Habilitering - Muskelsykdom hos voksne
Vaksne som har hatt muskelsjukdommar sidan dei var barn, kan tilvisast til habiliteringstenesta for vaksne.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen eller spesialisthelsetenesta som tilviser deg til habiliteringstenesta for vaksne (HAVO). Tilvisinga blir vurdert innan 10 dagar.
Før
Før du møter til utgreiing hos oss ber vi om at du tenker gjennom kva du synest er viktig for utviklinga di når det gjeld
- rørsle/motorikk og flytting
- aktivitetane til dagleglivet – slik som eting og påkledning
- pust
- søvn
- skole
- arbeid
- fritidsaktivitetar
Informasjon om utviklingshistoria di er viktig for utgreiinga. Vi vil derfor at ein som kjenner deg godt blir med deg til avtalen. Vi vil også stille deg spørsmål om sjukdommar og tidlegare sjukehusopphald.
Dersom du har hjelpemiddel, ta dei med deg. Eksempel er hjelpemiddel til flytting eller kommunikasjon.
Det kan bli ulike undersøkingar. Ta derfor med shorts og korterma genser.
Under
Møte med HAVO kan gå føre seg på sjukehuset, i kommunen din eller heime hos deg.
Møtet startar med at vi gir deg informasjon om kva som skal skje og kven du møter. Som regel vil du møte fagpersonar med ulik bakgrunn.
Utgreiinga er sett saman av samtalar, observasjonar og undersøkingar. Heile eller delar av utgreiinga kan bli gjennomførte der du bur.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. Habiliteringstenesta for vaksne tilviser deg vidare.
Etter
Du får informasjon om resultata av utgreiinga.
Det er kommunen/bydelen du bur i som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HAVO i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging blir vurdert i samråd i samråd med deg og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Det blir utarbeidd ein rapport som samanfattar utgreiinga. Om det er behov for vidare oppfølging i HAVO, står det i rapporten. Den blir send både til deg og den som har tilvist deg til utgreiinga.
Kontakt
Habilitering
Oppmøtestad
Vi held til i Berg-bygget i Haugesund
- I dag 08:00 - 15:00