Hjartesjukdomar - Stord sjukehus
Utdanningsverksemda
LIS 3-utdanninga byggjer på LIS 2. Desse utdanningsløpa må difor sjåast i samanheng. Vaktarbeid, organisasjon, administrasjon m.m. vil også vere felles for LIS 2 og LIS 3 på Stord. Endringar i overordna planar vil medføre endringar både for LIS 2 og LIS 3 hjartesjukdomar. Endringar og oppdateringar er i kontinuerleg prosess. For å sikre gjennomgåande oppdaterte planar mellom LIS 2 og utdanningsplanen LIS 3 hjartesjukdomar Helse Fonna Stord sjukehus, viser vi til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord sjukehus for det som er felles i den vidare skildringa av LIS 3 hjartesjukdomar.
Heile LIS 3 hjartesjukdomar sitt utdanningsløp kan ikkje gjennomførast i Helse Fonna. Samarbeidsavtale om 1,5 år sentralteneste vil måtte bli inngått med Hjarteavdelinga, Haukeland universitetssjukehus (HUS), Bergen. Ved Stord sjukehus skal det kunne gjennomførast 1 års LIS 3-teneste innan hjartesjukdomar. Det vil bli inngått samarbeidsavtale med Haugesund sjukehus om gjennomføring av resterande lokal teneste
Målsetjinga med utdanningsverksemda er å gje kandidaten ferdigheit og innsikt i utgreiing og behandling av lungesjukdomar. Dette oppnåast ved å:
Legge til rette for at utdanningskandidatane får ei god og målretta LIS 3 utdanning i hjartesjukdomar
Legge forholda til rette for oppnåing av læringsmål knytt til LIS 3 hjartesjukdomar.
Integrere spesialistutdanninga i drifta av avdelinga med mål om å kombinere god utdanning med god drift.
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.
Spesifikt for LIS 3 hjartesjukdomar er som følger:
Medisinsk avdeling
Befolkningsunderlag på ca. 50.000. Medisinsk avdeling ligg under Klinikk for somatikk Stord.
Sengepostane
Medisinsk avdeling har to sengepostar med til saman 36 senger og disponerer i tillegg 6 senger på felles intensivavdeling, samt 2 Obs. senger. Medisinsk avdeling er laust seksjonert etter fagområde, men hjarterelaterte innleggingar handterast på alle sengepostar. Det er ca. 2430 innleggingar med primært hjartemedisinsk problemstilling per år.
Hjartepoliklinikk
Hjartepoliklinikken driv brei poliklinisk verksemd med til saman ca. 2130 konsultasjonar per år. Det blir utført ca. 400 pacemaker/ICD-/CRT-kontrollar, 450 arbeids-EKG, 150 rytmeregistreringar, 70 24-t blodtrykksmålingar,
1600 ekko cor, 70 TØE per år. Det blir også utført TILT-test. I tillegg har vi ei hjartesviktpoliklinikk driven av sjukepleiar.
Stillingar
Det er 8 overlegestillingar og 9 LIS 2/3-stillingar knytt til Medisinsk avdeling. To overlegar er ferdig utdanna hjartespesialistar. Det er 1 utdanna hjartesjukepleiar i Medisinsk poliklinikk og ytterlegare 1 sjukepleiar med relevant kompetanse.
Vaktordning
Overlegane er knytt til den generelle overlegevaktordninga i Medisinsk avdeling.
Vedr. LIS: Sjå overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.
Dagsorden
70% av arbeidet til LIS som er tilsett i Hjarteseksjonen er knytt til hjarterelatert arbeid. Arbeidsoppgåver for alle legane, inkludert LIS3 og LIS2, som postarbeid, poliklinikk, fordjuping, undervising og andre arbeidsoppgåver framgår av detaljert oppgåveplanlegging.
Det er ein overlege tilknytt kvar av pasientgruppene på sengepostane.
