Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lungesjukdomar - Stord sjukehus

Spesialitet: Lungesjukdomar, Stord sjukehus

Utdanningsverksemda

LIS 3 utdanninga byggjer på LIS 2. Desse utdanningsløpa må såleis bli sett i samanheng. Vaktarbeid, organisasjon, administrasjon m.m. vil også vera felles for LIS 2 og LIS 3 på Stord.

Endringar i overordna planar vil medføre endringar både for LIS 2 og LIS 3 lungesjukdomar. Endringar og oppdateringar er i  kontinuerleg prosess. For å sikre gjennomgåande oppdaterte planar mellom LIS 2 og utdanningsplanen LIS 3 lungesjukdomar Helse Fonna Stord Sjukehus, vel me  å vise til Overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus  for det som er felles i den vidare skildringa av LIS 3 lungesjukdomar.

Heile LIS 3 lungesjukdomar sitt utdanningsløp, normert til 3 år, kan ikkje gjennomførast i Helse Fonna. Fagavtale om 1 år sentralteneste er inngått med Lungeavdelingen, Haukeland universitetssjukehus (HUS).

Ved Stord Sjukehus skal det kunne gjennomførast 1 års LIS 3-teneste innan  lungesjukdomar. Det vil bli inngått samarbeidsavtale med Haugesund Sjukehus om gjennomføring av 1 år resterande lokal teneste.

Målsetjinga  med utdanninga er å gje kandidaten ferdigheit og innsikt i utgreiing og behandling av lungesjukdomar. Dette oppnåast ved å:

  1. Legge til rette for at utdanningskandidatane får ei god og målretta LIS 3 utdanning i lungesjukdomar
  2. Legge forholda til rette for oppnåing av læringsmål knytt til LIS 3 lungesjukdomar.
  3. Integrere spesialistutdanninga i drifta av seksjonen med mål om å kombinere god utdanning med god drift.

Viser til Overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Spesifikt for LIS 3 lungesjukdomar er som følger
Medisinsk avdeling

Befolkningsunderlag på ca. 50.000. Medisinsk avdeling ligg under Klinikk for somatikk Stord, Helse Fonna.

Sengepostane

Medisinsk seksjon har to sengepostar med til saman 36 senger og disponerer i tillegg 6 senger på felles intensivavdeling, samt 2 Obs.-senger. Medisinsk seksjon er laust seksjonert etter fagområde, men lungerelaterte innleggingar handterast på alle sengepostar. Det er ca. 1000 innleggingar med primært lungemedisinsk problemstilling per år.

Lungepoliklinikk

Lungepoliklinikken driv brei poliklinisk verksemd med til saman ca. 1900  konsultasjonar pr. år. Kreftutgreiing skjer poliklinisk, ved behov  kortvarig innlegging i samband med invasive prosedyrar.

Lungepoliklinikken samarbeider med lungeseksjonen i Haugesund om EBUS og perkutan lungebiopsi, samt felles MDT-møter i standardiserte pasientforløp med felles kreftkoordinator.  Elles er det KOLS-poliklinikk, oksygenkontrollar, astmakontrollar, bronkiektasikontrollar, kontroll av interstitielle lungesjukdomar, sarkoidose og lungekreft.

Det blir utført spirometritestar, diffusjonstestar, metacholinprovokasjonstestar, gangtestar, blodgassanalyser, og pleuratappingar/pleurabiopsiar. I tillegg har ein bronkoskopi-undersøkingar to timar to dagar i veka, i tillegg på innlagde pasientar etter behov.

Transbronkiale lungebiopsiar utførast under direkte gjennomlysing på radiologisk avdeling.

Kjemoterapi-/immunterapi-behandling (organisert under Onkologisk dagenhet, som også ligg under Medisinsk seksjon) for lungekreftpasientane.

NIV-behandling blir gitt på Felles intensivavdeling. Spesialist i lungesjukdomar innehar relevant kompetanse.  

Stillingar

Det er 8 overlegestillingar og 7 LIS 2/3-stillingar knytt til Medisinsk avdeling. Ein overlege er ferdig utdanna  lungespesialist. Det vil vere tilsett to lungespesialistar frå januar -22. Det er ein utdanna lungesjukepleiar i Medisinsk avdeling og ytterligare ein sjukepleiar med relevant kompetanse. Det er to utdanna kreftsjukepleiarar med særleg interesse for lungekreft i henholdsvis 40% og 60% stilling.

Vaktordning

Overlegane er knytt til den generelle overlegevaktordninga i Medisinsk  seksjon. Per i dag er det to ledige overlegestillingar. Ein av overlegane er i 50% forskarstilling og går ikkje lenger i vakt.

Vedrørande LIS: Sjå overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Dagsorden

70% av arbeidet til LIS som er tilsett i Lungeseksjonen er knytt til lungerelatert arbeid. Arbeidsoppgåver for alle legane, inkludert LIS3 og LIS2, som postarbeid, poliklinikk, fordjuping, undervising  og andre arbeidsoppgåver framgår av detaljert oppgåveplanlegging.

Det er ein overlege tilknytt kvar av pasientgruppene på sengepostane.

Det er felles previsitt med gjennomgang av alle innlagte pasientar med overlege, LIS og sjukepleiarar tilstade. Etter det startar visittgang ved LIS med sjukepleiar, eventuelt overlege.

