Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Hospitering for tilsette i kommunen

Hospitering er eit godt virkemiddel for å bidra til å sikre pasientar eller brukarar kontinuitet og faglig god kvalitet i tenestetilbodet.

​Det skjer ved at medarbeidarar då får auka kunnskap om kvarandre sitt arbeidsfelt og denne kompetansen bidrar til å betre samhandlinga mellom sjukehus og kommune, eller mellom kommune og kommune.

Kven kan hospitere?

Tilbodet om hospitering gjeld for legar, sjukepleiarar, jordmødre, helse fagarbeidarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar, ernæringsfysiologar, undervisingspersonell, men også andre yrkesgrupper på ulike nivå i organisasjonane.

Kor lenge kan ein hospitere?

Ein hospiteringsperiode er på 1-5 virkedagar, og etter hospitering gjennomfører vi evaluering i etterkant.

Moglegheiter

Det er mogleg å ønske seg ein hospitant til ditt praksissted for å få rettleiing eller opplæring til konkrete oppgåver. 

Hospitering ute i kommunane kan også delast opp mellom fleire kommunar, avhengig av målsetting, og søknadar til dei ulike sender du elektronisk og fortløpande. 

Søk om hospitering

Søknad om hospitering skal sendast elektronisk frå leiar til leiar i samarbeidande organisasjon. Hugs informasjon om ønska hospiteringsstad. 

Send oss e-post med søknad om hospitering

 

Sist oppdatert 11.12.2024