Det er felles previsitt med gjennomgang av alle innlagte pasientar med overlege, LIS og sjukepleiarar tilstade. Etter det startar visittgang ved LIS med sjukepleiar, eventuelt overlege.
Etter visitten er det postarbeid og div. prosedyrar som t.d. ekkokardiografiar og belastnings-EKG. Alle LIS har regelmessig poliklinikk som også framgår i oppgåveplanlegging.
Utdanningsløpa
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.
Spesifikt for LIS 3 hjartesjukdomar Helse Fonna, Stord Sjukehus er som følger:
Det er planlagt at LIS 3 i hjartesjukdomar er på Medisinsk avdeling i første omgang i 1 år. For spesialiteten LIS 3 hjartesjukdomar kan mange, men ikkje alle, læringsmål bli oppnådd på Stord. Henholdsvis 1,5 år og 1 års teneste for å oppnå spesifikke læringsmål må avtalast med Hjarteavdelinga, Haukeland Universitetssjukehus (HUS) og Hjarteseksjonen, Haugesund sjukehus. Kandidatane må samtidig fullføre LIS2 indremedisin utdanningsplan og det visast til egen utdanningsplan for detaljer i denne. Me forventar at utdanninga (LIS 2 og LIS 3) er gjennomført på normert tid.
Introduksjon av nye LIS
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.
Spesifikt for LIS 3 hjartesjukdomar Helse Fonna, Stord Sjukehus er som følger:
Mottar informasjonsmateriell/introduksjonspakke frå leiinga på Medisinsk avdeling. Tilgang og opplæring til nasjonale helseregister.
Dagleg direkte supervisjon ved overlege i forbindelse med previsitt og prosedyrar. På poliklinikk er det avsett god tid, slik at ein får gå gjennom rutinar/opplæring. Alle polikliniske vurderingar kvalitetssikrast av overlege ved felles gjennomgang/kontrasignering.
Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.
Spesifikt for LIS 3 hjartesjukdomar Helse Fonna, Stord Sjukehus gjelder dette:
Det er overlege tilgjengeleg for supervisjon når LIS har poliklinikk. All opplæring i prosedyrar som ekko, belastnings-EKG, pacemakerkontrollar og anna føregår ved supervisjon.
Vurdering og dokumentasjon av oppnådde læringsmål
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.
Teoretisk undervisning
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.
Spesifikt for LIS 3 hjartesjukdomar Helse Fonna, Stord Sjukehus er som følger:
Internundervisning i hjartesjukdomar i samarbeid med Hjarteavdelinga på Haukeland via videooverføring tysdag og onsdag.
Dette vil til saman tilsvara minst 70 timar hjarteundervisning per år.
Felles kompetansemål (FKM)
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus
Utdanningsansvarleg overlege
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.
Forsking
Regelmessig presentasjon av forskingsartiklar i samband med internundervisning. I tillegg har 2 av 8 overlegar ved medisinsk avdeling doktorgrad, og vil kunne gi fortløpande metodisk innspel. Det blir også arbeidd med etablering av eit undervisnings-/utdanningstilbod innan forskingslære i Helse Fonna. Det blir gitt høve til å delta i planlagde og pågåande forskingsprosjekt, inkludert deltaking i utarbeiding av forskingsprotokollar som blir utarbeidde i føretaket.
Individuell utdanningsplan
Ved tilsetjing vil det bli utarbeidd individuell utdanningsplan for LIS, som viser kva LIS skal gjennomføre (læringsmål, læringsaktivitetar og læringsarenaer), basert på kvar i utdanningsløpet LIS startar. Den individuelle utdanningsplanen blir utarbeidd av LIS i samarbeid med rettleiar og eventuelt utdanningsansvarleg overlege. Planen skal godkjennast av leiar.
Simulering og ferdighetstrening
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.
Tillitsvalte
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.
Kontakt
Seksjonsoverlege/utdanningsansvarleg overlege for LIS indremedisin ved Medisinsk avdeling.