Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Frivillige på Stord sjukehus

Frivilligkorpset på Haugesund sjukehus har vore ein stor suksess. No har dei fått på plass eit slikt tilbod også på Stord sjukehus.

Magne Kydland
Publisert 10.11.2023
Sist oppdatert 13.09.2024
To kvinner i resepsjonsområde
Eli Nøstdal Horn (t.v.) og Tove Kjellevold Grov hadde sine første vakter denne veka som frivillige på Stord sjukehus, og er svært nøgde med tilbakemeldingane dei har fått.

Førebels er det 25 frivillige som fordeler seg utover på vakter kvar onsdag og torsdag frå klokka 10 til 14.  

– Vi startar der, så får vi sjå om vi kan utvide etter kvart, når vi har gjort oss nokre erfaringar, seier administrasjonssekretær Heidi Solvoll, som har planlagt og som administrerer dei frivillige på Stord.

Første og andre dag

Dei frivillige er medlemmer i Røde Kors eller Rebeccalosjen, som sjukehuset har inngått samarbeid med. Vi møtte to av dei, Tove Kjellevold Grov og Eli Nøstdal Horn. Horn hadde si andre vakt, medan Grov var på sin første dag som frivillige, med godt synlege, raude vestar.

– Mange er takknemlege for hjelpa dei får, og så er jo terskelen for å ta kontakt låg, så lenge det står «Spør oss» på vestane. Vi hjelper til med alt frå registrering, til å vise veg til rett avdeling, trille rullestolar og svare på spørsmål. Mange har rett og slett berre behov for å prate litt. Dette er ein kjekk jobb, folk smiler og takkar.

Ein god start

– Det kjendest bra då eg kom heim første dagen. I dag har eg gjort ei god gjerning, tenkte eg, seier Eli Nøstdal Horn.

– Vi er jo pensjonistar, det er kjekt å kunne bruka tida på noko fornuftig, legg Tove Kjellevold Grov til.

Så må ho til teneste og hjelpe nokon til rett stad.