Psykiatri
Spesialitet: Psykiatri
Utdanningsvirksomheten
Klinikk for psykisk helsevern og rus er organisert i 2 sjukehuseinigar, Haugesund og Valen, samt 3 Distriktpsykiatriske sentre (DPS) og 2 Barne-og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP).
TSB behandling inngår som ein integrert del av det tverrfaglege behandlingstilbodet.
Begge sjukehusa har akutt- og ØH-funksjon for sine opptaksområder Haugaland/ Sunnhordland.
DPS og BUP skal ha ansvar for størstedel av dei allmenpsykiatriske tenestene med poliklinikk, dagbehandlingstilbod og døgntilbod.
Klinikk for psykisk helsevern og rus har godkjenning for utdanning av legespesialistar innan:
Barne- og ungdomspsykiatri (BUP)
Psykiatri (VOP)
Foretaket har godkjenning for spesialiteten Rus- og avhengighetsmedisin (RAM).
Organiseringa av TSB tilbodet - ruspoliklinikkar, TSB døgnavdeling vil ikkje bli nøye omtalt i denne teksten i høve LIS-utdanning.
I Helse Fonna finnes 2 Sjukehus-DPS-system som LIS kan fullføra heile utdanningsløpet sitt:
Valen sjukehus er lokalisert som eit reint psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad kommune.
- Sjukehuset har 1 akuttpost for sitt lokale opptaksområdet.
- Langtids psykose behandling er funksjonsfordelt til Valen sjukehus, med regionalt opptaksområde.
- Den lokal Sikkerhetsposten og en
- Sikkerhets-rehabiliteringspost, med sikkerhetssenger for kvinner, har òg regionalt opptaksområde.
Til Valen sjukehus er tilkopla 2 DPS-ar: Folgefonn DPS, lokalisert på Valen men også med ein poliklinikk i Odda, og Stord DPS lokalisert på Stord i Sunnhordland vis a vis Stord sjukehus. Begge DPS-ar har poliklinikker, og sengeposter for et lokalt opptaksområde.
I tillegg er det tilknytta ein barne-og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP Stord) til regionen.
Sjukehusseksjonen i Haugesund ligg i bygningar som er knytte saman med dei somatiske avdelingane ved Haugesund sjukehus. Haugesund sjukehus har også fått eit nytt felles akuttmottak for somatikk og psykiatri.
Sjukehuset har 1 akuttpost for sitt lokale opptaksområde, posten ligg i tilknytning til nytt akuttmottak. Det er også etablert 2 akutt avgiftningssenger i akuttposten.
- Avgiftningspost med regionalt opptaksområde, posten ligg i tilknytning til akuttpost og nytt akuttmottak.
- Alderspsykiatrisk post har regionalt opptaksområde. Posten vil i 2022/2023 bli ein del av Medisinsk klinikk og slått saman med geriatrisk avdeling.
Til Haugesund sjukehus er det tilkopla Haugaland DPS lokalisert i Haugesund og på Karmøy. Haugaland DPS har fleire poliklinikkar og døgnposter.
På Karmøy ligg ein TSB- døgnpost for unge rusmiddelavhengige, som har heile Helse Vest som opptaksområde.
I tillegg er det tilknytta ein barne-og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP Haugesund) til regionen. Her ligg og døgnposter med ØH-funksjon for barn i alder 6-12 år og for ungdom i alder 13-18 år.
Godkjenningsstatus:
Pr. 1.1.2018 har Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF, følgjande godkjende utdanningsinstitusjonar:
- Valen sjukehus (Avdeling Valen sjukehus) – Godkjend for 2 års teljande teneste: lukka akutt-, fordjupings-, og rehabiliteringsteneste.
- Haugesund sjukehus (Avdeling psykisk helsevern Haugesund) – Godkjend for 2 års teljande teneste: lukka akutt-, og fordjupingsteneste
- Folgefonn DPS – Godkjend for 2 års teljande teneste, poliklinikk allmennpsykiatri og rehabilitering- og fordjuping teneste.
- Stord DPS – Godkjend for 2 års teljande teneste: poliklinikk allmennpsykiatri og rehabiliteringsteneste
- Haugaland DPS – Godkjend for 3 års teljande teneste: poliklinikk allmennpsykiatri og rehabilitering-, og fordjupingsteneste
- BUP Haugesund – Godkjend for 4 års teljande teneste: poliklinikk allmennspsykiatri og Fordjupingsteneste
- BUP Stord – Godkjend for 2 års teljande teneste: poliklinikk allmennpsykiatri
Klinikk for psykisk helsevern og rus har fleire psykiatrar med forskar- rettleiarkompetanse, og LIS vert oppmoda til å delta i forsking som del av utdanninga. Voksen psykiatri har 1 psykologspes. / PhD og 1 psykiater / PhD som kvar har 20% stilling ved UiB som førsteamanuensis.
Klinikk for psykisk helsevern og rus har også fleire psykiatrar og psykologspesialistar med dobbeltspesialisering.
Innan vaksenpsykiatri (VOP) har Klinikk for psykisk helsevern og rus pr. januar 2018 til saman 29 overlege-LSR.nr. og 18 LSR.nr. for LIS.
Desse er p.t. fordelte slik mellom avdelingane:
- Psykisk helsevern Haugesund, 6 overlegar, 3 LIS
- Haugaland DPS, 10 overlegar, 7 LIS
- Valen sjukehus, 5 overlegar, 4 LIS
- Folgefonn DPS, 4 overlegar, 2 LIS
- Stord DPs, 4 overlegar, 2 LIS
I Helse-Fonna er det lagt opp til ein integrert modell innan psykisk helsevern for voksne og TSB, som skal sikra både behandling av psykiske lidingar og av rusavhengigheit. TSB og LAR er desentralisert på DPSa kor kvart DPS har ansvar for sitt opptaksområde.
