Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vidareutdanning

Dyktige og dedikerte medarbeidarar er avgjerande for at Helse Fonna skal levere gode nok helsetenester i tida framover. Som tilsett hos oss kan du søke på utdanningsstillingar eller søke om å få dekka utgifter knytt til kompetanseheving innan fagfelt som er relevante for føretaket.

Spesialsjukepleiarar er ei etterspurt og kritisk kompetanse ved sjukehusa i Helse Fonna. Vi oppfordrar derfor sjukepleiarar til å ta videreutdanning. Dette kan ein gjere på heiltid eller deltid.

Stillingane blir lyst ut i internt i rekrutteringsportalen med søknadsfrist i mars kvart år.

Dersom du er sjukepleiar med minst to års relevant erfaring og ønskjer å ta vidareutdanning innan etterspurte fagområde, kan du søke på utdanningsstilling som sikrar deg 100 % løn under utdanninga (90% utdanningsstilling, 10% arbeidsplikt på helg). 

Stillingane blir i hovudsak tilbydd for vidareutdanning innan faga:

  • Intensivsjukepleie
  • Anestesisjukepleie
  • Operasjonssjukepleie
  • Jordmorfag

Stillingane er i utgangspunktet eit tilbod til tilsette som har fast stilling i føretaket.

Helse Fonna samarbeider med Høgskulen på Vestlandet om desse utdanningane, og praksis blir avvikla ved sjukehusa på Stord og i Haugesund.

Det er og mogeleg å ta utdanninga ved andre institusjonar, men då utan praksis i føretaket.

Det kan variere frå år til år innan kva fag desse utdanningsstillingane blir tilbydd. Dette blir avgjort gjennom ei årleg behovskartlegging og prioritering av klinikkdirektørane.

Du kan søke på utdanningsstilling når du har søkt om studieplass på relevant vidareutdanning. Utveljing til stillingane skjer etter intervju og innhenting av referansar. Du må også dokumentere at du har fått tilbod om studieplass.

Utdanningane er masterløp, men det er mogleg å avslutte etter tre semester som ferdig kvalifisert spesialsjukepleiar. Utdanningsstilling er ein avtale om løn i tre semester med arbeidsplikt og bindingstid (for jordmorfag gjeld avtalen for fire semester). Når det gjeld masteroppgåve kan du søke permisjon utan løn frå bindingstid (1/2 år).

I avtalen om utdanningsstilling inngår krav om 10 % arbeidsplikt på helg, samt fire veker 100 % stilling som sjukepleiar om sommaren i utdanningsperioden.

Etter fullført utdanning som spesialsjukepleier/jordmor, blir ein tilsett i 100 % stilling i bindingstid i aktuell avdeling. Bindingstida varer i tre år.

Det blir også gitt tilbud om økonomisk støtte til deltidsutdanningar, dersom desse er prioriterte frå klinikkdirektør. Slik søknad skal være skriftleg og behandlast av næraste leiar i samarbeid med HR.

All støtte som samla overstig 50 000 kroner utløyser krav om bindingstid. Lengde på bindingstid blir avgjort ut frå total sum som blir gitt i økonomisk støtte (eitt eller to år).

All utdanningsstøtte skal avtalefestast mellom arbeidsgivar og student, og slik avtale skal arkiverast i personalmappe.

E-læring er ein mykje nytta metode for kompetanseutvikling i føretaka i Helse Vest. Ein del kurs er obligatoriske for ulike grupper av medarbeidarar, og nokre av desse skal gjentakast med jamne mellomrom. 

Du kan lese meir om obligatoriske kurs under Studentar.

Kompetanseportalen skal mellom anna hjelpe medarbeidarar og leiarar med å:

  • Dokumentere kompetanse og identifisere behov for opplæring og vidareutvikling
  • Sette saman team med rett kompetanse
  • Førebu, gjennomføre og følgje opp avtalte tiltak frå medarbeidarsamtalar.

Kompetanseportalen er eit verktøy for medarbeidarar for å nå sine utviklingsmål. Når medarbeidarar blir tilsette, får dei automatisk oppretta ein brukarprofil i portalen. Medarbeidar si oppgåve er å oppdatere CV, fylle ut tildelte kompetanseplanar, førebu seg til medarbeidarsamtale, skrive referat etter medarbeidarsamtale samt følgje opp avtalte utviklingstiltak.

Portalen det verktøyet ein nyttar for å kartlegge all kompetanse i helseføretaket.  

I Læringsportalen ligg all kursaktivitet i Helse Fonna, både e-læringskurs og klasseromsundervisning. Når medarbeidarar blir tilsette, får dei automatisk oppretta ein brukarprofil i portalen, slik at dei har tilgang til heile kurskatalogen. Studentar og andre kan opprette ein ekstern brukar og få tilgang til eit utval av kursa.

Bruksrettleiing til Læringsportalen for tilsette

Sist oppdatert 31.12.2024