Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Opptrening med kneprotese

Har du slitasje og skader i kneet, vil ein først forsøke med behandling som trening og medisinar og eventuelt vektreduksjon. Viss dette ikkje har effekt, kan pasientar med særleg slitasje bli vurderte for kneprotese. Målet er å lindre smerter og gi betre funksjon i kneet. Avhengig av skadeomfanget, kan ein velje totalprotese eller uniprotese (halvprotese).

Dette er generell informasjon om kneprotese. Dersom du får anna informasjon eller instruksar frå helsepersonell på sjukehuset, er det dette du skal følgje.

Kneprotesen er laga av metalldeler som bli festa på lår og skinnebein med beinsement, og ein plastdel i midten (polyetlen).

Ta med krykker til sjukehuset viss du har det. Viss ikkje, får du kjøpt dette på sjukehuset før du reiser heim.

Trening

På sjukehuset får du hjelp av fysioterapeut til å komme i gang med treninga. I tillegg er det viktig at du trener sjølv (sjå øvingar under). Før du reiser heim frå sjukehuset, får du øve deg på å gå med krykker (eventuelt rullator), og trene i trapp. Når du kjem heim, skal du halde fram med øvingane du lærte på sjukehuset.

Du får med deg rekvisisjon til fysioterapeut. Det kan vere lurt å gjere avtale med fysioterapeut nær der du bur allereie før operasjonen.

Du skal unngå tunge løft, løping, hopping og store bøye-/vridebevegelsar med belastning på kneet. Det er vanlegvis ikkje behageleg å sitte på kne eller huk, sjølv om dette ikkje er farleg for protesen. På grunn av operasjonssåret, skal du vere forsiktig med å bøye kneet meir enn 90 grader dei første to vekene etter operasjonen.

Viktig: Ver førebudd på at det kan ta lang tid, opptil 1 år, før kneet er sterkt og stabilt etter operasjonen. Ver tålmodig.

Bevegelse

Det er viktig å trenge bevegelse for å få full strekk og så god bøy som mogleg. Du bør unngå å bruke pute under kneet når du ligg i senga. Viss du har problem med å strekke heilt ut i kneet, kan du eventuelt legge ei tynn pute under hælen.

Belastning

Du kan belaste det opererte beinet inntil smertegrensa allereie samme dag som du er operert. Prøv å gå så normalt som mogleg. Bruk krykker til du er nøgd med gangfunksjonen, og du ikkje haltar.

Smerter og hevelse

Det er vanleg å kjenne smerte i dagane og vekene etter operasjonen. Du får smertestillande tablettar som demper smertene. Desse skal du trappe gradvis ned på. Viss du treng noko smertestillande i samband med trening, kan du bruke det. Dei første månadane er det normalt med hevelse og varme i kneet. Ispakning og/eller plassere beinet høgt kan hjelpe.

Sårpleie

Viss bandasjen din blir våt, må du ha ny. Viss bandasjen er tørr og heil, treng du ikkje bytte bandasje. Stinga fjerner du hos fastlege etter 3 veker.

Hjelpemiddel

Dersom du treng hjelpemiddel heime, som toalettforhøyar, rullator eller liknande, kan du låne dette frå korttidsslaget i kommunen din.

Bil

Du kan køyre bil sjølv når funksjonen i kneet er god nok. Det vil seie at du skal ha nok kraft og reaksjonsevne. Du er sjølv ansvarleg for å vurdere dette etter vegtrafikklova. Ver merksam på at du ikkje kan køyre bil viss du bruker medisinar merkt med raud trekant.

Kontroll

Du får innkalling til kontroll med røntgen og hos fysioterapeut etter 6 veker. Ortoped (kirurg) blir kontakta ved behov.

Sikkerheitskontrollar

Kneprotesen inneheld metall og kan gi utslag i sikkerheitskontrollar, for eksempel på flyplassen. Sjukehuset leverer ikkje ut bevis på at du har leddprotese. Du vil uansett bli undersøkt av vaktpersonalet, og dette byr sjeldan på problem.

Øvingar

Ryggliggande hælopptrekk
Ligg på ryggen med beina strake og armane ned langs sida. Bøy i kne og hofte og trekk hælen langs underlaget og opp mot setet. 5-10 repetisjonar i 2-3 sett.

Et par føtter iført lilla og svarte tøfler

Knestrekk med pølle
Legg ei pølle, eit samanrulla handkle eller liknande, under kneet. Knehasen skal kvile på pøllen. Stram muskulaturen på framsida av låret, slik at foten blir løfta frå underlaget og kneet blir strekt maksimalt. Seink sakte ned i gjen. 5-10 repetisjonar i 2-3 sett.

En kvinnes ben og føtter

Sittande strekk og bøy
Sitt på kanten av stolen med begge føtene i golvet. Skli foten framover på golvet og deretter tilbake ved å bøye i kneet. Pass på at foten har kontakt med golvet gjennom heile øvinga. 5-10 repetisjonar i 2-3 sett.

En collage av en kvinne som gjør yoga

Sittande knestrekk
Sitt på kanten av ein stol eller ein benk. Strekk og bøy i kneet. Gjenta med det andre beinet. 5-10 repetisjonar i 2-3 sett.

En collage av en person som gjør yoga

Ståande hoftebøy med støtte
Stå rett og støtt hendene på ein stolrygg. Løft det opererte beinet frå golvet ved å bøye i hofta. 5-10 repetisjonar i 2-3 sett.

En person som står ved siden av en stol

Ståande bakoverføring av hofte
Stå rett og støtt hendene på ein stolrygg. Stram setemuskulaturen og før beinet bakover. Pass  på å halde overkroppen rett under øvinga. 5-10 repetisjonar i 2-3 sett.

En person som står ved siden av en stol

Tøying av bakside lår
Sitt ned og plasser foten på ein benk eller liknande. Forsøk å la beinet kvile og la kneet henge tungt ned slik at det strekker så mykje som mogleg. Du kan eventuelt lene overkroppen fram for å få eit ekstra strekk. Hold i 30 sekund.

En person som sitter på en stol

Trappegang med krykker
Oppover skal du først sette det ikkje-opererte beinet på trinnet for så å følgje med krykke og operert bein. Nedover skal du sette krykka ned først, så operert bein og deretter det ikkje-opererte beinet.

En person som står på et sett med trapper

Sist oppdatert 03.11.2017