Haugaland DPS har ansvar for felles henvisningsmottak TSB i Helse Fonna og dette skal slås saman med Haugaland A-Senter i løpet av våren 2022.
(Psykisk helsevernlov =phvl, Helse- og omsorgstjenestelov =hol)
Avdeling Valen Sjukehus (tvang etter phvl, hol):
Akuttpost
8 døgnplassar, lukka post, godkjent for Akutteneste
Tar imot pasientar i lokalt opptaksområde med akutte psykiatriske lidingar og forverringar av psykiske lidingar til innlegging som akutt hjelp. Grunnlaget for akuttinnleggingar vil som hovudregel vere akutte kriser, risiko for suicid, suicidalvurderingar, alvorlege depressive tilstander, psykotiske- eller maniske tilstandar, og rusutløste symptom der behandling på lågare nivå ikkje er tilstrekkeleg.
Sikkerhetspost for menn
9 døgnplassar, lukka post, godkjent som Fordjupingsteneste i Sikkerhetspsykiatri:
Posten er den lokale sikkerhetsposten til Helse Fonna og har heile føretaket som sitt opptaksområde. Den har også, etter individuelle avtaler, tatt imot sikkerhetspasientar frå andre helseføretak. Sikkerhetsposten er, forent med Vestlandets lokale sikkerhetspostar Stavanger, Førde, Bergen, og tilkopla til regional sikkerhetspost, i Bergen.
Målgruppa er mannlege pasientar, som har alvorleg sinnsliding i kombinasjon med valds- og farligheitsproblematikk, auka utageringstendens. Lovleg grunnlag for innlegging kan vere kjennelse til varetektsurrogat eller til observasjon i hht strpl, dom til behandling, eller treng behandling under kap.3 i psykisk helsevernsloven. Behandling kan vere akutt, men er hovudsakeleg tenkt som langvarig pga. kompleks symptomatikk og ofte lang sjukdomshistorie.
Sikkerhet-Rehabilitering
8 døgnplassar, lukka post, godkjent for Rehabiliteringsteneste:
Målgruppa er pasientar som har hatt ei alvorleg sjukehistorie der rehabiliteringsfasen kan vere langvarig og kompleks og strekke seg over tid. Opptaksområde strekker seg over heile Helse Fonna.
Posten gir behandlingstilbod til pasientar med alvorleg psykisk liding i rehabiliteringsfasen.
2 plassar er øyremerka for alvorlig sinnslidande kvinner med valds- og farligheitsproblematikk (sikkerhetsplassar). Posten ligg tett knytt til lokal sikkerhetsposten.
Dermed har posten to hovudfunksjonar
- Stabilisering, utgreiing, behandling og rehabilitering av kvinner med alvorleg psykisk liding i kombinasjon med valds -og farligheitsproblematikk
- Rehabilitering av pasientar med alvorleg psykisk liding i kombinasjon med valds -og farligheitsproblematikk som er stabilisert (evt på sikkerheitsposten), og som treng behandling/rehabilitering i eit strukturert miljø og støttande tiltak i rehabiliteringsfase ut i kommunen over lang tid.
Poliklinikken Ambulant sikkerhetsteam (AST) er organisert som ambulerande sikkerhetsteam som del av både sikkerhets- og sikkerhets-rehabiliteringspost. AST kan sørgje for trygg vidareføring av behandling og stabilitet for pasienten ut til kommunal omsorg.
Ambulant sikkerhetsteam har som oppdrag å gjennomføra valdsrisikovurderinger (HCR-20, v3) og skrive tilknytta handteringsplaner for pasientar som skal overførast til neste lavere behandlingsnivå.
- I tillegg blir det poliklinisk gjennomført av teamet 2 x/årlig «gruppeterapi i sinnemestring» for rundt 8 deltakere med for- og ettervern i en poliklinisk regi.
Psykosebehandlingspost
9 døgnplassar, lukka post, godkjent for Rehabiliteringsteneste:
Posten tar imot planlagde innleggingar frå heile Helse Fonna sitt opptaksområde.
Behandlingstilbod for relativt unge personar med alvorlege psykiske lidingar, som langvarig psykose, som har ikkje fått/kunne nyttiggjøre seg behandling og hjelp i andre opplegg i helseføretaket.
Målgruppa er pasientar med stor symptombelastning, lågt funksjonsnivå, lang sjukehistorie trass ung alder, og som ikkje har vore tilgjengelege/ikkje kunne nyttiggjere seg behandling på lågare nivå i behandlingskjeda (DPS, poliklinikk).
Folgefonn DPS (FDPS) (tvang etter phvl):
Poliklinikkar
Poliklinikkane i Odda og på Valen har tilbud for allmenpsykiatri. Det er oppretta et behandlingstilbod om fysisk strukturert aktivitet i Odda og på Valen. Poliklinikk i Odda har også liaison-tjeneste for Odda sjukehus.
Poliklinikken har eit ambulant tilbod i form av FACT-team. I tillegg til den Allmennpsykiatriske poliklinikken er det ein TSB-poliklinikk. Poliklinikkane har ulike former for gruppeterapi som for eksempel kognitiv terapi, hesteassistertterapi og musikkterapi. Videre har en tilbod som Arbeid og helse, samt traumebehandling (EMDR).
