Avbestilling av time/om du ikkje møter
Når du har fått rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta, får du tilbod om time. Dersom du avbestiller timen eller ikkje møter, kan ikkje sjukehuset garantere at du får helsehjelp innan den fristen du har fått.
Det er mange andre pasienter som også ventar på time. Det er derfor viktig at du sier ifrå så fort som mogleg slik at andre kan få timen din.
Ved gjentatte avbestillingar eller at du ikkje møter til den timen du har fått, blir det gjort ei fagleg vurdering av behovet ditt for helsehjelp. Du kan då bli strøken frå ventelista.
Du som har fått ei frist for helsehjelp og ikkje har mottatt helsehjelpen innan denne fristen, har rett til å få tilbod ved eit anna behandlingssted. Ved fristbrot vil ditt sjukehus eller din behandlingsinstitusjon ta kontakt med Helfo pasientformidling. Dei vil finne eit tilbod til deg hos ein anna behandlar dersom du ynskjer det.
Om alle møter til timene sine, blir ventetida i spesialisthelsetenesta kortare.
Pasientgebyr for manglande oppmøte/avbestilling
Ved manglande oppmøte eller avbestilling av time, blir du belasta gebyr etter gjeldande takstar.
På helsenorge.no finn du informasjon om eigenandeler og pasientgebyr ved manglande oppmøte