Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Unik og effektiv behandling av depresjon

Behandlinga tek berre tre minutt, men kan gje gode resultat.

Magne Kydland
Publisert 17.01.2025
En gruppe kvinner på et sykehus
TMS blir gjennomført ved at ein plasserer ein magnetisk spole over det området av hjernen som ein vil stimulere. Denne spolen gjev magnetiske pulser som stimulerer nerveceller i området av hjernen som er involvert i stemningsregulering og depresjon. Foto: Anne Grethe Nilsen

Helse Fonna utvidar tilbodet om behandling for depresjon, og har no oppretta eit nytt behandlingstilbod for dette, transkraniell magnetisk stimulering (TMS). Behandlinga er for pasientar med mild til moderat depresjon, og studiar viser til gode resultat.

– Mange opplever depresjon ein gong i livet, noko som er vanskeleg for den som blir råka, men også dei rundt. Vi har jobba lenge med å få denne maskinen på plass, og er veldig godt nøgde med at tilbodet endeleg er på plass. På denne måten håpar vi å kunne hjelpe mange pasientar, fortel spesialsjukepleiar Elisabeth Aarvik, som jobbar med biologiske behandlingsformer ved Klinikk for psykisk helsevern.

Avdelinga har i mange år gitt ECT-behandling (elektrokonvulsiv terapi) for behandling av alvorleg depresjon, der anna behandling ikkje har gjeve resultat. ECT gir ein låg dose straum under narkose, og blei tidlegare omtalt som «elektrosjokkbehandling».

En gruppe mennesker iført hvite laboratoriefrakker
TMS-teamet består av tre sjukepleiarar og ein overlege. I tillegg har dei no lyst ut ei sjukepleiar-stilling. Frå venstre Kathrin Bjånes, Svein Olav Syverstad, Elisabeth Aarvik og Keth Kihle-Solberg. Foto: Anne Grethe Nilsen

Kan leve som normalt

TMS-behandling er likestilt med medisinar og samtaleterapi, og metoden er svært effektiv. Sjølve behandlinga tek berre tre minutt, men pasientane må innom dagleg, fem dagar i veka, i seks veker.

For å få tilbodet må pasientane bli tilviste frå fastlege eller andre spesialistar, og så må dei kartleggjast.

– Fordelen med at det berre tek tre minutt er at pasienten kan gå på jobb eller skule som normalt, og køyre bil til og frå. Vi har til og med eigne parkeringsplassar, seier psykiatrisk sjukepleiar Kathrin Bjånes.

I starten har teamet, som består av tre spesialsjukepleiarar og ein overlege, kapasitet til å behandle 4 pasientar om gongen, men på sikt håpar dei å kunne doble talet.

Berre fem i landet

Helse Fonna og Haugesund sjukehus er eitt av berre fem sjukehus i landet som tilbyr slik behandling, men i Sverige har dette vore vanleg i 25 år. Det er også her spesialsjukepleiarane har fått opplæringa si.

– Behandlinga skal normalisere område i hjernen som er ute av balanse. Det er heilt ufarleg, for stimuleringa er veldig svak, understrekar Aarvik, og viser til at halvparten av pasientane får god effekt av behandlinga, blant anna i form av betre søvnkvalitet, betring i depressive symptom og auka aktivitetsnivå.

– Mange ventar ofte for lenge før dei søkjer hjelp, og ikkje alle har effekt av samtaleterapi og medisinar. Dette er eit supplement til det, legg Bjånes til.

Behandlinga er for personar over 18 år, og har vist best resultat på yngre pasientar.

Fakta om TMS-behandling

  • Forsking gjennom dei siste 20 åra viser at gjentakande magnetstimulering av hjernen har antidepressiv effekt.
  • TMS betyr Transkraniell Magnetstimulering og er ein metode for å indusere elektrisk straum i hjernen utan å opne skallen ved hjelp av magnetiske felt.
  • Godkjent i 2008 for behandling av medikamentresistente unipolare depresjonar, og i 2018 for behandling av medikament- og psykoterapiresistente obsessivkompulsive lidingar.
  • Sandviken sjukehus i Bergen først ut i Noreg med slik behandling, i 2013. Men i Sverige er det utbreidd og brukt ved over 20 klinikkar.
  • I motsetnad til ECT-behandling, der pasienten er i narkose, er pasienten vaken. Ved alvorleg depresjon med psykose og/eller suicidal åtferd bør ein vurdere ECT som førsteval pga. denne metoden har raskare innsetjande effekt.