Døgnavdeling
12 døgnplasser, åpen godkjent for Langtids-rehabiliteringsteneste:
Døgnavdelinga har 2 poster, Allmenn og Psykose, med til saman 12 senger.
Målgruppa på Allmenn post er pasientar med blant anna alvorlege angstlidingar, depresjonar, personlighetsforstyrringar, suicidalproblematikk, rusmiddelavhengighet og alvorlege krisetilstander.
Målgruppa på Psykose post er pasientar med psykoseproblematikk. Avdelinga har 2 brukarstyrte senger og 1 kriseseng.
Stord DPS (SDPS) (tvang etter phvl, hol):
Poliklinikkar
Poliklinikken har tilbud for allmennpsykiatri, og er funksjonsfordelt til hovudsakelig 2 allmennpsykiatriske team for ulike tilstandsbilete som treng utgreiing og korttids- eller langtidsbehandling. Eit rehabilitering/ambulant team (AAT) og eit TSB team for pasientar med ruslidingar.
Poliklinikken har og eit omfattande gruppetilbod (inkludert DBT) samt tilbud om hesteassistert terapi, musikkterapi og 4- dagers angstbehandling (B4DT).
DPS’et tilbyr og Liaison tenester til Stord sjukehus, samt har samarbeid om ECT-behandling. Har og FACT team.
Allmennpsykiatrisk post
10 døgnplassar, åpen post, godkjent for Rehabiliteringsteneste
Har 1 brukarstyrt seng. Målgruppa er i hovudsak affektive lidingar, angstlidingar, kriseintervensjonar, samt pasientar med psykoseproblematikk. Komorbiditet er vanleg. Hovedvekt på kognitiv tilnærming, det finnes tilbud om ECT behandling med Stord sjukehus.
Haugaland DPS (tvang etter phvl):
Poliklinikkar,Haugaland og Karmøy
Allmenpoliklinikk er tverrfagleg samansatt på begge lokasjonar (Haugaland og Karmøy). Poliklinikken tilbyr individualterapi i tillegg til E-meistring, DBT, arbeidsretta behandling (arbeid og helse), samt 4 dagers behandling B4DT.
Psykosepoliklinikk er lokalisert på Haugaland og er tverrfagleg samansatt. Nyleg oppretta eit eige utredningsteam som tar imot nytilviste udiagnostiserte pasientar i tillegg til å avhjelpa i kompliserte saker i psykosekjeda. Godkjend for TPH. Det er starta 2 FACT-team i 2021, samt poliklinikken har og eit ACT- team med Haugesund kommune. Tilbyr individualterapi og IMR, samt har ansatt musikkterapeut i 2021.
TSB-poliklinikk er tverrfagleg samansatt på begge lokasjonar. Tilbyr individualterapi og IMR-grupper. Eget FACT-rus starter opp i 2022. TSB-poliklinikk har tett samarbeid med NAV og førstelinjetenesta. Poliklinikken på Karmøy har LAR-utdeling til Karmøy-pasientar. Pasientar i andre kommuner til HDPS sitt opptaksområde får LAR utlevert i kommunane.
Allmennpsykiatrisk post I, Haugaland
10 døgnplassar, åpen post, godkjent for Fordjupingsteneste for korttidsintervensjon.
Målgruppa er i hovudsak affektive lidingar, depresjonar, bipolare lidingar og pasientar med angstlidingar. Komorbiditet er vanleg, og i hht rustilstander. Innleggingar skjer mest frå akuttpost med fokus på rask overføring til DPS og med ein tydeleggjering av behandlingsplan.
Posten har 1 kriseseng for inntil 3 liggedøgn.
Allmennpsykiatrisk post II, Haugaland
5 døgnplassar, åpen post, godkjent for Fordjupingsteneste for korttidsintervensjon.
Målgruppa er pasientar med ulike former for traume, dissosiative symptomer, depresjon og angst. 5 brukerstyrte plassar. Eigen gruppeeining som gir gruppebehandling tverrpoliklinisk i samarbeid med døgnposten (4 dagers formatet B4DT, PEGASUS ADHD, bipolarskolen, «pusterom», IMR-grupper, musikkterapi). Pasientar med ruslidelser har brukerstyrte kontrakter. Posten har og hatt ansvar for pasientar med spiseforstyrrelser som trenger innlegging
Målgruppa for Allmenn I og II er nokså parallell og avdelinga tar imot pasientar frå både Akuttpost samt Alderspsykiatrisk sengepost. Både Allmenn I og Allmenn II tilbyr døgnbehandling til pasientar som er under ECT behandling.
Psykosepostar, Haugaland /Karmøy
2 x 10 døgnplassar, åpen postar, godkjent for Rehabiliteringsteneste
Haugaland DPS har to døgnavdelingar med kvar 10 senger, Karmøy har 3 av sengene brukarstyrt, mens Haugaland har 2. Begge postane har 1 kriseseng kvar, som vert disponert av vaktsystemet AAT.
Målgruppa er pasientar med psykoseproblematikk: langvarige psykosar, schizofreni og rus / psykiatri, bipolare psykosar. Begge postane tar imot pasientar akutt, eller som intermediær, og tilbyr behandling både frivillig og tvungen psykisk helsevern.
Døgnavdelingane har tett samdrift med psykosepoliklinikk om fellesforløp. Saman med psykosepoliklinikk har døgnavdelingane bygd ut behandlingsalternativ i form av IMR grupper, livsmestringsgruppe, fleirfamiliegrupper og musikkterapi.
