Gjeldande utviklingsplan for Helse Fonna HF (PDF)
Utviklingsplan 2023-2026 - vedtatt 14. januar 2022 (PDF)
Kva er utviklingsplan?
Utviklingsplanen er helseføretaket sitt øvste strategiske dokument for korleis vi vil utvikle verksemda for å møte framtidig behov for helsetenester.
Planen skal peike på ønska retning for utvikling av verksemda og kva tiltak som er nødvendige for å møte utfordringar i framtida.
Gjeldande utviklingsplan for Helse Fonna er for perioden 2019-2022.
Gjennom styringsdokumentet for 2020 ber Helse Vest om at ny plan blir laga innan utgangen av 2021.
Planen skal behandlast i styret i Helse Fonna og sendast til Helse Vest for godkjenning.
Samarbeidspartar i helsefellesskapet, brukarar, tillitsvalde, vernetenesta og fagmiljø vil bli involverte i arbeidet med å revidera utviklingsplanen gjennom eksisterande samarbeidsorgan.
Planen vil bli formelt drøfta og handsama i arbeidsmiljøutvalet før styrebehandling.
Prioriterte pasientgrupper
Utviklingsplanen skal utarbeidast i tråd med føringar i Nasjonal helse- og sjukehusplan og Strategi for Helse Vest. Utvikling av tenester til pasientar som treng tilbod frå både spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta skal prioriterast.
Dei fire prioriterte pasientgruppene er
- Barn og unge
- Vaksne med alvorleg psykisk liding og rusproblem
- Skrøpelege eldre
- Personar med fleire kroniske lidingar
Nasjonale og regionale føringar
Nasjonal helse- og sjukehusplan
Strategi for Helse Vest - Helse 2035
Rettleiar for utviklingsplan (PDF)
Milepelsplan
-
29.10.2020: Styret i Helse Fonna blei orientert om arbeidet og godkjende mandat
-
01.10.2020: Utkast til utviklingsplan vert sendt på høyring
-
26.11.2021: Utkast til utviklingsplan til behandling i styret i Helse Fonna
-
31.12.2021: Frist for å sende utviklingsplanen til Helse Vest for godkjenning
-
14.01.2022: Utviklingsplan vedtatt i styret i Helse Fonna
Styret i Helse Fonna blir løypande orientert om arbeidet med revisjon av utviklingsplanen. Sjå publiserte styresaker.
Styremøte 20.04.2021
Styremøte 18.02.2021
Styremøte 29.10.2020Styremøte 18.06.2021 (pkt. 4, side 13)
Styremøte 14.01.2022