Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Habilitering - Arvelige nevromuskulære sykdommer

Pasientar med arvelege nevromuskulære sjukdommar kan tilvisast for medisinsk oppfølging i habiliteringstenesta da det ofte trengst meir spesialisert oppfølging og koordinering av ulike spesialistforløp enn fastlegen kan tilby.

Les meir om arvelege nevromuskulære sjukdommar på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Det er som regel fastlegen eller spesialisthelsetenesta som tilviser deg til avdeling for nevrohabilitering. Både vaksne som har hatt muskelsjukdommar sidan dei var barn, og pasientar der muskelsjukdommen først blir oppdaga i vaksen alder, kan tilvisast til habiliteringstenesta for vaksne. Vi vurderer tilvisinga innan 10 dagar.

Før

Før du møter til utgreiing hos oss er det fint om du tenker gjennom kva utfordringar du har i kvardagen, og korleis dette har utvikla seg over tid. Dette kan for eksempel vere om du strevar med:

  • rørsle/motorikk og flytting
  • aktivitetane til dagleglivet – slik som å ete og å kle på deg
  • pust
  • søvn
  • arbeid
  • fritidsaktivitetar

Informasjon om korleis dette har utvikla seg er viktig for utgreiinga. Vi ønsker derfor at ein som kjenner deg godt blir med deg til avtalen. Vi vil også stille deg spørsmål om sjukdommar og tidlegare sjukehusopphald.

Om du bruker hjelpemiddel jamleg, er det fint om du kan ta dei med deg. Dette kan for eksempel vere hjelpemiddel til flytting, ortosar eller kommunikasjon.

Under

Møte med avdeling for nevrohabilitering skjer som regel på sjukehuset.

Møtet startar med at vi gir deg informasjon om kva som skal skje og kven du møter. Som regel vil du møte lege og/eller fysioterapeut. Av og til er det behov for hjelp frå psykolog, ernæringsfysiolog eller fagkonsulent.

Utgreiinga er sett saman av samtalar, observasjonar og undersøkingar. Undersøkingar kan innebere at du må kle av deg.

I løpet av utgreiinga kan det bli behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. Vi tilviser deg i så fall vidare.

Etter

Du får informasjon om resultata av utgreiinga.

Ofte er det behov for eit langvarig behandlingsforløp i spesialisthelsetenesta, men nokon blir også tilviste med ei avgrensa problemstilling. Når denne er utgreidd og behandling er starta, kan oppfølginga her avsluttast. Det er kommunen eller bydelen du bur i som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. Behovet for oppfølging lokalt blir vurdert i samråd med deg og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.

Vi utarbeider ein skriftleg rapport med informasjon om det som er gjort hos oss og oppfordringar vidare. Om det er behov for vidare oppfølging frå avdeling for nevrohabilitering, står det i rapporten. Den blir send både til deg og den som har vist deg til utgreiinga.

Kontakt

Habilitering

Kontakt Habilitering

Oppmøtestad

Vi held til i Berg-bygget i Haugesund

Longhammarvegen 36
5536 Haugesund
Vi er i andre etasje.
Kontortider
  • I dag 08:00 - 15:00