Opptrening etter handleddsbrot som er gipsa

Etter handleddsbrot bør du gjere øvingar dagleg. Det er også viktig å bruke handa, alboge og skulder i lette daglege aktivitetar.

​Underarmen har to bein, spolebeinet (radius) på tommelsida og albogebeinet (ulna) på lillefingersida. Brot i nedre del av radius er den vanlegaste brotskaden i underarmen.

Sjølv om du har gips, bruk handa og armen så normalt som mogleg. Ikkje la den friske handa ta over ved enkle aktiviteter. Bruk fatle ved behov den første veka, men ikkje bær handa inntil kroppen.

Når du har gips

Hevelse etter brotet kan gi nedsett bevegelse og stivheit i hand og fingrar. For å hindre dette, bør du trene handa i høgt leie og ha handa på pute når du kviler eller når du søv om natta. Øvingane under bør du gjere dagleg.

Bruk handa til enkle ting

Når du har gips, kan du bruke handa til lette dagleg aktiviteter: Av- og påkledning, personleg hygiene, lett husarbeid og løfte glas/kopp. Det er også viktig at du hugsar å bevege alboge og skulder i den skadde armen.

Etter at gipsen er fjerna

Det er vanleg å framleis kjenne redusert bevegelegheit og styrke i fingrar og handledd når du får fjerna gipsen. Du bør halde fram med øvingar til du har fått tilbake normal funksjon. Bruk handa med gradvis aukande belastning, men innafor smertegrensa i inntil 3 månadar.

Ver forsiktig

  • Unngå tunge løft dei første 6-12 vekene.
  • Ikkje støtt deg på armen når du skal reise eller sette deg.
  • Du bør overhalde smertegrensa: Ikkje gjer ting som gir smerte i handa.
  • Gipsen kan bli for trang. Viss fingrane blir meir hovne, kvite, kalde eller du mister kjensle og bevegelse, bør du kontakte lege.
  • Gipsen må ikkje bli våt. Bruk plast over når det er nødvendig. Viss gipsen blir våt eller øydelagt, må du få ny.

Øvingar

1. Knyt, strekk og sprik med fingrane. Bøy mjukt heilt inntil handflata og strekk heilt ut. 10 repetisjonar, 4 gonger dagleg.

Bildet viser korleis du gjennomfører øvinga

2. Bøy og strekk i albogen. Hald i nokre sekund i kvar ytterstilling. 10 repetisjonar, 4 gonger dagleg.

Bildet viser korleis du gjennomfører øvinga

3. Hald overarmen tett inntil sida av kroppen. Vri handflata oppover og nedover. Hald nokre sekund i kvar ytterstilling. 10 repetisjonar, 4 gonger dagleg.

4. Sett hendene bak gryggen. Sett hendene i nakken. Armen skal førast ut- og bakover. Gjer dette 5 gonger dagleg.

Bildet viser korleis du gjennomfører øvinga