Det er svært lærerikt å jobbe i sjukehus under studiet, og du tar med deg ei erfaring du ikkje finn andre stader.
Er du sjukepleiarstudent kan du inngå avtale med Helse Fonna HF der du får eit stipend.
Send søknad
Du vil då arbeide minimum ti helger, samt fem veker om sommaren. To av helgene skal inngå i sommarperioden. Stipendet blir utbetalt i månadlege rater.
Skriv i søknaden kva avdeling du helst vil jobbe ved og kva praksisplassar du har hatt i løpet av studietida. Kvalifiserte søkjarar blir tilsett fortløpande.
Velkommen til oss.Vi behandlar søknadar etterkvart som dei kjem inn, så søk allereie no.
Sist oppdatert 26.09.2024