Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fordøyelsessjukdomar, Stord sjukehus

Spesialitet: Fordøyelsessjukdomar, Stord sjukehus

Utdanningsverksemda

Viser til Overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

LIS 3 utdanninga byggjer på LIS 2. Desse utdanningsløpa må såleis bli sett i samanheng. Vaktarbeid, organisasjon, administrasjon m.m. vil også vera felles for LIS 2 og LIS 3 på Stord. Endringar i overordna planar vil medføre endringar både for LIS 2 og LIS 3 hjertesjukdomar. Endringar og oppdateringar er i  kontinuerleg prosess.

For å sikre gjennomgåande oppdaterte planar mellom LIS 2 og utdanningsplanen LIS 3 fordøyelsessjukdomar Helse Fonna Stord Sjukehus, vel me  å vise til Overordnet utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus  for det som er felles i den vidare skildringa av LIS 3 fordøyelsessjukdomar.

Heile LIS 3 fordøyelsessjukdomar (minimum 30 mnd) sitt utdanningsløp kan ikkje gjennomførast i Helse Fonna. Samarbeidsavtale om 1 år suppleringsteneste vil måtte bli inngått med Seksjon for fordøyelsessjukdomar ved Medisinsk avdeling, Haukeland

Universitetssjukehus (HUS), Bergen.

Ved Stord Sjukehus skal det kunne gjennomførast 1 års LIS 3-teneste innan  fordøyelsessjukdomar. Resterande lokal teneste 1 år vert avtalt med Haugesund Sjukehus.

Målsetjinga  med utdanningsverksemda er å gje kandidaten ferdigheit og innsikt i utgreiing og behandling av fordøyelsessjukdomar.

Dette oppnåast ved å:

Legge til rette for at utdanningskandidatane får ei god og målretta LIS 3 utdanning i fordøyelsessjukdomar

Legge forholda til rette for oppnåing av læringsmål knytt til LIS 3 fordøyelsessjukdomar.

Integrere spesialistutdanninga i drifta av seksjonen med mål om å kombinere god utdanning med god drift.

Spesifikt for LIS 3 fordøyelsessjukdomar er som følger:
Medisinsk avdeling

Befolkningsunderlag på ca. 50.000. Medisinsk avdeling ligg under Klinikk for somatikk Stord, Helse Fonna.

Sengepostane

Medisinsk avdeling har to sengepostar med til saman 36 senger og disponerer i tillegg 6 senger på felles intensivavdeling (FIA), samt 2 observasjonssengar. Medisinsk avdeling er laust seksjonert etter fagområde, men gastroenterologirelaterte  innleggingar handterast på alle sengepostar. Det er ca. 450-500 innleggingar med primært gastromedisinsk problemstilling per år.

Gastromedisinsk poliklinikk

Gastromedisinsk poliklinikk driv poliklinisk verksemd med endoskopiske prosedyrar, infusjonspoliklinikk (jern, biologisk behandling) og konsultasjonar. Kreftutgreiing skjer poliklinisk i samarbeid med gastrokir. avd. i Haugesund med felles kreftkoordinator, ved behov med kortvarig innlegging i samband med invasive prosedyrar og førebuing til desse.

Det vert utført mellom anna ca. 500-600 gastroskopier og 700-800 koloskopier årleg, både diagnostiske og terapeutiske prosedyrar (td polyppektomi, APC, hemostase). Endoskopisk vakt for ØH prosedyrar på kveld/natt finn stad i Haugesund. I tillegg vert det lagt PEG-sondar. Leverbiopsiar og ultralyd abdomen/lever/gallevegar vert utførte ved radiologisk avdeling.

Forutan endoskopipoliklinikk med hovudsakleg øvre- og nedre endoskopiar og PEG-nedlegging, eksisterer konsultasjonspoliklinikk for utgreiing/oppfølging av ulike gastroenterologiske tilstandar som IBD, autoimmune leversjukdomar, levertransplanterte pasientar, cøliaki, malabsorpsjonstilstandar, IBS osv.

Me er aktive i oppfølginga av IBD-pasientar ved infusjonspoliklinikken (biologisk behandling) med fast IBD-poliklinikk kvar mandag der ein har konsultasjonar med pasientar med alvorleg IBD og drøftar kasus mtp vidare behandling ved vårt interne IBD-møte kvar måndag kl 15-15:30. Kompliserte kasus vert diskuterte ved IBD-møtet HUS.

