Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Godt møte om Vestlandslegen

Helse Fonna er godt i rute med planane for utdanning av legar på Haugesund sjukehus.

En gruppe mennesker som går i en gang
Representantar frå Universitetet i Bergen fekk omvisning på det gamle Akuttmottaket som skal gjerast om til undervisningslokale for Vestlandslegen. Tekst og foto: Magne Kydland

I januar fekk vi besøk av Per Bakke og Marit Øilo frå Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen. Tema var Vestlandslegen.

Vestlandslegen er ein ny regional studiemodell for medisinstudiet, som er initiert og organisert av UiB, for å auke rekruttering av legar til Vestlandet. Studiemodellen blir gjennomført i samarbeid med helseføretaka i Helse Vest RHF, deriblant oss i Helse Fonna.

Fekk omvisning

Samarbeidsmøtet var først og fremst for å informere om stoda og bli betre kjende med kvarandre, og det var også omvising i dei planlagde undervisningslokala, på akuttmottaket, intensivavdelinga og hjarte- og lungeavdelinga.

På lungeavdelinga ser dei fram til å komme i gang med utdanning av legar.

Kan bidra til rekruttering

– Vi har bygd opp eit godt opplegg, der studentane føler seg ivaretekne. Vi har dei siste par åra merka at det blir stadig vanskelegare å få tak i LIS 2-legar, og vi håpar at Vestlandslegen kan vere nøkkelen til å rekruttere fleire LIS 2, seier avdelingsleiar Eva K. Schmidt.

Tilbakemeldingane frå UiB var også gode.

– Lungeavdelinga her på Haugesund sjukehus er ein populær stad å vere for studentane våre, seier Bakke.

Eit regionalt samarbeid

Dei tre første åra er studentane ved UiB, medan dei tre siste åra av studiet blir gjennomført enten i Stavanger, Haugesund eller Førde. Dei første studentane kjem til Helse Fonna i 2029.

Les meir om Vestlandslegen her: Studiemodellen og ordninga - Helse Fonna HF

Publisert: 15. januar 2025.

Sist oppdatert 16.01.2025