Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hospitering medisin og ambulanse

Hospitering er eit uløna og tidsavgrensa opphald i éin eller fleire avdelingar ved Helse Fonna. Hospitering må ikkje forvekslast med praksisstudie i regi av en utdanningsinstitusjon.

Er du student ved HVL, UiS eller UiB må du ta kontakt med utdanningsinstitusjonen din.

Kandidatar som søker om hospiteringsplass med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk må kunne dokumentere språkkunnskap på minimum B1-nivå. 

Helse Fonna er positiv til å ta inn medisinstudentar som hospitantar. Mange av studentane som har hospitert her kjem tilbake som ferdige legar. Avhengig av kapasitet kan vi tilby hopsiteringsplass i eit gitt tidsrom, der du om mogleg kan få kvittert ut prosedyrar og undervisning. Vi kan ikkje tilby formalisert utdanning eller på førehand forplikte oss til spesifikk undervisning eller love gjennomføring av praktiske prosedyrar.

Dette heng saman med stor pågang for å hospitere, samt at vi har plikt til å gi utdanning til studentar ved norske universitet og høgskular, samt lærlingar. 

Dersom du ønskjer å søke hospiteringsplass i Helse Fonna ber vi deg følgje lenka under. Søknaden din vil då bli registrert og bli vurdert på lik linje med andre søkjarar. Me ber deg spesifisera kva fagområde du søkjer hospitering innan, samt aktuelle tidsperiodar. 

Vi tar hovudsakleg inn hospitantar via vidaregåande skole, høgskole og universitet. Men vi opnar også opp for at andre kan søke om hospitering hos oss.

Vi har stor pågang på hospitering, og prioriterer derfor søkere som er busatt i ein av kommunane som er dekka av Helse Fonna. 

Send søknad om hospitering hos ambulansetenesta​

Søkndarar blir behandla fortløpande.

Sjå informasjon om hospitering for kommunalt tilsette som ønskjer å hospitere for betre samhandling med oss.

Sist oppdatert 03.01.2025