Ungdomsenheten, Karmøy, 7 døgnplasser
Ungdomseininga er ein rusrehabiliteringspost innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) som dekker heile opptaksområdet til Helse Vest. Døgnavdelinga tar imot pasientar til planlagd opphald som strekk seg over tid, opptil 1 år for unge-voksne i alder 18-27 år med påfølgande tilbod om ettervernsoppfølging. Tilbyr behandling til pasientar med rusmiddelavhengighet, eller avhengighet og lette til moderate psykiske lidingar. Fokus på fysisk aktivitet i miljøterapi, Recovery-orientert praksis, «endringsprat» (etter MI-prinsippene) og kognitiv atferdsterapi.
Vaktsystem Akutt ambulant team (AAT)
Haugaland DPS har eige vaktsystem, AAT, operativt 24/7. Teamet er leia av psykologspesialist med vedtakskompetanse. AAT er ei vaktordning kor LIS og bakvakt saman med psykolog/psykologspesialist utgjer eit fast tverrfagleg team. (LIS 1 har rolle som følgjevakt og har ikkje sjølvstendig fagleg ansvar.) Teamet har portvaktsfunksjon og tilbyr ambulante vurderingar samt alternativ til akuttinnlegging i døgnavdeling.
Avdeling psykisk helsevern, Haugesund (tvang etter phvl):
Akuttpost
11 døgnplassar, lukka post, godkjend for Akutteneste.
Lokalt opptaksområde for akutt/ØH-innleggelsar. Tar imot pasientar med akuttpsykiatriske lidingar og akutte forverringar av psykiske lidingar til innlegging som akutt hjelp. Grunnlaget for akuttinnleggingar vil som hovudregel vere risiko for suicid, suicidalvurderingar, alvorlege depressive eller psykotiske tilstandar der behandling på lågare nivå ikkje er tilstrekkeleg.
Posten har også 2 akutte avgiftningssenger.
Avgiftningspost
5 døgnplassar, lukka post.
Posten tilbyr planlagd avgiftning for rusmiddelavhengige pasientar i rama av eit samanhengande behandlingsløp (med andre avdelingar innan Helse Fonna eller Haugaland A-senter), og kortvarige stabiliseringsopphald.
I tillegg til eit erfarent miljøpersonell har posten 1 x 100 % psykiater som er i ferd med å ferdigstilla utdanninga (dobbeltspesialitet) i rus- og avhengighetsmedisin (RAM), LIS3 i psykiatri og LIS1. Posten vil bli brukt som læringsarena i utdanninga i rus- og avhengighetsmedisin når spesialistdekninga på overlegesida (RAM) er godkjend.
Alderspsykiatrisk post
8 døgnplassar, lukka post, godkjend for Fordjupingsteneste
Posten har 1 seng i skjerma eining. Gjennomsnittleg liggjetid er om lag 3 veker, og hovudtyngda av pasientane har demens eller depresjon som hovuddiagnose. I løpet av 2022/2023 skal sengepostane for geriatri og Alderspsykiatrisk post bli ein ny felles sengepost for Eldremedisin. Den nye posten vil da høyre til Medisinsk klinikk Haugesund. LIS vil framleis kunne gjennomføra fordjupningsteneste ved Avdeling for Eldremedisin (poliklinikk og døgnpost).
Spesialpoliklinikkar
Består av ulike tverrfaglege team som har føretaksdekkande spesialfunksjoner:
- Nevropsykologisk eining: Gjer tilbod for pasientar som treng utgreiing av kognitive funksjonar. Einiga gjer tilbod om utgreiing og kortare oppfølging til pasientar både frå somatikk og psykiatri. Det er tilbod om drøfting av pasientsaker i regelmessige møter med TSB, VOP og BUP team.
- Poliklinikk for ECT-behandling: Elektrokonvulsiv terapi (også kalt ECT) er ei etablert behandling som blir tilbudt ved alvorlege psykiske lidingar. Pasientar kan vere inneliggande ved ulike døgnavdelingar når dei får tilbodet, men teamet er organisert som ein poliklinikk og mange pasientar får behandling utan innlegging.
- Poliklinikk for psykisk utviklingshemma (PPU): Poliklinikken gjer tilbod om behandling og utgreiing av pasientar som har både psykisk liding og psykisk utviklingshemming. Teamet har ein Regionalt nettverks-/tyngdepunktsfunksjon for pasientar med samtidig autisme, utviklingshemming og adferdsforstyrring.
- Konsultasjons-/liaison-team for Haugesund sjukehus: Teamet har psykiatriske tilsyn ved somatiske avdelingar. Tilbyr psykiatri/rus tilsyn, vurderingar og støttesamtaler. I enkelte tilfelle følgjes pasientar opp over kort tid etter utskriving. Undervisning og rettleiing av personell i somatikken tilbys etter avtale.
Utdanningsløpene
Det er semje om at utdanningsløpa bør starta på Akuttpostane, enten på Valen sjukehus eller ved Avdeling psykisk helsevern Haugesund sjukehus, og ville vare i omtrent 1 år, før LIS kan rotera vidare til spesialiserte postar. Her er det gunstig å rotera først innan sjukehus, før ein bytter institusjon til DPS-postane. I slutten av utdanningsløpa, minst det siste året, når LIS er kommen langt i si utdanning, er det godt forsvarleg og nødvendig for LIS å jobba i poliklinikk.
LIS 3 blir første veke etter tilsetjing introdusert i vaktoppgåver og deltaking i forvakt-systemet som er for tida 7-delt på Valen (alle sjukehusposter på Valen, samt 2 DPS postar ved Folgefonn DPS) og 8-delt på Haugalandet (alle sjukehuspostar i Haugesund, samt Haugaland DPS).
