Opptrening etter handleddsbrot som er operert

Etter operasjonen må du gradvis trene opp styrke og bevegelegheit.

​Underarmen har to bein, spolebeinet (radius) på tommelsida og albuebeinet (ulna) på lillefingersida. Brot i nedre del av radius er den mest vanlege brotskaden.

Det er vanleg å kjenne nedsett bevegelegeit og redusert styrke i fingrar og handledd. Du bør halde fram med øvingane til du har fått tilbake normal funksjon.

Bruk handa til enkle ting

Du kan bruke handa i lette daglege aktivitetar som å kle av og på deg, personleg hygiene, lett husarbeid og løfte ein kopp/glas. Det er også viktig at du beveger alboge og skulder. Unngå at den gode handa tar over ved enkle aktivitetar.

Ved aukande hevelse bør du trene bevegelegheit med handa i høgt leie. Ha gjerne handa på puter når du kviler eller søv.

Bruk fatle ved behov den første veka. Unngå å bære handa inntil kroppen.

Etter du har vore til 6-vekerskontroll kan du gradvis auke belastninga. Dei første 3 månadane skal du halde deg innanfor smertegrensa.

Viss du treng hjelp til å få god funksjon og styrke i hand og arm igjen, kan du få oppfølging hos fysioterapeut. Du kan få med deg tilvising etter siste time på ortopedisk poliklinikk.

Ver forsiktig

  • Du skal ikkje løfte tungt dei første 6-12 vekene
  • Du skal ikkje drive kontaktidrett dei første 6-12 vekene
  • Ikkje støtt deg på armen når du skal reise deg eller sette deg
  • Du bør overhalde smertegrensa dei første 3 månadane

Øvingar

1. Bøy og strekk i handleddet. 10 repetisjonar, 4 gonger dagleg.

Bildet viser korleis øvinga skal gjerast

2. Knyt, strekk og sprik med fingrane. Bøy mjukt heilt inntil handflata, strekk heilt ut sjølv om det tar i mot. 10 repetisjonar, 4 gonger dagleg.

Bildet viser korleis øvinga skal gjerast

3. Hald overarmen tett inntil sida av kroppen. Vri handflata oppover og nedover. Hald igjen nokre sekund i kvar ytterstilling. 10 repetisjonar, 4 gonger dagleg.

Bildet viser korleis øvinga skal gjerast

4. Set hendene bak ryggen, så i nakken. Før armen ut- og bakover. 5 gonger dagleg.

Bildet viser korleis øvinga skal gjerast