Rettleiarkompetanse
Spesialisthelsetenesta har fire primære ansvarsoppgåver: Pasientbehandling, forsking, utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande.
Som tilsett i eit helseføretak vil du kunne vere praksisrettleiar for studentar innan di yrkesgruppe.
For å trygge deg i rolla som praksisrettleiar, og gi deg kunnskap og erfaring innan rettleiing av studentar, har du høve til å gjennomføre rettleiarutdanninga ved mellom anna Høgskulen på Vestlandet.
Vidareutdanning
Studiet «Pedagogisk veiledning» er ei vidareutdanning på masternivå, og består av to emne på 10 + 5 studiepoeng. Studiet er på deltid, og emnet på 10 studiepoeng går over fem samlingsdagar anten vår eller haust: to fysiske på campus, og tre digitale. Om du ønskjer å ta emnet på 5 studiepoeng utgjer dette to digitale samlingsdagar i tillegg.
Kontakt
For meir informasjon om rettleiarutdanninga, ta kontakt med Utdanning- og kompetanseavdelinga på e-post kompetanse@helse-fonna.no, eller ring rådgjevar Ingrid Hovden Stava på tlf. 52 73 20 66.