Avdeling Valen Sjukehus
Av 82 læringsmål kan desse ikkje oppfyllast ved avdelinga:
- Læringsmål 004 (behandlingsløp ved allmenpsykiatrisk poliklinikk)
- Læringsmål 005 (liaisonteneste, kun sjeldan etterspurt av Odda sjukehus)
- Læringsmål 016 (sjølvstendig ECT-behandling)
Forventa varighet av teneste for å oppnå aktuelle læringsmål ved avdelinga, innan rundt 2 år:
- Akutteneste (Akuttpost): rundt 1 år
- Rehabilitering/langtidsbehandling (Sikkerhet – Rehabiliteringspost og Psykosepost): opptil 1 år
- Fordjuping (Sikkerhetspost): opptil 1 år.
Folgefonn DPS
Av 82 læringsmål kan desse ikkje oppfyllas ved avdelinga:
- Læringsmål 002 (møte akutte pasientar ved lukka akuttpost)
- Læringsmål 003 (følgje pasientforløp i lukka akuttavdeling)
- Læringsmål 016 (sjølvstendig ECT-behandling)
Forventa varighet av teneste for å oppnå aktuelle læringsmål ved avdelinga innan rundt 2 år:
- Poliklinikk: rundt 1 år
- Fordjuping i subakutt behandling (Døgnpost F): opptil 1 år.
- Rehabilitering/langtidsbehandling (Døgnpost E): opptil 1 år.
Stord DPS
Av 82 læringsmål kan desse ikkje oppfyllast ved avdelinga:
- Læringsmål 002 (møte akutte pasientar ved lukka akuttpost)
- Læringsmål 003 (følgje pasientforløp i lukka akuttavdeling)
Forventa varighet av teneste for å oppnå aktuelle læringsmål ved avdelinga, innan rundt 2 år:
- Poliklinikk (alle team): rundt 1 år
- Langtidsbehandling/Rehabilitering (Døgnpost og Rehab-team): opptil 1 år
Haugaland DPS
Av 82 læringsmål kan desse ikkje oppfyllast ved avdelinga:
- Læringsmål 002 (møte akutte pasientar ved lukka akuttpost)
- Læringsmål 003 (følgje pasientforløp i lukka akuttavdeling)
- Læringsmål 016 (sjølvstendig ECT-behandling, -men mulig via samarbeid med Haugesund sjukehus)
Forventa varighet av teneste for å oppnå aktuelle læringsmål ved avdelinga, i rundt 3 år:
- Poliklinikk: rundt 1 år
- Langtidsbehandling/Rehabilitering (psykosepostar): opptil 1 år
- Fordjuping (Allmennpsyk.postar): opptil 1 år.
Avdeling psykisk helsevern, Haugesund sjukehus
Av 82 læringsmål kan desse ikkje oppfyllast ved avdelinga.
- Læringsmål 004 (behandlingsløp ved allmenpsykiatrisk poliklinikk)
Forventa varighet av teneste for å oppnå aktuelle læringsmål ved avdelinga innan rundt 2 år:
- Akutteneste: 1 år
- Fordjuping (Alderpsyk.post og Avrusningspost): opptil 1 år
Introduksjon av nye LIS
Avdelingsleiar, som er ansvarleg for tilsetjing, i lag med utdanningsansvarleg overlege i avdelinga, sørgjer for at LIS får tildelt klinisk rettleiar ved tilsetjing og før oppstart av praktisk jobb. Tenesteplan skal også føreliggja før oppstart.
Individuell gjennomføringsplan blir utarbeida i samarbeid mellom LIS, klinisk rettleiar og utdanningsansvarleg overlege under første rettleiingstime og blir satt inn i rotasjonsplan for heile klinikken.
Til vaktsystemet blir LIS introdusert under minst 3 følgjevakter, kor vedkommande følgjer erfaren LIS både i vekedagar og i helgevaktoppgåver.
Nye LIS 3 som vert tilsett går tidlegast mulig gjennom nødvendig opplæring i lokale prosedyrar for den avdeling eller poliklinikk dei blir tilknytta. Det blir også gitt opplæring i vaktsystemets oppbygning og rutinar. Før LIS går sjølvstendig vakt vil vedkommande delta som følgevakt. LIS vil og tidlegast mulig delta på undervisning i kjerneområder som suicidalitetsvurdering, skriving av psykiatrisk status presens og gjennomgang av lovverk. Det vert arrangert jamnleg strukturert undervisning i desse tema ved oppstart/rotasjon av LIS1.
LIS får og informasjon om utdanning / spesialisering frå utdanningsansvarleg overlege.
Supervisjon, veiledning og faglig utvikling
Tilrettelegging for supervisjon og rettleiing (individuell og i gruppe)
Det er eit linjeansvar å leggje til rette for gjennomføring av rettleiarsamtaler med kompetente rettleiare. Ved tilsetjing vil alle LIS få tildelt ein rettleiar som er spesialist i faget. Oppstart i rettleiing skjer fra veke ein etter tilsetjing. I tillegg kjem dagleg supervisjon i konkrete arbeidssituasjonar, av spesielt erfarne medarbeidare som også kan vere frå andre faggrupper.
LIS sin kompetanse og fremgang vert regelmessig kartlagd i halvårsevalueringar der LIS, klinisk rettleiar, supervisor(er), evt psykoterapirettleiar deltar (evalueringskollegium). Også oppnådde LM skal dokumenterast halvårleg.
Grupperettleiing har fokus på felles kompetansemål (FKM i utdanningsplanen).
