Dette er eit tilbod til sjukemelde arbeidstakarar som skal gjere det mogeleg for dei som blir tilvist, å kome lettare tilbake i arbeid. Det er også eit tilbod til arbeidstakarar som står i fare for å bli sjukemelde, med ei målsetting om å unngå sjukemelding.
Ordninga gjeld no innanfor somatikk, psykisk helsevern og rehabilitering og habilitering.
Kor kan eg få hjelp?
Det finst arbeidsretta tiltak i alle vestlandsfylka, men innhaldet i tiltaka kan variere i dei ulike helseføretaka. I Helse Fonna har vi følgande tilbod:
Korleis går eg fram?
Det er fastlegen din som kan tilvise til utgreiing i spesialisthelsetenesta. Her vert det gjort ei vurdering om du kan komme raskare tilbake i jobb ved behanding i spesialisthelsetenesta.
For muskel- og skjelettplagar sender legen tilvising til Fysikalsk medisin og rehabilitering
Vil du vite meir?
På helsenorge.no finn du meir informasjon om korleis du kan velje behandlingsstad. Du kan ringe Veiledning for helsenorge.no viss du treng hjelp på telefon 23 32 70 00.
Les meir om Helse i arbeid hos Nav