Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Checkware

Gjennom å sende digitale kliniske skjema til deg, kan du sjølv registrere data sjukehuset treng, før, under, eller etter eit behandlingsforløp.

Checkware​

​I Helse Fonna nyttar vi eit system som heiter Checkware. ​

Pålogging for pasientar

​​Slik brukar du Checkware

Korleis logge​​ på

Pasientpålogging med Bank-ID (video)

Pasie​ntpålogging uten Bank-ID (video)

​Etter brotskader

Du har fått behandling for eit brot. Slik følgjer vi deg opp vidare.

Vi sender deg digital oppfølging

Alle pasientar som ha fått same type brot som deg får tilbod om digital oppfølging. Dette er rutine i avdelinga. 

Du vil få ein SMS to veker etter operasjon, og ein ny tre månader etter det. Der er lenkje til eit spørjeskjema. Du vil bedt om å logge inn via bank-ID og svare på spørsmål om korleis du har det etter operasjonen.

Spørjeskjema er spesiallagde og grundig testa. Desse gir oss mest mogleg informasjon om helsetilstanden din etter behandlinga. 

Basert på svara dine vurderer vi om du har eit tilfredsstillande resultat etter behandlinga eller dårlegare resultat enn forventa. Dersom du har eit dårlegare resultat enn forventa blir du kalla inn til poliklinisk kontroll med røntgen.

Kvifor digital oppfølging?

Det er fleire fordeler med digital oppfølging etter brot. Mange pasientar unngår kontrollar dei ikkje treng, og pasientar som har behov for tettare oppfølging kan få det. 

Spørjeskjema gir oss på avdelinga eit betre reiskap til å fange opp pasientar med dårlege forløp og du som pasient får større medverknad. Vi får også betre forståing av korleis forløpet etter brotskadar utviklar seg frå ditt perspektiv som pasient. 

Systemet for digital oppfølging etter brot er ein del av den felles digitale oppfølginga i Helse Vest.

Kontroll på poliklinikk

Uavhengig av om du får digital oppfølging etter brotet, vil kirurgen som opererte deg vurdere om du i tillegg skal til poliklinisk kontroll med røntgen. Dette vil særleg være aktuelt for pasientar med større skader, uvanleg kompliserte brot, eller kor det har vore utfordringar med behandlinga.

Alle pasientar som opplever at dei har behov for poliklinisk kontroll får tilbod om det
ved å kontakte avdelinga på telefonnummer 53 73 26 65. Dette kan du gjere uavhengig av resultatet av den digitale oppfølginga.

Om du ikkje ønskjer eller ikkje kan ha digital oppfølging
Pasientar som ikkje svarer på den digitale oppfølginga, kallast inn til poliklinisk kontroll. Det same gjeld pasientar som ikkje kan få digital oppfølging etter brot. Dette gjeld:

  • Pasientar som ikkje kan lese norsk
  • Pasientar som ikkje kan svare på spørsmål digitalt
  • Pasientar som har reservert seg mot digital kommunikasjon

 

Slik skjer​ oppfølging ved hjelp av digital eigenregistrering​

Du får tilbod om oppfølging ved hjelp av digital eigenregistrering når du har ordinær time på poliklinikk eller ved anna opphald på sjukehuset.  

Det blir sendt ei tekstmelding til deg når du skal svare på spørsmåla i eigenregistreringa. Innlogginga kan skje frå mobiltelefon, nettbrett eller PC. Etter innlogging kjem du direkte til spørsmåla. Når du er ferdig, trykker du «levér» og du vil få ei tilbakemelding som syner resultatet. Når det er tid for ny eigenregistrering får du nytt varsel på SMS.  


Vi rår deg til å sjå filmen under før du gjennomfører eigenregistreringa første gong. Den ​er laga av Helse Førde, som også nytter dette. 


Ønskjer du meir informasjon så kan du ta kontakt med di avdeling på sjukehuset. 

Når du har levert svara dine så blir dei vurderte av helsepersonell. Svara dine gjer at helsepersonell kan tilpasse eventuell vidare oppfølging ein god måte.  

Ta kontakt med di avdeling dersom du ikkje lenger ønskjer å nytte deg av tilbodet om digital eigenregistrering. ​

Sist oppdatert 06.09.2024