Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Sjølvbetent innsjekk og betaling

Ved poliklinikkane kan du sjølv registrere deg og betale etter timen.

Mobiltelefon

1-2 timar før timen får du ein tekstmelding (SMS). I den er det ei lenke du kan bruke for å registrere at du er kome, og du kan ordne betalinga etter timen via mobiltelefonen. 

Automat

Sjølvbetjeningsautomaten i resepsjonen kan du bruke både til å registrere at du er komen til timen, og registrere deg for å ta blodprøve.

Faktura

Etter timen får du ein tekstmelding (SMS) med lenke der du kan velje om du vil betale med Vipps eller faktura.

Vel du faktura blir det sendt ein e-faktura til deg gebyrfritt. Det blir berre sendt ut papirfaktura til dei pasientane som har reservert seg mot e-faktura i nettbanken.

Resepsjonen

Om du ikkje vil nytte mobiltelefon eller automat kan du betale i resepsjonen ved hovudinngangen på sjukehuset etter timen din.

Vil du vite meir?

Når du har fått tildelt time hos oss, kan du få ulike tekstmeldingar (SMS). Desse kan bli sendt til deg:

  • SMS for innkomstregistrering 1-2 timar før timen din som inneheld ei lenke der du kan registrere deg når du kjem.
  • SMS-kvittering med referansekode etter innkomstregistrering. Dette er referansekoden du ser etter på ventesoneskjermane. Referansekoden vil vere den same i 2 døgn.
  • SMS med informasjon om forseinkingar dersom behandlaren er forsinka.
  • 15 minuttars varsel om å gå til ventesone.
  • SMS-innkalling til behandlingsrom.
  • SMS med betalingsinformasjon.

Du kan registrere at du er komen til sjukehuset via tekstmelding eller på sjølvbeteningsautomaten vår. Om du ønskjer hjelp, kan du spørje i resepsjonen.

Ved registrering kan du velje «Finne fram» og få opp eit kart som viser vegen til rett ventesone. Kartet får du også opp ved å trykke på «Ventesone» på telefonen. Det er også skilting til ventesona.

Når du registrerer deg får du beskjed om kva ventesone du skal gå til. I tillegg får du informasjon om referansekoden din denne dagen.

Registrerer du deg via SMS får du ei lenke som viser oversikt over dagens timar med klokkeslett og ventesone. Registrerer du deg på automat/resepsjon får du ein lapp som viser referansekoden og oversikt over dagens timar.

Referansekoden kan du finne igjen på skjermen på venterommet.

Når status ved referansekoden din endrar seg frå «Vent» til «Gå til», skal du gå til det rommet som er lista opp på skjermen. Denne informasjonen får du så på mobiltelefonen din.

Sist oppdatert 06.12.2024