Rett til møte ved alvorlege hendingar

Helse- og omsorgstenesta i kommunen og på sjukehus har plikt til å tilby deg som pasient, brukar eller pårørande eit møte når det har skjedd svært alvorlege hendingar som har involvert pasienten eller brukaren.


Svært alvorlege hendingar er der helse- eller omsorgshjelpa har ført til død, skade eller alvorlege komplikasjonar, og der hendinga er uventa med bakgrunn i venta risiko.

Helse- og omsorgstenesta skal tilby eit slikt møte så snart råd er og seinast innan ti dagar etter hendinga skjedde.