Etter visitten er det postarbeid og div. prosedyrar som t.d. pleuratappingar.

Alle LIS har regelmessig poliklinikk som også framgår i oppgåveplanlegging.

I tillegg vil LIS3 få delta på bronkoskopi med supervisjon.

Utdanningsløpa

Viser til  Overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Spesifikt for LIS 3 lungesjukdomar Helse Fonna, Stord Sjukehus er som følger

Det er planlagt at LIS 3 i lungesjukdomar er på Medisinsk avdeling i 1 år.   For spesialiteten LIS 3 lungesjukdomar kan mange, men ikkje alle, læringsmål bli oppnådd på Stord.

Henholdsvis eitt års teneste for å oppnå spesifikke læringsmål må avtalast med Lungeseksjonen i Haugesund og Lungeavdelingen, Haukeland universitetssykehus (HUS). Kandidatane må ha fullført LIS2 indremedisin utdanningsplan og det visast til eigen utdanningsplan for detaljer i denne.  Me forventar at utdanninga (LIS 2 og LIS 3) er gjennomført på normert tid.

Følgjande læringsmål kan heilt eller delvis bli oppnådd på Stord sjukehus
LUN-001-016, 021-026, 028-029, 032-037, 039-040, 043-046, 048-060.

Følgjande læringsmål skal godkjennast på Haugesund sjukehus

LUN-004, 017, 018, 019, 031, 040, 041, 045, 047 og 052. Følgjande læringsmål skal godkjennast på Haukeland universitetssjukehus: LUN-020, 027, 030, 034, 035, 038, 042 og 056.

Sjukehuset har intern fagavtale mellom Stord sjukehus og Haugesund sjukehus, og det er inngått fagavtale mellom Helse Fonna og Helse Bergen.

Introduksjon av nye LIS

Viser til  Overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Spesifikt for LIS 3 lungesjukdomar Helse Fonna, Stord Sjukehus er som følger:

Mottar informasjonsmateriell/introduksjonspakke frå leiinga på Medisinsk avdeling.

Tilgang og opplæring  til nasjonale helseregister.

Daglig direkte supervisjon ved overlege i forbindelse med previsitt og prosedyrar. På poliklinikk er det avsett god tid, slik at ein får gå gjennom rutinar/opplæring. Alle polikliniske vurderingar kvalitetssikrast av overlege ved felles gjennomgong/kontrasignering.

Supervisjon, veiledning og faglig utvikling.

Viser til Overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Spesifikt for LIS 3 lungesjukdomar Helse Fonna, Stord Sjukehus gjelder dette:

Det er overlege tilgjengeleg for supervisjon når LIS har poliklinikk. All opplæring i prosedyrar som pleuratapping/biopsi/bronkoskopi og anna føregår ved supervisjon.

Multidisiplinære teammøter (MDT) med lungelege, radiolog, patolog tilstade, lokalt ved Skype-konferanse med Haugesund sjukehus. Regionalt er også thoraxkirurg, onkolog tilstade. Kvar fredag er det MDT-møte lunge lokalt og regionalt der hovudføremålet er å gje pasientar i pakkeforløp lungekreft histologisk diagnose, TNM klassifisering og behandlingsbeslutning. Desse samarbeidsmøta varer i ca. 60 min og er svært lærerike.

Vurdering og dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Viser til Overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Teoretisk undervisning

Viser til Overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Spesifikt for LIS 3 lungesjukdomar Helse Fonna, Stord Sjukehus er som følger:

Internundervisning i lungesjukdomar i samarbeid med Lungeavdelingen på Haukeland via videooverføring måndag og torsdag kl. 12-12.30. Tverrfagleg lungemøte(MDT) (radiolog, patolog, lungelege) kvar fredag kl.09.00-09.45, tverrfagleg lungemøte (radiolog, patolog, lungelege, onkolog, thoraxkirurg) kl.09.45-10.00 (varierer etter tal på oppmelde pasientar).

Dette vil til saman tilsvara minst 70 timar lungeundervisning pr. År.

Felles kompetansemål (FKM)

Viser til Overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus

Utdanningsansvarlig overlege

Viser til Overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Forsking

Lungeseksjonen har fast tilsett spesialist med doktorgradkompetanse og vektlegg opprettholdelse av eit aktivt forskingsmiljø. Seksjonen vil leggja til rette for forskingsaktivitet i form av deltakelse i etablerte multisenterstudiar, så vel som støtte og rettleiing i samband med eige prosjekt der utdanningskandidaten er interessert i det.

Individuell utdanningsplan

Ved tilsetjing vil det bli utarbeidd individuell utdanningsplan for LIS, som viser kva LIS skal gjennomføre (læringsmål, læringsaktivitetar og læringsarenaer), basert på kvar i utdanningsløpet LIS startar. Den individuelle utdanningsplanen blir utarbeidd av LIS i samarbeid med veiledar og evt. utdanningsansvarleg overlege. Planen skal godkjennast av leiar.

Simulering og ferdighetstrening

Viser til Overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Tillitsvalte

Viser til Overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Kontakt

Avdelingsoverlege/utdanningsansvarleg overlege for LIS indremedisin ved Medisinsk avdeling.

Sist oppdatert 06.01.2025