Leiar (ansvarshavande) har ansvaret for at læringsmåla vert godkjend. Oppgåva kan midlertidig delegerast til utdanningsansvarleg overlege i avdelinga eller andre (Evalueringskollegium) slik at læringsaktiviteter og læringsmål vert godkjend fortløpande. Ved å leggje til rette for at fleire deltar i kompetansevurderinga av LIS sikrar ein likebehandling. Dersom andre enn leiar får delegert oppgåva med å godkjenne læringsmål vil dette tydeleg vere skrevet i ein instruks.
Rettleiinga av LIS skal leggas inn i kalendaren som ei ordinær oppgåve - Avansert oppgåveplanlegging (AOP) i GAT for å sikra at det vert sett av tilstrekkeleg tid og ressursar for LIS og rettleiar. Det er lagt opp til at det vert sett av 1 time kvar veke til individuell rettleiing. Forbereding og innhaldet i dei planlagde og regelmessige rettleiingssamtalane vil fortløpande bli dokumentert i Kompetanseportalen.
Tilrettelegging for fagleg fordjuping
Faglig fordjuping er avsett lesetid på 4 timer per veke som fortrinnsvis skal vere samanhengande, eventuelt samlast for å utgjere ein heil arbeidsdag annan kvar veke. Fagleg fordjuping bør og leggast inn i AOP.
Deltaking i faglege møter vert gjort ved at LIS skal delta i inntaksmøter, morgonmøter, vurderingar av tilvisningar og legemøter.
Overlegane har dagleg kontakt med LIS i vanleg drift. Overlegane er og tilgjengelege pr. telefon for LIS i det daglege arbeidet. Dessutan vil LIS ha tett kontakt med overlegane i vaktsamarbeid (forvakt-bakvakt).
Vurdering og dokumentasjon av oppnådde læringsmål
Læringsaktivitetar blir fortløpande dokumentert av supervisørar og klinisk rettleiar, både i daglege aktivitetar og i rettleiingstimane.
Oppnådde læringsmål blir vurdert i Evalueringskollegium, som skal vera ein del av halvårsevaluering.
Evalueringskollegium er samansett av LIS, klinisk rettleiar, psykoterapirettleiar, 1-2 supervisørar frå den aktuelle avdelinga og utdanningsansvarleg overlege i avdelinga. Avdelingsleiar eller leiar på anna nivå skal delta når det er behov for det.
Med bakgrunn i konklusjon i gjennomført Evalueringskollegium, godkjenn klinisk rettleiar oppnådde læringsmål i Kompetanseportalen. Klinisk rettleiar kan få delegert mynde til endeleg godkjenning av læringsmåla.
Ved rotasjon presenterast siste referat frå halvtårsevalueringa for den som blir klinisk rettleiar på neste avdeling.
Teoretisk undervisning
Utdanningsutvalet i klinikken (UTUV) har ansvar for oppsetting av program 2x/året og administrering av den teoretiske undervisningsdelen for LIS kandidatane. Budsjett for undervisninga er inkludert i direktørbudsjettet for tida.
Den teoretiske undervisninga i klinikken er lagt opp etter gjeldande reglar for spesialistutdanninga i psykiatri.
Det er etablert felles obligatorisk internundervisning for alle LIS-kandidatar i Klinikk for psykisk helsevern og rus.
Intern undervisninga er min. 2 timar kvar veke, minst 18 undervisningar a 2 timer/semester = minst 72 timer / år, lokalisert til Stord DPS (møteplass). Internundervisninga er lagt til ei tid kor alle LIS er ferdig med vaktrapport og det er tatt hensyn til aktuelle båtruter for å ikkje miste unødvendig mykje tid på reising.
Det er tilstreba at LIS har minst halvparten av undervisningane som eige framlegg.
1 fast overlege er til stades ved kvar undervisning, og tar ansvar for bytte o.l.
2-4 gonger kvart semester er det lagt opp til heildagsseminar med relevant tema og gjerne ekstern forelesar frå ulike universitetsmiljø. Som avslutning på kvart undervisningssemester er det etablert praksis å gjennomføre eit psykoterapiseminar som psykoterapirettleiarane og LIS tar ansvar for.
Klinikken tilrår relevant litteratur til kandidatane ved både lærebøker, tidskrift og spesielle artiklar. Det er lagt til rette for å ta i bruk listene med anbefalt litteratur frå Norsk Psykiatrisk Forening og Psykoterapiutvalet.
Hovudtema er:
- Utviklingspsykologi og barne-og ungdomspsykiatri
- Rus og psykiatri
- Jus og rettsmedisin, Psykofarmakologi
- Psykoterapi, Personlegdomsforstyrringar
- Stemningslidingar og psykosar
- Psykosar
- Nevrosar og kriser.
- Psykosomatikk og nevropsykiatri.
- Forsking relatert til dei ulike tema over.
Roterande 4,5 års plan for tema i internundervisning for LIS som omfattar alle 82 LM for psykiatrien samt ein del FKM, spesielt via litteraturgruppene og dei 2 psykoterapiseminarene.
1.år, 1.semester: Litteratursøk, Utviklingspsykologi, barn av psykisk sjuke foreldre, psykiatrisk etikk, forskingsetikk, vitenskapsfilosofi. Autisme/Asperger, «utvikklingsforstyrrelser»
- «- 2.semester: Rusmedisin, rus og psykiatri (RPO), tverfagleg spesialisert behandling (TSB)
2.år, 1. semester: Litteratursøk, Psykofarmakologi, psykisk helsevernlov
- «- 2. semester: Personlighetsforstyrrelser, Psykoterapiformer:(kognitiv) atferdsterapi, dynamisk, gruppe, mentaliseringsterapi,», relatert forsking strykes
3.år, 1. semester: Litteratursøk, Affektive lidingar inkludert bipolare lidingar
- «- 2. semester: Litteratursøk Psykoser, relatert forsking strykes.
