Karkirurgi av høg kvalitet
Dei er langt ifrå størst, men dei er blant dei beste i landet. Karkirurgi ved Haugesund sjukehus er komme for å bli.

– Vi opererer frå topp til tå: Hals, hovudpulsåre, armar, bekken, lyskar og bein, fortel overlege Jon Huge Hognestad.
Han snakkar om topp moderne karkirurgi i topp moderne lokale, med tilgang til såkalla hybrid-operasjonsstove, der ein kan kombinere intervensjon med open kirurgi.
Karkirurgane på Haugesund sjukehus ligg høgt opp på dei nasjonale kvalitetsregistra som gjeld komplikasjonar og legemiddelhandtering.
– Vi er stolte over kva vi har fått til her, med eit så lite miljø. Vi er berre to overlegar og ein LIS-lege, som samarbeider tett med to radiologar. Vi er eit lite sjukehus og har ikkje så mange inngrep som dei store, men vi har mange inngrep per kirurg, noko som gjer at vi får god trening og gode resultat. Vi har stort fokus på kvalitet, fordi det er det som er viktig for pasientane, seier Hognestad.
Godkjende for utdanning
Avdelinga har ein fagavtale med Akershus universitetssykehus (Ahus), slik at dei frå 2024 er godkjent som utdanningsinstitusjon, og kan utdanne eigne karkirurgar.
– Det er vi glade for. Å utdanne fagfolk er viktig, slik at vi kan ha dette tilbodet også i framtida, understrekar overlege dr. med. Svein Tore Baksaas.
I denne samanhengen må også Staffan Enoksson nemnast. Den svært erfarne karkirurgen, som blant anna har lang fartstid frå Karolinska universitetssykehus i Sverige, har vore vikarlege i Haugesund i mange år, og har hjelpt til med både open kirurgi og endovaskulær behandling.
Like før jul var karkirurgane inviterte til styret for å fortelja kva dei held på med. Tilbakemeldingane var svært positive.
– Dette er imponerande! Veldig interessant, veldig inspirerande og veldig viktig for pasientane våre, slår styreleiar Petter Steen jr. fast.
Viktig pasientgruppe
Fagdirektør Andreas Andreassen er nøgd med resultata dei har oppnådd innan karkirurgi.
– Dette er eit svært viktig fagområde for sjukehusa våre, som hjelper ei viktig pasientgruppe. Det er derfor gledeleg å sjå at vi oppnår resultat som er på linje med andre og større sjukehus, og vel så det, seier Andreassen.
Også klinikkdirektør for kirurgisk klinikk, Kjersti Tollaksen, er nøgd med det dei har fått til.
– Som helseministeren ville ha sagt: «Look to Haugesund»! utbryt Tollaksen, før ho vert meir alvorleg.
– Vi er svært nøgde med at vi no kan utdanne eigne spesialistar innan karkirurgi, det er viktig for å rekruttere til fagområdet og at Helse Fonna ligg så høgt på nasjonale kvalitetsresultat viser at pasientane våre får veldig god behandling i Helse Fonna, slår Tollaksen fast.
