Utdanningsstillingar
Kvart år lysar Helse Fonna ut utdanningsstillingar innan anestesi-, intensiv-, og operasjonssjukepleie, kreftsjukepleie, barnesjukepleie og jordmorfag.
Lønn og arbeidstid
Dersom du blir tilsett i ein utdanningsstilling i Helse Fonna, får du 90 prosent lønn som sjukepleiar. I tillegg må du jobbe 10 prosent lønna stilling i føretaket, som regel knytt til helg.
Om sommaren i studieperioden må du jobbe 4 veker i 100 prosent stilling. Den økonomiske støtta dekker ikkje det 4. semesteret i utdanninga som leier til mastergrad (gjeld ikkje for jordmorstudentane). Bindingstida etter fullført spesialisering er tre år i 100 prosent-stilling.
Søknadar
Du kan søke på utdanningsstilling via rekrutteringsportalen WebCruiter hos Helse Fonna frå 1. februar. Søknadsfristen er 31. mars. Du må samstundes søke studieplass på det aktuelle studiet innan gjeldande fristar.
Hospitering
Om du vurderer vidareutdanning på heiltid, men ikkje er sikker på om det passar for deg, eller kva spesialitet du skal velje, kan du hospitere på spesialavdelingane på sjukehuset. Ta kontakt med aktuell funksjonsleiar på e-post eller telefon, og avtal at du kjem ein dag du har fri for å få innblikk i korleis ein jobbar som spesialsjukepleiar.
Kontakt
For meir informasjon om vilkår for utdanningsstilling, ta kontakt med Utdanning- og kompetanseavdelinga på e-post kompetanse@helse-fonna.no, eller ring rådgjevar Ingrid Hovden Stava på tlf. 52 73 20 66.