Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Palliasjon

Palliasjon er eit fagområde om lindring og best mogleg livskvalitet for pasientar og deira pårørande i heile forløpet av livstruande sykdom.

Marianne Klee har jobba som overlege i palliativt team hos Helse Fonna. Saman har vi laga ein serie med videoar som handlar om korleis vi kan diagnostisere og lindre symptom hos alvorleg sjuke og døande pasientar. Klee er overlege i onkologi og fagområdespesialist i palliativ medisin.

Undervisinga er laga for legar, sjukepleiarar og andre som arbeidar med desse pasientane i det daglege. Videoane er meint som inspirasjon og informasjon til deg som møter alvorleg sjuke og døande i ditt arbeid på sjukehuset eller ute i kommunen. ​​

​Videoane er lagt til i ei spilleliste - du kan gå rett til heile lista om du vil​

 


Sist oppdatert 12.07.2023