Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Operasjon av hoftebrot

Brot i øvre del av lårbeinet kallar vi hoftebrot. Det er som regel eldre som får dette. Dei fleste hoftebrot må opererast.

Dette er kun generell informasjon. Dersom du får andre instruksar på sjukehuset, skal du følgje det.

Det fins ulike operasjonsmetodar. Val av metode blir gjort etter kva type brot du har. Dei tre vanlegaste metodane er operasjon med Olmed-skruar, operasjon med hemiprotese og operasjon med glideskrue.

  • Operasjon med Olmed-skruar: Viss brotet er i sjølve lårhalsen og feilstillinga er moderat, blir brotet stabilisert med to parallelle skruar som blir sett inn i lårbeinshovudet.
  • Operasjon med hemiprotese: Er det stor feilstilling i brot i sjølve lårhalsen, blir det sett inn delprotese som erstatning for brotet.
  • Operasjon med glideskrue: Er brotet nedandfor lårhalsen, blir brotet stabilisert med ein solid skrue og plate. Skruen blir sett i lårbeinshovudet og plata festa i øvre del av lårbeinet med mindre skruar.

Opptrening

På sjukehuset startar du med øvingar for blodsirkulasjon, muskelkontroll og bevegelse i den opererte hofta. Allereie første dag etter operasjonen prøver du å komme opp av senga. Etter kvart blir det viktig å øve på å gå med ganghjelpemiddel (krykker, gåstativ, rullator) og øve på å flytte deg ut av og opp i seng, reise og sette deg og så bortetter. Viss du har behov for det, vil du få hjelp til å øve deg på å gå i trapp.

Belastning etter operasjon

Det er legen som opererte deg som bestemmer om du kan belaste det opererte beinet og kor mykje. Du må rekne med å bruke ganghjelpemiddel (krykker, rullator) ei stund etter operasjonen. Du får vanlegvis bevege den opererte hofta fritt. Av og til kan det likevel vere omsyn å ta til belastning og begevelse. Viss dette er aktuelt for deg, vil du få informasjon om restriksjonane.

Hjelpemiddel

Personalet på avdelinga vil hjelpe deg med å bestille hjelpemiddel til du skal heim. Dette kan vere toalettforhøyar, rullator, dusjstol og liknande. Viss du treng krykker, kan du få kjøpt desse på sjukehuset.

Smerter og hevelse

Det er vanleg å ha smerter i dagane og vekene etter operasjonen. Du får smertestillande tablettar. Du skal trappe gradvis ned etterkvart som smertene avtar. Nokre blir hovne i ankel og legg i det opererte beinet. Du bør i så fall sitte med det opererte beinet høgt.

Sårpleie

Viss bandasjen skulle bli våt, må du få ny. Det er ikkje nødvendig å bytte bandasje viss den er heil og tørr. Stinga blir vanlegvis fjerna hos fastlege etter ca 3 veker. Av og til blir det brukt tråd som forsvinn av seg sjølv. Då er det ikkje nødvendig å gå til lege.

Kontroll

Det er vanlegvis ikkje behov for kontroll på ortopedisk poliklinikk etter at du er skriven ut frå sjukehus. Dersom du likevel skal til kontroll, vil du få beskjed om dette og innkalling i posten.

Ver i aktivitet når du kjem heim

Hofta di treng aktivitet for å få eit best mogleg resultat etter operasjonen. Unngå å bli sittande for mykje i ro. Du bør halde fram med øvingane du lærte på sjukehuset. Det er også viktig at du kjem i gang med daglege små gjeremål. Du må gjerne gå små turar. Prøv deg fram og finn ut kva du toler. Det er heilt vanleg å bli sliten.

Øvingar

Allereie på sjukehuset startar du med øvingar for å betre blodsirkulasjon, muskelkontroll og bevegelse. Du bør halde fram med øvingane når du kjem heim.

1. Bøy og strekk i ankel. Du kan sitte eller ligge. Bøy og strekk maskimalt i ankelen.

Bilde som viser korleis øvinga skal gjerast


2. Ryggliggande hælopptrekk. Ligg på ryggen med strake bein og armane ned langs sida. Bøy i kne og hofte og trekk hælen langs med underlaget opp mot baken.

Bilde som viser korleis øvinga skal gjerast


3. Tåhev. Stå slik at du legg vekta mot ein stolrygg eller vegg og gå opp og ned på tå.

Bilde som viser korleis øvinga skal gjerast


4. Ståande hoftebøy med støtte. Stå rett og støtt hendene på ein stolrygg. Løft det opererte beinet frå golvet ved å bøye i hofta.

Bildet viser korleis øvinga skal gjerast
  


5. Ståande bakoverføring av hofte. Stå rett og støtt deg på ein stolrygg. Stram setemuskulaturen og før beinet bakover. Pass på å halde overkroppen rett under øvinga.

  

Bildet viser korleis øvinga skal gjerast

6. Knebøy med stol. Stå oppreist foran ein stol med ei hoftebreidde mellom føtene. Kne og tær skal peike rett fram. Armene skal haldast strake føre kroppen. Gjer knebøy slik at du akkurat ikkje set deg ned på stolen. Returner til utgangsposisjonen.

Bilde som viser korleis øvinga skal gjerast


7. Trappegange med krykker. Oppover skal du først sette det ikkje-opererte beinet på trinnet og så følgje med krykke og operert bein. Nedover skal du sette operert bein først på trinnet og følgje med ikkje-operert bein og krykke.

Bilde som viser korleis øvinga skal gjerast

Sist oppdatert 03.11.2017