Stillingar

Det er 8 overlegestillingar og 7 LIS 2/3-stillingar knytt til Medisinsk seksjon. To  overlegar er ferdig utdanna  gastroenterologer og èi stilling er p.d.d ubesett. Per dags dato har me 2 erfarne spesialsjukepleiarar i gastroenterologisk sjukepleie som jobbar i hhv i 100% og 90 % fast stilling.

Vaktordning

Overlegane er knytt til den generelle overlegevaktordninga i Medisinsk  seksjon. Per i dag er det èi ledig overlegestilling ved medisinsk avdeling.

Vedr. LIS: Sjå overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Dagsorden

Ca 70%  av arbeidet til LIS tilsett i LIS3-stilling innan Gastroseksjonen er knytt til gastroenterologi. Arbeidsoppgåver for alle legane, inkludert LIS3 og LIS2, som postarbeid, poliklinikk, fordjuping, undervising  og andre arbeidsoppgåver framgår av detaljert oppgåveplanlegging.

Det er ein overlege tilknytt kvar av pasientgruppene på sengepostane for supervisjon i previsitt og prosedyrar.

Det er felles previsitt med gjennomgang av alle innlagte pasientar med overlege, LIS og sjukepleiarar tilstades. Etter det startar visittgang ved LIS med sjukepleiar, eventuelt overlege.

Etter visitten er det postarbeid og div. prosedyrar på inneliggande pasientar som t.d. gastroskopi, koloskopi, ascitestapping. Alle LIS har regelmessig poliklinikk som også framgår i oppgåveplanlegging. LIS3 vil få delta på endoskopiar med supervisjon, i første omgang gastroskopiar, deretter avhengig av progresjon innan tida i LIS3 på Stord også opplæring i koloskopi.

Utdanningsløpa

Viser til Overordnet utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Spesifikt for LIS 3 fordøyelsessjukdomar Helse Fonna, Stord Sjukehus er som følger:

Det er planlagt at LIS 3 i fordøyelsessjukdomar er på Medisinsk seksjon Stord Sjukehus i 1 år.   For spesialiteten LIS 3 fordøyelsessjukdomar kan mange, men ikkje alle, læringsmål bli heilt eller delvis oppnådd på Stord.

1 års teneste for å oppnå spesifikke læringsmål må avtalast med Medisinsk avdeling i Haugesund. Vidare må 1 års sentralteneste for å oppnå spesifikke læringsmåla avtalast med Gastroenterologisk seksjon ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS) eller Gastroseksjonen på Stavanger universitetssykehus.

Det er inngått fagavtalar om denne tenesta. Kandidatane må ha fullført LIS2 indremedisin utdanningsplan og det visast til egen utdanningsplan for detaljer i denne.  Me forventar at utdanninga (LIS 2 og LIS 3) blir gjennomført på normert tid.

Følgande læringsmål kan heilt eller delvis bli oppnådd i LIS3 gastroteneste ved Stord Sjukehus: FOR-001, 002, 003, 004, 006, 007, 008, 012, 014, 015, 021, 022, 023, 024, 025, 026, 027, 028, 029, 030, 031, 031, 033, 034, 035, 037, 039, 040, 041, 042, 043, 044, 045, 048, 050, 051, 053, 054, 055, 056, 057, 059, 062, 063, 064, 065, 067, 077, 078, 079, 080, 081, 082, 083, 084, 085, 088, 089, 090, 091, 092, 093, 094, 097, 099.

Læringsmåla FOR-007, 023, 024, 026, 030, 034, 035, 042, 043, 044, 053, 054, 094 og 099 kan godkjennast under tenesta på Stord sjukehus.

Læringsmåla FOR-001, 004, 013, 020, 036, 050, 051, 060, 061, 076 og 077 skal godkjennast ved sentral teneste på Haukeland universitetssjukehus eller Stavanger universitetssykehus.

Dei andre læringsmåla skal godkjennast ved teneste på Haugesund sjukehus.

Introduksjon av nye LIS

Viser til Overordnet utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Spesifikt for LIS 3 fordøyelsessjukdomar Helse Fonna, Stord Sjukehus er som følger:

Mottek informasjonsmateriell/introduksjonspakke frå leiinga på Medisinsk seksjon.