4.år, 1. semester, Nevroser: Angst og tilpasningsforstyrrelser. Tvang. PTSD. Kognitiv terapi.
- «- 2. semester: Alderspsykiatri, CL-psykiatri(=liaison-), Somatikk og organiske lidelser, Nevropsykologi pluss tester, forsking.
5.år 1. semester: forskningssemester (fokus på de 3 skriftlige oppgåver)
I undervisninga er det etablerert ei litteraturgruppe, obligatorisk for LIS, fritt for spesialistar å delta, leia av respektive psykoterapirettleiarar og med litteratur valt ut frå hovudtema i semesteret.
Felles kompetansemål (FKM)
RegUt Helse Vest er lokalisert ved Haukeland Universitetssjukehus, forsknings- og utviklingsavdelinga, seksjon for fag og utdanning. RegUt i Helse Vest skal sikra regional og nasjonal samordning av læringsaktivitetar, kursoversikt og utdanningsløp. Helse-Fonna bidrar til utvikling av desse aktivitetane, og dei blir implementert fortløpande i Klinikk for psykisk helsevern og rus.
FKM for LIS3 består av 24 læringsmål (LM) som skal oppnås i hovudsak gjennom dagleg arbeid i klinikk/avdeling. Av etablerte læringsaktivitetar i tillegg har vi:
- Administrasjon- og ledelseskurs
- Regionalt 2-dagers basiskurs i FKM
- Kommunikasjonskurset («4 gode vaner»)
- Veilederkurs – FKM 20
- Sakkyndighetskurs
- E-læringskurs Samvalg
- Forbedringsprosjekt (prosjektoppgåve)
- Internundervisning/gruppeveiledning
På Stord er det etablert fagovergripande rettleiingssamlingar for alle LIS innan både somatikk og psykiatri. Her er det mogleg å drøfta problemstillingar som kan vere relevante for alle LIS, dela erfaringar og ha innspel frå to legespesialistar. Regelmessig deltaking forventas å dekke alle FKM som eit tillegg til ovanståande.
Utdanningsutvalg og utdanningsansvarlig overlege
I klinikk for psykisk helsevern og rus har ein definert 1 namngjeven overlege som har ansvar for kvar spesialitet (BUP, Psykiatri og RAM).
Utdanningsutval psykiatri (UTUV) består av: overlege/leiar, 1 utdanningsansvarleg overlege frå kvar avdeling, 2 LIS som kvar representerer Haugalandet og Sunnhordland/Kvinnherad/Hardanger, samt sekretær (klinikkdirektørs stab).
Overlege/leiar sin funksjon er:
- å leia UTUV
- leia Rotasjonsutvalet
- planleggja undervisning for LIS
- tildela psykoterapirettleiarar til LIS
- delta i halvtårsevalueringar
- rådspørjing ved behov
Utdanningsutvalet har møter kvar månad.
Undervisningsutval
Består av alle medlemmer i UTUV samt 1 undervisningsansvarleg overlege / psykiater frå Stord DPS.
Det overordna utdanningsutvalet (UTUV) med undervisningsansvarleg overlege har ansvar for oppsetting av program 2x/året og administrering av den teoretiske undervisningsdelen for LIS kandidatane. Undervisningsansvarleg overlege har ansvar for å vere tilstades ved undervisningane, rettleiing og praktisk gjennomføring.
Rotasjonsutval/Plankomité for utdanning (PKU)
Klinikken har tre rotasjonsutval: Haugalandet VOP, SunnHordland VOP og BUP.
Leiar for overordna utdanningsutval
- Representant for LIS, medlem i UTUV
- Sekretær/koordinator (klinikkdirektørs stab)
- Avdelingsleiarane er medlemmer i rotasjonsutvalet.
Utvalet lagar ein rotasjonsplan to gonger i året i høve til rotasjon, som grunner i ønsker frå LIS, hensynsmessig utdanningsløp til kvar enkelt LIS, og driftsmessige hensyn. Ansiennitet har forrang i hht ønska rotasjon.
Ein tilstrebar 4 faste rotasjonsdatoar som er 01. desember, 01. mars, 01. juni, og 01. september.
Det ynskeleg at teneste i akuttavdeling kjem så tidleg som rå i utdanninga, og at poliklinisk teneste kjem mot slutten av utdanninga.
Forskning
Forskning/innovasjon lyser ut stimuleringsmidler, fortrinnsvis retta mot ferdigstilling av prosjektprotokoll for vidare å kunne søkje ekstern finansiering av prosjekt. Vidare er klinikken med i PsykNettVest, som årleg lyser ut stimuleringsmidler som LIS kan søkje på.
Klinikken er aktiv deltakande i PsykNettVest. Via dette samarbeidet blir det gitt tilbod til:
- Skrivekurs
- Stimuleringsmidler
- Forskningsnettverk
- Kvalitetsregister
- Nyhetsblad ut til alle medarbeidare som informerer om forskning.
Frå 2007 til i dag har 9 PhD-kandidatar fullført doktorgradsarbeidet og disputert for PhD-graden.
Klinikken har 1 psykologspes./ PhD og 1 psykiater/ PhD som kvar har 20% stilling ved UiB som førsteamanuensis.
