Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utdanningsløp for LIS-legar

Utdanninga av legespesialistar skal skje innan fagleg forsvarlege rammer, og på ein måte som sikrar tilstrekkeleg kvalitet i utdanningsløpet.

Spesialistutdanninga for legar startar etter at ein har fått autorisasjon som norsk lege. Spesialistutdanninga av legar skjer i stilling som lege i spesialisering (LIS). Spesialiseringsløpet for legar har to eller tre delar, avhengig av spesialitet. LIS 1 er felles for alle, og har erstatta turnuslegeordninga.

Gå til Regional utdanningssenter (REGUT) for meir informasjon om ordninga

Utdanningsutvalet

Helse Fonna har eit utdanningsutval som er overordna dei fagspesifikke utdanningsutvala og som samhandlar med desse. Utdanningsutvalet er sett saman av overlegar og leiarar frå klinikkane, fagdirektør, tillitsvalt, LIS-representant og HR-ressurs.

Gode lønsvilkår

Vi jobbar for at Helse Fonna skal vere ein føretrekt lærestad for LIS-legar. 

Legar i spesialisering (2/3) ved Helse Fonna har i 2024 fått betydeleg betra lønsvilkår. Grunnlønn er auka med 40 000 kroner pr. år.

Rekrutteringstillegg er innført, tillegg aukar etter ansiennitet. Lågaste lønskategori ved oppstart er lønskategori B.

Stipend i samband med sentraltjeneste er kr.14 000 per månad

Bindingstid er på 1 år for stipend opp til 100 000 kroner per år og 2-års bindingstid for stipend over 100 000 kroner per år.

Gjennom introduksjonsprogram skal nye legar få god innføring, med mål om å kjenna seg trygge i møte med faget.

Sist oppdatert 31.12.2024