bjøntegård, klinikkdirektør Helse Fonna
Kontaktinformasjon: anne.hilde.bjontegard@helse-fonna.no

Frå Brukarutvalet

Anne Gurine Sætre      
Kontaktinformasjon: an-gs@online.no    

Else Berit Ingvaldsen   E-post:
Kontaktinformasjonelse-berit@haugnett.no   

Frå kommunane

Karin Margrethe Vedø, kommuneadvokat Karmøy kommune
Kontaktinformasjon: kmv@karmoy.kommune.no

Anne Tangen Rørdal, virksomhetsleder (PLP) Kvinnherad kommune
Kontaktinformasjon: Anne.tangen.rordal@kvinnherad.kommune.no

Områdemøte

For å ivareta oppfølging av lovpålagte avtalar er det etablert områdemøter knytt til sjukehusa i Haugesund, Stord og Odda.

 Områdemøtet består av øvste helsefagleg leiing i tilhøyrande kommunar, klinikkdirektørar og samhandlingssjef i føretaket. Koordinator for Samhandlingsutvalet (SU koordinator) deltek i alle møta.

Samhandlingsseminar/dialogmøte

Føremålet er å finne område for betring i samhandlinga mellom kommunar og sjukehus og saman finne område for betring.

Målgruppa er tilsette frå tingjarkontor, ulike leiarnivå og fagutvikling i kommune og føretaket.

Dialogmøter er gjennomført med kommunane i Sunnhordland og Hardanger og i samarbeid med Haugesund og Karmøy kommunar på Haugalandet.

Evalueringane frå samlingane er jamt god og denne samhandlingsforma er anbefalt som arbeidsform framover.

Avvik

Avvikssystemet mellom Helse Fonna HF og samarbeidskommunane blir nytta til å melde frå om uønskte hendingar i samhandlinga. Det skal bli meldt frå om avvik frå samarbeidsavtalen om inn- og utskrivingsklare pasientar.

Rutinar for avviksrapportering

Avviksmelding - kontaktpersonar i kommunane