Medarbeidarar i klinikken som held på med forskingsprosjekter, enten som ein del av eit PhD løp eller som postdoc er tilknytt Forskning- og innovasjonavdelinga i ulike stillingsstørrelser.
Medarbeidarane i klinikken er aktiv deltakande i bl.a. fleire regionale forskingsnettverk med mandat eller finansiering frå det regionale samarbeidsorganet i Helse Vest;
- Demensstudien på Vestlandet
- Norsk demensregister/ HUKLI
- DemGene-studien
- Regionalt forskingsnettverk for stemningslidingar – MoodNet, Bergen
- Kartlegging og behandling – angst hos barn og vaksne, Bergen
- Regionalt forskingsnettverk for klinisk psykoseforsking, Stavanger.
- Regionalt kompetansesenter for rusforsking – KoRFor,
- Forsking på behandlingsliner og samhandling, Helse Fonna HF
I klinikken er det starta eit ekstra undervisningssemester som vekentleg obligatorisk LIS undervisning, som har kun forsking som tema med mål å gjennomføra «forskings relatert arbeid» og dei andre meir omfattande skriftlege arbeid (LM:78,79,82).
Her vil forskarane, med PhD, legge fram sine arbeid i byrjinga av semesteret for å vise forskjellege framgangsmåtar og stimulera til eigne idear. Arbeid frå LIS kan evt knytast til framlagt forsking. Bibliotekar underviser, og forskar frå OUS leiar eit Heildagsseminar om forskingsetikk og vitenskapsfilosofi.
Gjennom semesteret er det 1 forskar som tar hovudansvar for LIS og held resterande forelesingar til forberedinga og gjennomføringa av forskingsrelatert arbeid. LIS blir delt inn i arbeidsgruppene og kan i nokon økter jobbe med sine prosjekt under nærvær av rettleiande forskar for denne gruppa. I slutten blir alle arbeid presentert.
Semester blir avslutta av psykoterapirettleiar med respektivt tema (dekker LM 80,81).
Individuell gjennomføringsplan
Ved tilsetjing vil det utarbeidast ein individuell gjennomføringsplan for LIS, som viser kva LIS skal gjennomføra (læringsmål, læringsaktivitetar og læringsarenaer), basert på kor i utdanningsløpet LIS startar. Den individuelle gjennomføringsplanen utarbeidast av LIS i samarbeid med utdanningsansvarleg overlege i aktuell avdeling og evt rettleiar. Planen skal godkjennast av leiar. Spesialistkandidaten har sjølv hovudansvaret for eiga utdanning og sjølv ansvar for påmelding til eksterne kurs osv.
LIS vil kunne fullføra heile spesialistutdanninga med naudsynt teljande teneste gjennom felles rotasjonssystem i klinikken.
Det er etablert Rotasjonsutval for klinikken som skal ivareta fordeling av utdanningskandidatar ved dei ulike tenestestader. Formålet er å optimalisere progresjon og sørgje for godkjent innhald i teneste for den enkelte utdanningskandidat.
Utdanningsansvarleg overlege i avdelinga har saman med spesialistkandidaten og klinisk rettleiar, ansvaret for halvårleg evaluering og årleg revisjon av individuell gjennomføringsplan. I revisjonen tek ein hensyn til dei utdanningsbehov som kjem fram ved evalueringane av kandidatanes individuelle utdanningsplanar.
Simulering og ferdighetstrening
Helse Fonna har eit felles simuleringssenter for både somatikk og psykiatri. Simuleringskoordinator er rådgivande og gir støtte overfor klinikkane i planlegging, gjennomføring og evaluering av simulering. Fasilitatorar forplikter seg til å gjennomføra simuleringar for sine avdelingar, dei held seg fagleg oppdatert og opptrer som pedagogiske rollemodellar for sine kolleger.
Simulering som læringsarena er prioritert i Klinikk for psykisk helsevern og rus, og vi har fleire fasilitatorar ved våre avdelingar. Det vil bli ein viktig læringsarena i etablering og utvikling av nytt felles akuttmottak for somatikk og psykiatri i Haugesund.
Vidare vil det bli eit viktig supplement til MAP trening og i LIS-utdanning.
Tillitsvalde
LIS i Klinikk for psykisk helsevern og rus i Helse Fonna har 2 tillitsvalde. Det er ein klinikktillitsvald som har overordna ansvar og ansvar for LIS på Haugesund sjukehus og Haugaland DPS. Sunnhordland har og eigen lokal tillitsvald for Valen sjukehus, Folgefonn DPS og Stord DPS.
Ved tilsetjingsprosess av LIS bør tillitsvalde gis muligheit til å fremma sine synspunkt og det tilstrebast at LIS er med i tilsettingssprosessen. Leiinga skal snarast mulig orientere tillitsvalde om tilsetjingar. Nytilsatte blir informert om kven som er tillitsvald, og telefonnummer og e-post vert gjort kjend. Tillitsvald godkjenner tenesteplaner for LIS i klinikken ved oppretting og ved fornying av tenesteplaner.
Tillitsvalde deltar regelmessig på møter med representantar frå leiinga, og har også muligheit til å ta kontakt med representantar frå leiinga utanom dette om det er behov. LIS kan ta kontakt med tillitsvald dersom det er behov for å drøfta saker.
Tillitsvald deltar på tillitsvaldskurs i regi av Legeforeninga for å haldas oppdatert på gjeldane avtaler og lovverk.
Kontakt
For spørsmål om spesialistutdanninga ta kontakt med utdanningsansvarleg overlege eller avdelingsleiarane.