HELSENORGE

Parkering

Det du treng vite om parkering på våre sjukehus og DPS.

Stord sj​​ukehus og Stord DPS/BUP

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.

​Pris for å parkere er 20 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 140 kroner.

Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 

For fødande er det mogleg å bli køyrt til fødeavdelinga sin inngang bak sjukehuset.

Vi har reserverte plasser for blodgivarar ved hovudinngang. 

Dialysepasienter har gratis parkering på parkeringsanlegget. Pasient må melde i frå om dette til personale på dialysen når dei kjem.

Haugesun​​d sjukehus

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane.

Pris for å parkere er 20 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 140 kroner.

BUP Ha​u​​gesund

Besøkande på BUP Haugesund kan bruke parkeringshuset utanfor Haugesund sjukehus. Alle må betale for parkeringen. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 2 ladestasjonar.

Det er reservert 1 plass til HC-parkering ved hovudinngangen som kan nyttas om du har gyldig bevis. 

Pris for å parkere er 20 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 140 kroner.

Haugala​nd DPS, Haugesund

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan nyttast. Parkering er gratis

Haugaland DPS, Kopervik

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan brukast. Parkering er gratis. 

Odda sj​​ukehus

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet. Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset. Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.​

Folgefonn D​PS Odda

​Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet. Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil. 

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset. Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

​Valen​​ sjukehus

​Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis. Parkeringsplassen har 2 ladestasjonar

Folgefonn D​PS Valen

Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis. Parkeringsplassen har 2 ladestasjonar.