Forandra verden litt og vinn Innovasjonsprisen for det
Meir samanhengande helsetenester for barn og unge på tvers av kommune og spesialisthelsetenesta er ein fantastisk ting å få til. Men er det mogleg?
Det trudde ikkje eit innovativt tospann ved BUP Haugesund i 2016. Med lange ventetider og høg avslagsprosent måtte noko gjerast. Difor gjekk dei like greitt i gong med å skape det beste tilbodet for barn og unge. På tvers av helsetenestene.
Og for det får dei i år Helse Vest sin Innovasjonspris. Vinnarduoen er Ester Marie Stornes Espeset, prosjektleiar og psykologspesialist, og Ingrid Øritsland Våge som er innovasjonsrådgivar i Helse Fonna.
– Dette er stas, er første reaksjon frå Espeset.
– Det har vore ei spennande reise. Mykje har skjedd i samhandlinga lokalt og vi har fått lov til å påverke utviklinga på dette feltet nasjonalt.
– Vi er stolte, seier Våge. Men her er fleire som skal ha takk, legg ho til.
– Prosjektet hadde aldri lykkast utan at leiinga i Helse Fonna trudde på oss og at kommunane såg behovet og gjekk tungt inn i prosjektet.
Helse Fonna-modellen
Ideen deira blei til Barn og unges helseteneste og no har den spreidd seg til fleire stader i landet.
– Mange seier at dei jobbar etter Helse Fonna-modellen for samhandling barn og unge. Altså barn og unges helseteneste, forklarar Espeset.
– At dei ser nytte av modellen er gøy, at alt arbeidet vi har gjort no spreier seg og kunnskap blir delt. Akkurat det har jo vore vår visjon heile vegen, å dele og inspirere. Vi fekk til og med vere med å inspirere planane om helsefellesskapa.
Vegen er faktisk målet
Våge summerer kva dei har skapa slik:
– Vi har laga ein modell for samhandling. Ein framgangsmåte for å skape gode prosessar for å endre tenestetilbodet for barn og unge.
Men det er ikkje eit konkret, ferdig produkt dei presenterer.
– Vegen er målet. Det handlar om prosessen for å få til samhandling i praksis. Samhandlingsforløpa er eit verktøy for å få dette til. Det er komplisert.
Alle klutar til for barn og unge
Kva skjer på denne vegen?
– Brei forankring, involvering av brukarar og fagfolk, jobbe strategisk og systematisk, fordele ansvar og roller, mandatar, finne våre utfordringar og kva vi kan bli betre på, listar Espeset opp. Utan å trekke pusten.
Ho forklarar at prosjekta som lukkast ser på dette som ei langsiktig satsing og sett av ressursar over tid. Prosjekta må vere tungt forankra i helsefellesskapsstrukturen.
– Helse Stavanger hadde første pilotprosjekt. Dei testa ut og vidareutvikla metodikken saman med oss. Helse Vest tok initiativ til eit stort regionalt prosjekt og det blei etablert prosjekt både i Bergen og i Førde.
Basert på både eigne erfaringar og dei som kom frå prosjekta, har dei laga ein guide som skildrar korleis vi skal gå fram for å skape ein god prosess.
Utover eigne grenser
Arbeidet har vakt oppsikt og samhandlingsmodellen er no anbefalt i nasjonale føringar frå Helsedirektoratet.
Møre og Romsdal er første prosjekt utanfor Helse Vest.
– Dei villa ha kopi av prosessen vi hadde gjort i Helse Fonna, og gjere den grundig. Dei har jobba skikkeleg systematisk og har gått breitt til verks. For oss var det første reelle testen på om innovasjonen kunne brukast utanfor vår region, mimrar Espeset.
No er barn og unges helseteneste også under implementering i Helse Sør-Øst der satsinga i Agder er det største prosjektet.
– Dei har kalla den Agder-modellen for barn og unges helseteneste, seier Espeset, men den er basert på vår modell.
Blir vel aldri ferdig
Mykje, skikkeleg mykje, har skjedd dei siste åtte åra. Radarparet manglar ikkje planar for neste fase av barn og unges helseteneste.
– Lokalt skjer det mykje spannande samhandling no. Føringane som kjem handlar om å utvikle tenester på tvers, konkluderer Espeset.
Ho trekk fram Kva no-prosjektet som BUP har starta saman med nokre av kommunane, som eit eksempel på korleis samhandling kan fungere betre i praksis.
– Reell samhandling handlar om at vi løyser oppgåvene saman, følgjer Våge opp.
– Og framleis er det mange oppgåver vi må løyse.
Ferdige er dei, som sagt, ikkje. Framover kjem det mykje meir, lovar innovatørane.