Opptrening etter underarmsbrot
Underarmen har to bein, spolebeinet på tommelsiden (radius) og albuebeinet på lillefingersiden (ulna). Brot i nedre del av radius er den mest vanlege brotskaden i underarmen.
Medan du har gips
Etter eit brot på spolebeinet (radiusfraktur) er det vanleg at handa og fingrane hovnar opp. Dette kan gjere handa stiv og vanskeleg å bevege. For å hindre dette bør du trene bevegelegheit i høgt leie og ha handa på puter ved kvile og om natta.
Aktivitetar i dagleglivet
Når du har gips kan du bruke handa i lette daglege aktiviteter som ved av- og påkledning, personleg hygiene, lett husarbeid samt løft eit glas/kopp. Det er også viktig at du beveger alboge og skulder.
Kontroll
Etter 7-14 dagar blir brotet kontrollert med røntgenbilde. Vis stillinga i brotet er endra, kan det bli aktuelt med operasjon. Avsluttande kontroll er etter 4-6 veker.
Tips
- Bruk handa og armen så normalt som mogleg.
- Unngå at den friske hånda ta over ved enkle aktivitetar.
- Bruk fatle ved behov den første veka.
- Unngå å bære handa inntil kroppen.
Ver forsiktig
- Unngå tunge løft dei første 6-12 vekene
- Ikkje støtt deg på armen når du skal reise/sette deg.
- Du bør overhalde smertegrensa
- Gipsbandasjen kan bli for trang. Då kan fingrane bli meir hovne, kvite og kalde, miste kjensle eller bevegelse. Dersom dette skjer, må du kontakte lege.
- Gipsen må ikkje bli våt. Bruk plast ved behov. Viss han blir våt eller ødelagt, må han skiftast.
Øvingar
1. Knyt, strekk og sprik med fingrane. Bøy mjukt heilt inntil handflata, strekk heilt ut. 10 repetisjonar, 4 gonger dagleg.
2. Bøy og strekk i albogen. Hald igjen nokre sekundar i kvar ytterstilling. 10 repetisjonar, 4 gonger dagleg.
3. Hald overarmen tett inntil sida av kroppen. Vri handflata oppover og nedover. Hald igjen nokre sekund i kvar ytterstilling. 10 repetisjonar, 4 gonger dagleg.
4. Legg hendene bak ryggen. Sett hendene i nakken. Før armen ut- og bakover. 5 gonger dagleg.
Etter at gipsen er fjerna
Nedsett bevegelse og redusert styrke i fingrar og handledd er vanleg etter fjerning av gips. Du bør halde fram med øvingane til du har fått tilbake normal funksjon igjen. Bruk handa med gradvis aukande belastning, men innanfor smertegrensa, i inntil tre månadar.