Tilgang og opplæring  til nasjonale helseregister

Daglig direkte supervisjon ved overlege i forbindelse med previsitt og prosedyrar. På poliklinikk er det avsett god tid per pasient, slik at ein får gå gjennom rutinar/opplæring. Alle polikliniske vurderingar skal kvalitetssikrast av overlege ved felles gjennomgong/kontrasignering.

Supervisjon, veiledning og faglig utvikling.

Viser til Overordnet utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Spesifikt for LIS 3 fordøyelsessjukdomar Helse Fonna, Stord Sjukehus gjelder dette:

Det er gastroenterolog tilgjengeleg for supervisjon når LIS har poliklinikk. All opplæring i prosedyrar som gastroskopi, koloskopi, PEG, ascitestapping og anna føregår ved supervisjon etter mester-svenn prinsippet.

LIS3 i gastroenterologi vil få ein gastroenterolog som veiledar og det er avsett tid til veiledning. Innhald/agenda for samtalane og initiativ til desse er LIS sitt ansvar.

Me har vekentleg lokalt IBD-møte om mandagar kl 15:15:30 for fagleg diskusjon kring IBD-pasientar og –poliklinikken. Me deltek i tillegg månadleg på IBD-møtet ved HUS der me i forkant har samla opp meir kompliserte IBD-kasus som må drøftast grundig med kollegiet på HUS for vidare plan og handtering. Der møter gastroenterologar med spesialfelt IBD, gastrokirurg med spesialfelt IBD-kirurgi, gynekolog og ved behov onkolog/andre spesialitetar.

Desse møta varer i ca 1,5 time og er svært lærerike. Forutan IBD-møtet er det lav terskel for kontakt og fagleg diskusjon med gastroenterologane ved HUS og samarbeidet er godt.

Vurdering og dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Viser til Overordnet utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Teoretisk undervisning

Viser til Overordnet utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Spesifikt for LIS fordøyelsessjukdomar Helse Fonna, Stord Sjukehus er som følger:

Internundervisning i fordøyelsessjukdomar vert i desse dagar etablert i samarbeid med Seksjon for fordøyelsessjukdomar på Haukeland Universitetssjukehus via videooverføring torsdagar kl 12-13 og kl 15:30 til 16:30, sistnevnte sesjon med tema/læringsmål i samarbeid med gastrokir. avd HUS. Dette vil til saman tilsvara minst 70 timar gastroundervisning per år.

Det eksisterer dessutan eit godt undervisningssamarbeid med medisinsk avdeling i Haugesund i læringsmål for generell indremedisin tysdag, onsdag og torsdag kl 08-08:20 samt onsdagar kl 11:45-ca 12:30.

Det er forventa at LIS deltek på obligatoriske kurs for spesialiteten fordøyelsessjukdomar innanfor sin LIS3 periode, dvs ila teneste på Stord, i Haugesund og ved HUS.

Felles kompetansemål (FKM)

Viser til Overordnet utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus

Utdanningsansvarlig overlege

Viser til Overordnet utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Forsking

Gastroseksjonen har fast tilsett spesialist med doktorgradkompetanse og vektlegg opprettholdelse av eit aktivt forskingsmiljø. Seksjonen vil leggja til rette for forskingsaktivitet i form av deltakelse i etablerte multisenterstudiar, så vel som støtte og rettleiing i samband med eige prosjekt der utdanningskandidaten er interessert i det.

Individuell utdanningsplan

Ved tilsetjing vil det bli utarbeidd individuell utdanningsplan for LIS, som viser kva LIS skal gjennomføre (læringsmål, læringsaktivitetar og læringsarenaer), basert på kvar i utdanningsløpet LIS startar. Den individuelle utdanningsplanen blir utarbeidd av LIS i samarbeid med veiledar og evt. utdanningsansvarleg overlege. Planen skal godkjennast av leiar.

Simulering og ferdighetstrening

Viser til Overordnet utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Ved oppstart endoskopitrening kan ein etter behov søke kandidaten til eit praktisk simulatorkurs i hhv øvre/nedre endoskopi. Veiledar vil vere behjelpeleg med dette.

Tillitsvalte

Viser til Overordnet utdanningsplan LIS2 indremedisin Stord Sjukehus.

Kontakt

Avdelingsoverlege/utdanningsansvarleg overlege for LIS indremedisin ved Medisinsk avdeling.

Sist oppdatert 06.01.2025