Helsefellesskapet i Helse Fonna
Helsefellesskapet i Helse Fonna er eit partssamansett samarbeidsutval mellom Helse Fonna HF og dei kommunane som har inngått overordna samarbeidsavtale med tilhøyrande tenesteavtalar.
Her er fire representantar frå kommunane, fire representantar frå Helse Fonna HF og to brukarrepresentantar. Leiar av FOU-eininga har møte- og talerett. I tillegg har HSH ein representant med møte- og talerett som endrar status til reelt medlem i saker som omhandlar FOU-eining for samhandling. Medlemmene vert valde for to år.
Fylkesmannen og KS vert inviterte ved behov og stiller då med møte- og talerett.
Skjema for å melde sak til Samhandlingsutvalet (Word)
Møtedokument
Toppleiarfourm
Toppleiarforumet er eit overordna strategisk og utviklingsorientert utval mellom Helse Fonna HF og kommunane som har inngått samarbeidsavtalane.
I toppleiarforumet sit den øveste politiske og administrative leiinga i kommunane (ordfører og rådmann) og kommunalsjef for helse- og omsorg.
Helseforetaket er representert ved styreleiar og føretaksleiing. I tillegg er medlemmene i Samhandlingsutvalet med i forumet.
Det er to brukarrepresentantar i toppledeiarforumet. Høgskulen Stord/haugesund (HSH), Fylkesmannen og KS har rett til å stille med ein representant kvar. Tillitsvalgte kan møte med to representantar.
Toppleiarforumet gjennomfører årlege møte.
Møtereferat og presentasjonar frå Toppleiarforumet er på fousam.no
Faglege nettverk
Faglege nettverk skal sikre gode pasientforløp på tvers av nivå.
Hovudfokus skal vere fagutvikling, pasientforløp og oppfølging av viktige område i samarbeidsavtalane mellom føretak og kommunane. Nettverket skal óg ha oversikt over fora og kanalar for samarbeid på feltet.
Fagnettverk i Helse Fonna føretaksområde
Kreftomsorg og lindrande behandling/palliasjonEldremedisin/geriatriLæring og mestring (LMS)
Tuberkulosenettverk
Nettverk for barn og unge
Akuttberedskap
IKT Nettverk
Faglig nettverk for folkehelse, helsefremming og forebygging