Etablerer lokal prosjektorganisasjon
Det er mykje som må på plass før vi kan ta imot dei første studentane. Det er derfor etablert ein lokal prosjektorganisasjon som skal gjere Helse Fonna klar til å ta imot dei første studentane.
Helse Fonna har vedtatt ei betydeleg auke i budsjettet til forskingsavdelinga, og ein stor del av dette vil bli brukt som førebuing til Vestlandslegen. Det vil også bli søkt eksterne midlar som kan bidra til å auke forskingskompetansen innan dei fagområda som skal delta i utdanninga av legar.
Det vil vere behov for å styrke alle fagområda som skal utdanne studentar, og det krev både akademisk, pedagogisk og fagleg kompetanse på høgt nivå. Arbeidet med dette er allereie i gong.
Det vil også bli behov for lokale til undervisning, ferdigheitstrening og kontor både for studentar og medarbeidarar. I tillegg vil det bli behov for studentbustader.
Prosjekteigar er fagdirektør Andreas Andreassen og prosjektleiar er Finn Arve Åsbu.
Utviklar universitetspedagogisk kompetanse
Som ein del av førebuinga til Vestlandslegen har Helse Fonna i 2024 sett i gong med kurset «MEDDID601», innføring i medisinsk- og helsefagleg didaktikk, for sine legar.
Kurset blir gjennomført i regi av Eininga for Læring ved Det Medisinske Fakultetet/Universitetet i Bergen, og gir ei innføring i universitetspedagogiske prinsipp og verktøy for legane.
Legar med delstilling som lektor ved Universitetet i Bergen, og eit utval av undervisningsansvarlege overlegar, var med i den første gruppa som starta opp hausten 2024.
Kursinnhald
Kurset omfattar 4 heildagssamlingar, arbeid med ei fordjupingsoppgåve, og framlegging av fordjupingsoppgåva.
Målet med kurset er å bidra til auka forståing for korleis studentar på bachelor- og masternivå lærer og korleis ein kan leggja til rette for læring for studentar i medisin og andre helserelaterte fag.
Gjennom teoretiske studiar, diskusjon og praktiske øvingar, gjer kurset deltakarane kjent med sentrale tema og problemstillingar innan det universitetspedagogiske feltet, inkludert læring, undervisningsplanlegging, ulike undervisningsformer, vurdering, digital undervisning, m.m.
Kurset, som skal gjennomførast på fast basis, blir organisert lokalt i Haugesund ̶ slik at det er best mogleg tilrettelagt for deltakarane.
Les meir om Innføring i medisinsk- og helsefaglig didaktikk | UiB